fredag 27. september 2013

52: Dag 12 kl 18:30 - Torgmøte 2

Mark S. Mekhar var ein slags brite. Han hadde vakse opp i Brighton, mest i bakgarden attom foreldra sin butikk. Dei handla med mat, video og nips, og dei var veldig oppsette på at han skulle konsentrere seg om skulearbeid og ikkje renne så mykje ute med dei andre gutane i gata. Det heldt lenge, men då han var 18 år gamal, endra livet hans seg bokstaveleg talt med eit smell. Han gjekk langs stranda og snakka om framtida med den beste barndomsvenen sin, Ramanlal Patel heitte han, dei var sterkt usamde. Ramon meinte at verda ikkje endrar seg, at alt som hender er repetisjonar av slikt som har hendt før, og at alle må finne sin plass i det store universelle systemet eller tidshjulet som berre går og går. Slik hadde tankegangen til Max og vore, men alt som hende i verda – ikkje minst i samband med ein langvarig kolgruvestreik nord i landet – hadde fått han til å sette spørjeteikn både med livshjul og repetisjonar. Han hadde ei kjensle av at der var to veldige, men jamsterke krefter i verda som hadde teke til å gnure mot kvarandre slik at det ikkje ville vere mogleg å halde fram som før. Noko måtte hende. Ei av kreftene måtte gleppe, kollapse, falle, og den andre måtte sigre. Det kunne ikkje jenkast, det kunne ikkje halde fram, det måtte kome noko nytt – og det måtte kome brått.
Dei hadde stogga. Ramon stod med blikkretning mot havet. Det var mørkt, det var midt på natta, han hadde det uendelege og det konturlause og det evig bylgjande rett framfor seg. Max stod med blikkretning mot byen, mot den aldri kvilande Kings Road og det opplyste Grand Hotel. Og brått datt midtpartiet av hotellet saman. Det kollapsa i ei sky av røyk, mest utan ein lyd. Etterpå var det dødsstilt. Ramon stoppa talestraumen og såg undrande på Max, så snudde han seg og sa: Jøss – kva var det som hende?
Det var tida som snudde, sa Max.
Korleis eit hotellattentat i 1984 hadde gjort han til politimann, er ikkje så enkelt å forklare kort. Heller ikkje korleis det fekk han til å ende i byen her. Men slik var det no. Han snakka mest utan aksent, han hadde dette uttrykkslause andletet og han såg hjelpelaus ut når han gjekk. Det var dei nyttigaste verktøya hans, desse ubehjelpelege trekka ved utsjånaden som berre fekk folk til å trekkje på skuldrene av han.
Han stod på Kulturtorget etter samtalen med Eva Trotto Moe og såg på snøen. Han såg på ei underleg forsamling som drog seg saman på den andre sida av torget, klumpete damer med skaut og skjerf, ungjenter som mest likna gateprostituerte og ein og annan mann i skinnjakke som stod og røykte og signaliserte til heile verda at det ikkje var dei som styrte her, dei var berre med. Han såg på røykarane utanfor puben som stod og snakka høgt med kvarandre, som lo og slengde skjellsord til kvarandre, på gap eller på alvor, det var ikkje godt å seie.
Han tenkte på Passasjer 81 og at det ikkje kunne seiast å vere ulovleg det han dreiv med. Det var kan hende der nøkkelen låg?
Han studerte fontena midt på torget og tenkte ei stund på kor godt dei hadde undersøkt, dei som hadde sett etter ein pistol der om føremiddagen.
Dameflokken sette seg i rørsle. I spissen gjekk flokken med småjenter – og aller fyrst ei geskjeftig dame i fjellanorakk. Ho var kolsvart. Mekhar gjekk sakte mot puben. Ingen såg han då han gjekk gjennom gruppa av røykarar. Han forstod så pass på praten mellom dei at det var oppsagte folk frå Tekstilen. Dei høyrdest ut til å ha vore der i mange timar alt.
Det var fullt der inne. Han stod lenge i køen rundt baren før han fekk seg ein halvliter. Så stilte han seg inn til veggen og såg. Det er ikkje kultur for å gje plass ved bordet til folk som står, i byen her. Og her er ikkje kultur for at edrue folk berre tek seg ein plass heller. Så han stod framleis då Karina Burane kom inn døra, klappa i hendene og ropte ut:
Hallo! Kan eg få litt merksemd? Hallo!
Det tok si tid. Det kom lystige – eller kanskje heller vellystige – tilrop. Somme hysja.
