fredag 12. juli 2013

Samandrag avsnitt 1-19

Romanen "Til minne om Linda" fram til no:

Avsnitt 1-8:
          I ein ikkje namngitt by ved ein elveos lever menneska i eit kvardagsmylder. To forteljarrøyster teiknar byen: "Eg"-personen  sit om lag eit år etter hendingane og skriv om dei i fortid. Passasjer 81 er ein anonym bloggar som fortel i notid om kvardagsmenneske i byen slik han (eller ho?) ser dei på  ein buss kvar morgon og ettermiddag.
          Onsdag i den fyrste veka fell botnen ut av økonomien i byen då den største arbeidsplassen – Tekstilkombinatet – går konkurs (avsnitt 6). Uro brer seg mellom dei som er direkte råka, men elles ser folk ut til å halde fram med liva sine som om ingenting særskilt hadde  hendt.
          Fredagen (avsnitt 8) vert heile byen vitne til at den populære radioreporteren Rudolf Steiner finn 13 år gamle Malin Meyer blødande på golvet i den verna verksemda "Cosy Lamps". Ho døyr for open mikrofon. Dei siste orda hennar var ".... har ikkje gjort...."  Det ligg ein pistol på bordet ved sida av henne.
          Den om lag 30 år gamle Linda Dahlin Loe reagerer svært sterkt på det ho høyrer på radioen. Ho har sjølv mista eit barn i ei valdshending, og ho har vore på flukt fra mannen som har truga med at han vil drepe henne og dottera Ingrid.  Saman med kollegaen  Faduumo Awale Samakab går Linda til drapsstaden. På vegen dit kjem det fram at Faduumo og har fått reaktivert traumatiske valdsminner. Dei to kvinnene knytter seg etter kvart nært til kvarandre. Trongen til å vite driv dei inn i eit slags privat etterforskingsarbeid. 

Avsnitt 9-13:
          Fram til avsnitt 8 ser det ut til at dei to forteljarane fortel om ting som ikkje hadde  noko med kvarandre å gjere. Men då Malin døydde, synte det seg snart at ho likna sterkt på karakteren "Lolita" som bloggaren tok til å skrive om  alt i avsnitt 3. Den morgonen då ho vart skoten, skreiv bloggaren at ho var "dødsdømd" og at Bakken skal opne seg og sluke Lolita rett framfor auga våre.”
          Me får berre høyre om ein person som les bloggane, det er bibliotekaren Eva Trotto Moe. Ho ser ikkje noko merkeleg i samantreffet, for  det er litteraturen som er viktig for henne. Ho tykkjer det er interessant når Passasjer 81 skriv om seg sjølv at han vil vere "ein som ser, ein som skjønar seg på folk, som betraktar dei, samlar informasjon om dei og testar dei utan at dei merkar det."   Kva som ellers hender av trivialitet eller kriminalitet har ho ikkje noko med. 
          I avsnitt 12 går Passasjer 81 djupare inn i sin kunstfilosofi, medan avsnitt 13 handlar om Linda, Faduumo og Ingrid sine erfaringar med vald og valdsmenn. Dei diskuterer seg fram til at styrken til menn som meiner dei er i sin rett til å drepe er kombinasjonen av blendande styrke og emne til å vekke omsorgstrong og medkjensle. Dei tre kvinnene bestemmer seg for at det er farlegare å være redd og passiv enn modig og handlande. 

Avsnitt 14-18
          I avsnitt 14 vert Reinhardt Skjetne introdusert. Han er travelt opptatt med å studere ein gamal teori om at "Israels tapte stammar" er stamfedrane til dei kvite europearane, og at det såleis fins belegg i Bibelen for at nordeuropearane er Guds utvalde folk som har rett til å styre over andre. Teksten avslører at han kjem til å bli mordar. 
          Linda rømer frå arbeidet i Sentrumsforeininga då Kent Karlsen dukkar opp der. I avsnitt 15. søker ho nytt arbeid i reingeringsverksemda AS Reint & rimeleg. Utanfor treff ho Mehmet Habini - som også er introdusert tidlegareav bloggaren Passasjer 81. I avsnitt 16 vert det klart at Kent Karlsen no veit om at Linda og Ingrid er komne attende til byen. 
          I avsnitt 17 handlar morgonbloggen om "Mama Harjet" og Mehmet Habini, medan "eg" fortel om Linda sitt fyrste møte med den psykisk utviklingshemma Arnt Helge, der det tydeleg kjem fram at han hugsar drapet på Malin Meyer og at han er god til å kjenne att andlet på bilete. Det er "berre" å finne eit bilete av mordaren - så vil Arnt Helge kunne avsløre han. Linda inviterer Mehmet til å drøfte saka med henne og Faduumo.
         I avsnitt 18 vert det heilt tydeleg at Linda er på den same bussen som Passasjer 81 fortel om, Politikaren "Elvis" og kommunikasjonsrådgjevaren "Lady Raud" diskuterer med "Alvarez" om mordet på Malin Meyer. Dei er sterkt usamde. Om kvelden kjem Faduumo og Mehmet. Ingrid har funne ut at den biologiske faren til Malin ikkje visste om henne. Dei lovar kvarandre å arbeide saman for å finne ut meir om drapet på Malin - og å drive han som drap Linda sin son ut av byen att. 

Avsnitt 19:
          Om torsdagen – den 11. dagen i månaden – vert Angelique Fuglesang, ho som Passasjer 81 har skrive om og kalla ”Mama Harjet” funnen død på arbeidsplassen sin. Linda vert kalla inn til avhøyr der ho vert avkrevd forklaring på kvifor ho gjekk til drapsstaden fyrste gong og kvifor ho hadde tatt arbeid på AS Reint & Rimeleg.  I morgonbloggen den same dagen skriv Passasjer 81: ”Eg veit jo kvifor Mama Harjet ikkje er her”….

Persongalleriet:
          Der er eit stort persongalleri. For å lette på oversynet har eg laga undersider med sitat frå introduseringa av dei ulike karakterane. I PC/Mac og IPad-versjonane finn du peikarar i margen til høgre. Den fell bort i mobilversjonen, difor tek eg dei opp att her (inaktive peikarar viser til karakterar som enno ikkje er introduserte):

Forteljaren - ein betraktar


Passasjer 81 - anonym bloggar

Eva Trotto Moe - bibliotekar

Kent Karlsen - forretningsmann

Rudolf Steiner - journalist

Linda Dahlin Loe - kontorassistent

Faadumo Awale Samakab - kontorass.

Espen Loe - bror til Linda

Ivor Iveland - verktøyforvaltar / bloggar

Irene Guri Andersen Halvorsen - litteraturvitar og politi

Malin Meyer - skuleelev

Ingrid Dahlin Loe - skuleelev

Reinhardt Skjetne - privatforskar / bloggar

Mehmet Habini - reingjeringsarbeidar

Angelique Fuglesang - forretningsdrivande

Mark S. Mekhar - politi

Margrethe Obstaclevic - skuleelev

Sheila Hasina - kontorassistent

Noreen - farmasøyt

Liana - musikar

Olave Mario de la Polvora - morsmålslærar

Carmen - reingjeringsarbeidar, kona til Olave


Nye avsnitt måndag,  onsdag og fredag.  





Tilbakemeldingar: 



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar