onsdag 31. juli 2013

27: Dag 12 kl. 09:15 - Avhøyr

          (Samandrag 1-26)
          Det var fredag, den 12 dagen i forteljinga, den dagen som enda så grusomt. Klokka var 09:15
Før dei hadde fått tid til å diskutere mord eller drapstrugsmål svinga ein bil inn på plassen framfor AS Reint & Rimeleg og Max Mekker kom ut, saman med ein mykje tunnare og yngre mann. No gjekk det opp for Linda kor melankolsk han virka. Det var knapt spor av smil i andletet hans då han helste god morgon, heller ikkje då han takka ja til ein kopp kaffi. Han såg seg rundt, som om han ville undersøke om dei hadde endra noko vesentleg der, så sette han auga i Linda.
Du har eigarløyve for pistol? Sa han. 
Ja – det har eg, sa ho. Det har eg hatt lenge.
Kva slag pistol har du?
Ingen. Eg slutta å skyte pistol  for fleire år sidan. Eg selde pistolen. Salet er innrapportert.
Då kjenner du mange pistolskyttarar? 
Tja. Eg kjende.
Det finst mange uregistrerte våpen.
Ja vel.
Var det nytt for deg?
Nei.
Kvifor er du så ordknapp?
Om det er noko du vil ha svar på, så må du stelle meg spørsmål!
Har du uregistrerte våpen?
Nei.
Kvifor ikkje?
Kvifor ikkje? Kva skal eg med det? Og om eg hadde bruk for – kvifor skulle eg fortelje deg at eg gjorde noko ulovleg?
Du meiner jo at du eg truga.
Linda sa ingenting.
Han tok ei pakke opp av veska si, la den på bordet og pakka opp innhaldet. Han såg på Mehmet og spurde om han visste kva det var.
Ja, det er ein Zastave M57, sa Mehmet.
Korleis veit du det?
Det står på han at det er ein M57. Og etter det som står i avisa i dag veit alle her i byen kva det er for noko.
Står det i avisa? Sa Max Mekker.
Avhøyret døydde med det. Det synte seg at dei to politimennene ikkje hadde lese avisa enno – dei fekk ikkje avisene opp til seg før internbodet på Politihuset kom klokka ni om morgonen. Det var ein pensjonert inspektør som kjende alle dei som hadde vore på huset ei tid, så det tok lang tid før han kom til krimmen, og då var dei alt reist ut.
Med så langsamt internbod så kan eg vel ikkje be deg ta med noko til Irene Guri Halvorsen Andersen? Sa Linda.
Kven er det?
Ho er på valdsavdelinga. Det er ho som har saka mi. Eg skulle ha sendt ho ein minnepenn med opptak av eit drapstrugsmål.
Drapstrugsmål? Mot kven?
Mot meg.
Frå kven?
Eg vil tru at det er same mann som tipsar deg om at eg har psykiske helseproblem og pistol – Kent Karlsen.
Kan eg høyre?
Linda sette minnepennen i datamaskinen til Angelique Fuglesang. Snart kom stemma til Kent Karlsen, låg og trugande:
Eg veit kor du bur!
Tru ikkje at du skal få øydelegge meir for meg!
Eg dreper deg om ikkje du held deg vekk!  Og du får skulda!
(Steg – lyd lenger borte) Hei Beauty! Er det greitt at eg legg nokre flygeblad her så folk kan ta? Ja – til deg og, sjølvsagt – det er meg ei ære, ver så god! (lått)
Kven er dette? Kva tid og kor var dette? Max Mekker vart svært interessert. Linda fortalde om kafeen, forsøket på å ta opp talen til Mehmet – og trugsmålet som ho brått fekk inn i øyra. Han ville gjerne ha ein kopi, sa han. Ho sa at han kunne lage seg ein kopi, berre han fekk minnepennen sendt over til Irene Guri Andersen Halvorsen.
Har du lese notatet hennar forresten? Spurde Linda. Då han berre såg uforståande på henne, sa ho: Sist spurde du kvifor eg ikkje hadde fortalt politiet om det eg hadde funne ut. I det notatet står kva eg har fortalt politiet. Men det ser jo ikkje  ut til å vere nokon vits i – de les jo ikkje dei tipsa de får inn. Om ikkje tipsaren har ein fin tittel eller er kjend frå avisa. 
Max Mekker var like uttrykkslaus. Assistenten var nok i lære. Han kunne ikkje lesast han heller – han sa elles ikkje eit einaste ord. Dei sette frå seg koppane, helste og gjekk.
Det er heilt utruleg! Sa Linda. Kent Karlsen freistar å få dei til å mistenkje meg for mordet!
Mehmet såg undrande på henne. Eg er ikkje vand med slike kvinner, sa han. Du har vore pistolskyttar? Kan du skyte med gevær og?
Ja. Eg vart lei av å stå  mellom oppblåste ølmagar i ein kjellar og skyte på blink. Det var mykje meir spanande med jakt. Så eg selde pistolen og kjøpte gevær.
Andejakt? Sa han.
Storviltjakt, sa ho. Elg, hjort. Reinsdyr.