Det gjeld ei alvorleg sak! ropte Karina Burane. Fleire hysja.
Det har vore ei bortføring, sa ho. To muslimar har kidnappa eit barn. Politiet vil ikkje gjere noko med det!
Høyr! Høyr! ropte ei røyst. Hysjinga vart hardhendt mot dei som enno ikkje hadde fått med seg kva som føregjekk.
Det er dottera til han som har stilt seg i spissen for å forsvare byen her, som er teken!
Fy faen! Det går ikkje an! ropte ei røyst.
Går det an å finne seg i slikt? ropte Karina Burane.
Nei! Det går ikkje an! Det går faen ikkje an! Kor er dei?
Dei er på veg til byen. Og ingen vil tru korleis dei er på veg!
Korleis er dei på veg? Me dreg og stoggar dei! Ingen skal få øydeleggje denne byen!
Dei er på veg i ein politibil! For politiet vil ikkje hjelpe faren til å få dottera fri – dei hjelper i staden kidnapparane!
No reiste Ivor Iveland seg. Han hadde heller ikkje så kraftig røyst, men den bar betre enn Karina si.
Kva var det eg sa? ropte han. Dei er på parti! Dei er kjøpte og betalte! Men no har dei gått over streken! Kven er du, dame? Kva vil du me skal gjere?
Eg heiter Karina Burane. Eg er prosjektleiar i Sentrumsforeininga. Det var me som lagsa til Torgmøtet på torsdag – då me fekk synt Riksmedia at denne byen ikkje lèt seg splitte. No treng med folk på Torget att – rett utanfor her. Me lagar til eit spontant folkemøte for å krevje at politiet gjer arbeidet sitt! Fjernsynet kjem!
Det gjer me òg! sa ein kar. Han hadde ei veldig buldrande røyst, alle kunne høyre han.
Kva er det, Loco? ropte folk som ikkje hadde høyrt.
Muslimane har kidnappa eit barn! Og no skal me hente det attende! Brølte mannen med buldrerøysta. Kom igjen! ropte Ivor Iveland. Fleire av dei næraste reiste seg like oppglødde og toga mot døra. Andre drakk ut og sa at dei måtte ut og sjå kva dette var. Endå fleire kom etter for å sjå kor alle gjekk. Mark S. Mekhar stod ved veggen og lurte på om han skulle ringje vaktsjefen og orientere om kva som hende.
Mekhar kjende jo ikkje Ivor Iveland, så han visste verken kven det var, eller kva han stod for, då Iveland brått kom inn att og ropte:
Espen! Du er jo onkelen til ho som er kidnappa!
Bordet der Espen Loe, Sorry Sarto og Begge sat, var framleis tettpakka. Dei var i djup samtale og hadde ikkje brydd seg med skrikinga ved baren. Dei var ganske segne òg. Det hadde vorte ganske mange halvlitrar som dei berre hadde teke seg før dei skulle gå heim.
Kva du masar om no? sa Espen.
Onkelungen din er vorten kidnappa av to muslimar!
Pøh – det trur eg ikkje på.
Antakeleg er det ei hemn. Du stod opp mot dei før i dag – no har dei teke onkelungen din.
Gå heim med fantasiane dine, Napoleon! Kven er det du snakkar om?
Ingrid Dahlin Loe! Dottera til syster di! Muslimane har teke henne! Kom!
Espen Loe hadde eit underleg uttrykk i andletet. Han gjorde ikkje ei mine til å ville reise seg, men trekte langsamt opp telefonen sin, slo eit nummer og snudde ryggen til Ivor Iveland.
Denne rista på hovudet og gjekk ut att.
Mark S. Mekhar sette frå seg den nesten urørte halvliteren og fylgde med. Utanfor dreiv ho som hadde oppmoda folk til å kome ut frå puben, med å dirigere folk slik at dei stod i biletfeltet for kameraet som var stilt opp. Ei dame i raudt hjelpte til – ho fekk dei fullaste til å stille seg lengst bak. Ein av dei som hadde stått i baren og snakka med Ivor Iveland heile kvelden, stilte seg ved sida av fjernsynsfotografen med mobiltelefonen sin.
Til bloggen min, sa han. Eg sender direkte!
Å, sa fjernsynsfotografen surt.
Kent Karlsen kom over plassen. Radioreporter Rudolf Steiner småsprang ved sida hans. Han hadde sendaren på ryggen og mikrofon i handa, han snakka heile tida.
Det skal kanskje ikkje vere meg som skal tale i kveld! sa Kent Karlsen då han kom fram til organisatorane. For no er det eg sjølv som treng hjelp!
Rudolf Steiner sprang rundt med mikrofonen etter kvart som folk tok ordet på plassen framfor talarstolen.
Kven skulle tale om ikkje du? sa Ivor Iveland. Det er jo du som har avslørt den store samansverjinga mot byen her. Og det er difor dei har råka deg! Dei siktar der dei trur det sårar mest! Han lente seg over mot mikrofonen til Rudolf Steiner og nærast ropte: Men – kjære vener – kjenner byen her veikskap?
Nei! ropte dei to venene til Ivor Iveland. Og mannen med buldrerøysta nikka godsleg og sa nei, nei. Å nei.
Skulestyrepolitkaren kjem, sa Karina Burane. Han lyt òg få tale.
Men fortel oss no nøyaktig kva som har hendt! sa Ivor Iveland.
Det er nok akkurat slik som du seier: Dei freistar å råke dei som er leiarar i byen si krisetid, sa Kent Karlsen. Han snakka òg med så høg røyst at alle som var komne – og alle som hadde radioen på – kunne høyre. Dei trur at dei kan truge oss til togn! sa han. For kort tid sidan fekk eg høyre at to ukjende menn – to utlendingar – har teke dotter mi! Dei har truga bestemor hennar – det vart til og med skote inne i huset hennar!
Kven var det? ropte Ivor Iveland.
Eg veit ikkje kven dei var – men eg veit at dei hadde bilen til han som vart lagt i bakken av politiet ved moskeen i dag!
Sjølvmordsbombaren? Han som politiet berre slepte laus att? ropte Ivor Iveland.
Eg vil ikkje kritisere politiet. Men det er ikkje lett å forstå korleis dei tenkjer og handlar, sa Kent Karlsen. Og så heldt han fram med det vanlege, det med byen her sine særmerke og alle kreftene som stod imot byen, og dette med at alle kan tenkje seg kva og kvifor – og at no hadde byen endå ein gong synt samhaldet.
Mark S. Mekhar hadde ikkje interesse eller sans for politikk..Han forstod jo at posisjonane på ein eller annan måte var bytte om i den samværskonflikten som Irene Guri Andersen Halvorsen hadde vore så engasjert i, og at Kent Karlsen no drista seg til eit høgt spel der han gjorde seg sjølv til eit offer for bortføring. Kva hensikt han hadde med dette og kva det kunne føre til, låg utanfor den eller dei linjene som opptok Mark S. Mekhar, difor slutta han å fylgje med på talen. Han visste jo at det ukjende sjeldan ligg i den retninga der alle andre har merksemda si, så han gjekk inn att i puben. Han pressa seg forbi Espen Loe i døra.
Espen Loe gjekk til sist likevel ut for å sjå kor alle var vortne av. Han tok lydig plass bakarst, men fylgde ikkje med i det som gjekk føre seg. Han sokk inn i eigne tankar. Han var ein mann i djup sorg der han stod, ikkje over onkelungen sin, og absolutt ikkje over den tidlegare svogeren, men over nedkjølinga av røyrsystema for stim, fargeløysingar, varmt og kaldt vatn, trykkluft og vakuum på Tekstilkombinatet. Han hadde snakka med Berre om dette, dei hadde halde rundt kvarandre og grine litt. Dei var samde om at dette var verre enn å verte skilde. Og så hadde dei ledd og skåla, for kompliserte røyrgater og ventilar og bend og buffertankar og overgangar meistra dei så dei kunne kjenne på seg når noko var gale – men kvinnfolk hadde dei ikkje fått til. Ingen av dei hadde kome så langt at dei hadde hatt nokon å skilje seg frå. Og berre Berre hadde born og bidragsplikt.
Dei var fødde inn i Tekstilen. Sidan dei var smågutar hadde dei høyrt om formenn og formlar, inspektørar og tullete regelverk, rutinar og rettar. Dei hadde segla inn på sumarjobbar frå dei var fjorten, og dei hadde aldri sett føre seg anna enn at dei skulle inn der i fast jobb så fort dei var ferdige med militæret – og så skulle dei verte verande der til dei fekk pensjon. Dei hadde gått røyrleggjarlære båe to, dei hadde begynt i kvar si avdeling, men etter kvart som standardisert utstyr hadde teke over for det handlagsa, var dei vortne omorganiserte igjen og igjen og til sist var dei eitt lag med ansvar for kvar einaste røyrstump og ventil på heile Kombinatet. Og dei kunne alt, båe to. Dei hadde ikkje bruk for ein einaste teikning nokon stad.
Det er som ein lækjar og blodårene, sa Berre.
Dei der sikringsvaktene – dei der matrosdresskonfirmantane – dei bles vel ikkje ut kondensutskiljarane ein gong! sa Espen. Og så midt på vinteren! Alt kjem til å gå i stå.
Det eg kjem til å sakne mest, det er å ha nokon å snakke med, sa Berre.
Ka faen – du har jo meg?
Du blir vekke. Du får deg ein annan jobb, du lærer deg noko anna, eller så får du deg kvinnfolk. Eller så gløymer du. Fyrst kompressorane. Dei har du jo aldri lært deg skikkeleg ein gong. Så gløymer du kor trykklufta går. Så gløymer du det eine etter det andre – og så har ikkje me heller noko å tale om!
Dei stod slik og svaia og heldt rundt kvarandre då Eva Trotto Moe kom attende til Torget. Ho vart ståande ved sida av dei og lyde. Ein underleg tanke kom ingen stader ifrå og slo ned i henne:
Enn om det hadde vore henne? Enn om det hadde vore Litteraturen som brått hadde vorte stengt av? Enn om innleigde sikringsvakter ein dag – utan førevarsel – hadde låst av alle bibliotek og bokhandlar, sett ut vakter ved alle pc-ar og sendt forfattarane av garde til avhøyr under mistanke om økonomisk utruskap?
Eg veit ikkje om eg kan tenkje meg å ta til med å gå rundt i husa til folk, sa Espen og herma etter tenkte privatkundar: «Oj – de må kome med ein gong – dassen er tett! – Og krana dryp, eg får ikkje sove … – Ka? Ein heil times arbeid – berre for ei lita kran?»
Konfirmasjonssongar, tenkte Eva Trotto Moe, og fraus på ryggen. Tenk om ho skulle få melding ein dag om at frå no hadde ho berre lov å hjelpe folk med rimord til offentleg godkjende familiefeiringar:
Tra lala – i dag,
dum dedum – til fest,
hop sasa – i lag,
tam taram – og gjest.

Endeleg dunka Karina Burane i mikrofonen og sa: Hallo? Ho bles to gonger, og sa: Ja han verkar. Så ynskte ho folk velkomne til eit nytt spontant folkemøte, arrangert av Sentrumsforeininga. Det var utfordrande tider for byen her, sa ho, og ho var glad for å kunne gje ordet til ein av dei som hadde teke ansvar og ville styre gjennom vanskane. Så gav ho ordet til skulestyrepolitikaren.
Han gjekk ledig og lett fram til mikrofonen. Han hadde slips og ein elegant frakk. Kommunikasjonsrådgjevaren stod berre halvannan meter frå han og smilte svakt.
Når det tårnar seg opp, kan det vere vanskeleg å halde oversikt! sa han. Ei katastrofe råka byen då Tekstilen vart slått konkurs. To meiningslause drap fylgde på, og det vart uro rundt moskeen. Det sit nokon der ute ein stad og gnir seg i hendene! Men byen har noko som gjer oss sterkare enn alle motstandarar: Me har samhald! Her vert ingen overlatne til seg sjølve når ulukka råkar! No freistar dei å råke oss der me alle er sårast – borna våre! Men det er òg nett der samhaldet er sterkast: I byen her skal ingen kunne bortføre born! To kvinner frå heilt ulike leirar her laga eit nettforum: «Nei til bortføring av born!» Og resultata lét ikkje vente på seg: Naboane der bortføringa hende, rykka ut og fekk stoppa kidnapparane. Slik er byen her! Slik skal me takle urostiftarar, valdsmenn og konkursar – slik skal me tilbakevise alle som set ut vondord om byen her!
Folk klappa ikkje spesielt entusiastisk. Men dei fylgde oppmodinga om å verte ståande i biletfeltet medan Riksmedia intervjua skulestyrepolitikaren og Kent Karlsen.
Heile torgmøtet tok ikkje meir enn ein halvtimes tid. Då fotografen frå Riksmedia slo av lyskastaren sin, gjekk alt i oppløysing Karina Burane og kommunikasjonsrådgjevaren gjekk rett ned att til skjermane sine. Ingen av dei hadde nokon gong sett ein slik trafikk. Det var kome inn hundrevis av nye innlegg, bilete og videoar. Talen til skulestyrepolitikaren hadde gått direkte på nett. Nokon hadde òg stått ved sida av teamet frå Riksmedia og filma heile situasjonen der dei intervjua politikaren og Kent Karlsen – når det redigerte intervjuet seinare kom på lufta i Riksmedia, ville folk i byen her vere meir interesserte i kva redaksjonen hadde klipt bort, enn kva dei hadde teke med
Dette var framifrå kommunikasjonsarbeid. Rådgjevaren kunne ikkje anna enn å seie seg samd med Karina og Kent om at det hadde vore nærmast ein genistrek å slå saman dei to nettsidene. Ho problematiserte ikkje det tvilsame i å gjere Sentrumsforeininga til part i noko som i botn og grunn var ein heilt vanleg samværskonflikt, i staden hadde ho berre sett fokus ein annan stad. Det generelle i slagordet «Nei til bortføring av born» hadde same effekt som det å peike ut «krefter utanfrå» som berarane av trugsmåla mot byen her. Alle var mot bortføring av born og vonde krefter utanfrå. Slik skapte ein samhald! Kunden var nøgd. Rådgjevaren var sjølv nøgd. Ho lagra skjermutskrifter for å kunne bruke dei i seinare marknadsføring. Ein kunne heller ikkje sjå bort frå at utskriftene òg kunne verte interessante for forskarar. Dei kunne snart seie seg nøgde og ta kvelden. Det var fredag.
Mellom dei som framleis stod på Torget, var Espen Loe. Han snakka i telefonen med systera si.
Så Ingrid er hos deg? sa han, og hum-inga og ha-inga etterpå synte tydeleg at han vart roa ned. Så no er de på veg heim? sa han, og ny hum-ing og ha-ing fylgde. Eg får mest lyst til å gje Kent ein på trynet, sa han. Lydane etterpå endra farge, så det var tydeleg at han vart motsagt. Nei, nei – eg skal halde meg her i ro. Han står no her og sutrar. Fy faen som den mannen kan få folk til å tykkje synd om seg!
Litt seinare, då Ivor Iveland gjekk framom, ropte Espen Loe:
Du – Napoleon – Det er berre tull det du fær med! Jentungen er med mor si, på veg heim!
Han hadde nok ikkje sagt det om han hadde visst konsekvensane – eller om han hadde forstått dei kreftene som var i sving denne kvelden. Han brydde seg ikkje om at Ivor Iveland gjekk rett bort til Kent Karlsen, eller at denne greip til telefonen sin og gjekk ut av forsamlinga på torget.
Nede i kjellaren var kommunikasjonsrådgjevaren og Karina så opptekne med å sikre seg utskrifter av alle innlegga og å telje dei, at dei ikkje tok seg tid til å lese kva folk faktisk skreiv.
Dei fekk så vidt med seg den opprørte røysta til Kent Karlsen då han kom inn: Kva seier du Aslak? Har dei reist? Og du gjorde ingenting?  Men dei fekk ikkje med seg den rekka av spørsmål og halve svar som ganske fort vart til forteljinga om ein blodig massakre som skulle ha vore ute på Dalsli Berg. Det vart ymta om det på ”Nei til bortføring av born”. Men på ”Rein by” sto det lenge den kvelden i klartekst at muslimske terroristar fyrst hadde slakta ned den åtti år gamle bestemora til det bortførte barnet, og deretter alle bøndene i bygda då dei hadde freista redde henne. Så hadde dei teke ei politikvinne til gissel og truga seg fram til fritt leide. Og no var dei på veg inn att mot byen i ein uniformert politibil – utan at politiet sjølve ville gjere anna enn å vente på ei nemnd som skulle ha møte i neste veke.
Dei to travle damene fekk heller ikkje med seg spørsmålet frå Sheila Hasina. Ho skreiv på ”Nei til bortføring av born” at ho kom med ein buss full av folk for å hente ut den bortførte. Me har dårleg nett og får ikkje med oss alt som vert meldt, skreiv ho: Kor finn me dei? Kor kan me hente Ingrid?

Og dei fekk ikkje med seg svaret frå Teuton: At kidnapparane skulle stansast ved fotballbanen eit par kilometer utanfor bygrensa. Der skulle slaget stå! 


Neste avsnitt måndag 30/9
Nye avsnitt kvar måndag, onsdag og fredag 
Snarveg til start: http://start.bloggforteljing.no



Boka kjem i sal i november - kan tingast no hos bjorn@enes.no

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar