onsdag 2. oktober 2013

54: Dag 12 kl 20 - Pogromen

Slik var det duka for den hendinga som eg har grua mest til å gjenfortelje av alt det som hende denne fryktelege dagen. Det eg byggjer på, er fyrst og fremst det som Eva Trotto Moe har fortalt, og det som kom fram i avhøyra og rettssaka etterpå.
Eva hadde ikkje sett Mark S. Mekhar under torgmøtet. Ikkje såg ho andre kjende heller. Ho reflekterte ikkje over om ho skulle fylgje dei høgrøysta mannfolka som stavra seg attende til puben då alt var over. Så ho visste ikkje kva ho skulle gjere. Ho dreiv langsamt bortover mot Teateret att.
Der såg ho Reinhardt Skjetne. Han såg ikkje uvanleg ut på noko som helst vis, han såg ut som eit heilt vanleg teaterpublikum. Han gjekk for seg sjølv, han var seint ute om han skulle på førestillinga, andre som skulle dit var alt komne og hadde hengt frå seg i garderoben. Dei stod tett i tett og snakka med kjende og nikka med mindre kjende. Ho visste jo dette sjølv om ho stod utanfor, for ho var sjølv ein av dei faste brukarane av teateret. Ho høyrde stemmeduren innanfrå då han opna døra og gjekk inn.
Ho fylgde etter. Folk helste på henne og ville bort å snakke med ein gong ho kom innanfor, men ho berre vinka og strekte hals for å sjå etter han. Han var gått bort til billettluka. Det var ingen kø der, folk stod med ryggen til og snakka, han måtte presse seg inn attom dei for å kunne bøye seg inn. Han snakka ei stund, retta seg, bøygde seg med eit nytt spørsmål og retta seg att. Eva gjekk attom ei søyle då ho såg at han lét auga gli over alle andleta i foajeen. Då ho såg fram att, hadde han på ny bøygd seg ned og snakka inn i luka.  
Ein fjern kjenning kom bort til henne og spurde etter hennar meining om kvifor ikkje førestillinga hadde provosert nokon. Ikkje dogmatiske kristne, ikkje ortodokse jødar, ikkje fundamentalistiske muslimar?
Eg er litt oppteken, sa Eva.
Dette opptek meg òg, sa kjenningen. Eg lurar på om det berre er at dei ikkje bryr seg om kva som hender i Teateret?
Ho såg framom søyla att. Ho såg ikkje Skjetne nokon stad.
Orsak meg, sa ho.
Eg er eit tolerant menneske, sa han. Eg brukar å lese den muslimske avisa. Ja – eg blar i alle høve gjennom henne kvar veke. Eg har ikkje sett nokon omtale …
Ho smilte og gjekk, ho strauk liksom gjennom lokalet, ho såg han ikkje nokon stad. Ho gjekk liksom tilfeldig bort til billettluka. Det sat to kvinner der inne og talte saman.
Hei, sa ho. Kva ville han som nett var her?
Kven? sa den eine.
Hei! sa den andre. Han ville ha billett.
Fekk han?
Men det har vore utselt ein månad – og dei uhenta til i dag er òg gått. Han kunne fått i neste veke, men det ville han ikkje.
Ville han noko anna?
Kvifor spør du? Er det noko gale med han?
Eg veit ikkje. Eg er litt uroleg.
Han spurde om han kunne treffe skodespelaren.
Kunne han det?
Eg sa at eg kunne spørje han etter framsyninga. Ikkje no. No konsentrerer han seg.
Kvifor spør du så veldig? spurde den andre. Kven er du?
Det er jo biblioteksjefen! sa den fyrste der inne. Ser du ikkje det?
Å – er det biblioteksjefen? Det såg eg ikkje. Hei, hei! Ja, då er det jo noko anna.
Kor gjekk han?
Eg veit ikkje. Han skulle kome attende sa han, etterpå.
Kan han finne fram til skodespelaren no? Eg meiner – er dørene opne? Eg er redd han kan vere litt – forvirra …
Brått kopla ho: «Den fjerde pistolen». Ho såg Reinhardt Skjetne føre seg der han gjekk fram og tilbake attom fontena på torget. Ho hugsa Passasjer 81 som skreiv at han la den tredje pistolen ved moskeen og den fjerde ved fontena på Kulturtorget.
Eg skal ringje politiet, sa ho. Eg veit ikkje – men eg er uroleg. Eg fann ein lapp etter han på biblioteket. Der stod noko om tre skot i brystregionen til skodespelaren.
Jesus! sa den eine der inne.
Kva seier du? sa den andre. Kom inn! Me må få tak i sikringsvakta!
Men akkurat då ringde det for at publikum skulle gå inn i salen. Den eine billettlukedama ropte inn i ein walkie talkie:
Vent med å sleppe folk inn – der er ein mogleg attentatmann mellom publikum. Me kjem opp for å identifisere!
Det var ikkje lett. Publikum trykte på, alt hadde stoppa opp, dei fekk irriterte tilrop av å presse seg gjennom. Folk likte ikkje køsnikarar.
Du kjenner han best – me såg han berre så vidt. Du tek den eine inngangen – me tek den andre! sa den handlekraftige dama.
Slik vart Eva Trotto Moe ståande som ekstra dørvakt i Teateret. Ho studerte flaumen av andlet som gjekk framom. Ingen Reinhardt Skjetne kom. Dei andre to hadde bede to menn om å vente, men dei var så samarbeidsviljuge at ingen hadde tru på at dei kunne vere attentatmenn, dei likna heller ikkje på Skjetne.
Sikringsvakta fekk ei kort utgreiing om Eva si uro. Han ville ikkje la førestillinga gå før han hadde rådført seg med politiet, sa han.
Eva ringde 112. Ingen tok telefonen.
Sikringsvakta ringde eit hemmeleg direktenummer som han hadde. Ingen tok den heller.
Det er ikkje så uvanleg om dei har det travelt, sa han. Det er fredag.
Eg må gå! sa Eva. Om det er som eg fryktar, har han planlagt to drap – eg må åtvare den andre. Han kan ha gått dit – for å kome attende hit etterpå!
Sikringsvakta protesterte, men Eva gjekk.
Ho hadde ikkje telefonnummeret til Mehmet Habini. Ho visste berre at ho hadde forklart adressa til AS Reint & Rimeleg. Var Professor Habini der, kunne han vere i livsfare.
Reinhardt Skjetne forklarte at han hadde vore svært skuffa i Teateret. Han hadde ikkje venta at så mykje folk hadde kome for å høyre på den gudlause førestillinga. Det bekrefta jo kor langt det var kome, kor viktig det var å få stoppa dette forfallet. Så hadde han vore skuffa over at det ikkje var lagt att ein billett til han. Heilt til det sakte hadde gått opp for han at det sjølvsagt måtte vere slik planen var. Det ville jo ikkje vore mogleg å gjere det i den rekkjefylgja han fyrst hadde tenkt. Hadde han fått plass på fyrste rad slik han fyrst trudde, så kunne han nok få skote skodespelaren, men han kunne ikkje ha rekna med å få gjere noko meir. Det var Gud sjølv som hadde gjort det slik at han måtte ta professoren fyrst, og så kunne han kome tilbake til skodespelaren sin garderobe.
Så han hadde ikkje gjort noko forsøk på å kome inn i teatersalen. I staden hadde han gått ned på kaiområdet. Han hadde gått heilt ut i mørkret på ein opplagsplass for båtar. Ved kaikanten der hadde han funne ein lyktestolpe med eit falma oppslag om køyretider for krana i september. Han hadde stega opp ti meter, losna sikringa, sikta på lappen med pistolen i høgre hand og skote det eine prøveskotet som han hadde planlagt. Våpenet hadde slått mykje hardare tilbake enn han hadde hugsa frå militæret, og han hadde bomma totalt.
Han sa i retten at det hadde vore eit varsel både til Gud og til han sjølv om at han skaut dårleg. Men han hadde nok trudd at Gud ville løyse det på eit vis.
Derifrå hadde han teke til å gå oppover mot reingjeringsbyrået. Det var folketomt i gatene der. Av og til kunne han høyre ein bil inne i labyrinten av små gater og smaug. Her og der var det lys som synte at folk var i arbeid. Men stort sett var der folketomt og stille. Det hadde passa han fint.
Han fann fram til AS Reint & Rimeleg og stod ei stund i skuggen på den andre sida av gata og såg. Ein einsleg lyktestolpe hadde lagt ein matt ring utover ein parkeringsplass med fire bilar, alle med dei to R-ane i firmanamnet. I utkanten av lyset hadde han sett ein stengd garasjeport og ei grøn dør. Det hadde vore lys innanfor den grøne døra, men ikkje ein lyd å høyre.
Han hadde losna sikringa att og løfta pistolen med begge hendene og sikta mot den grøne døra. Hjartet hadde slått hardt. Han hadde aldri skadd noko menneske før dette, hadde aldri sett føre seg at han skulle kome til å gjere det heller. Han hadde hatt vondt i magen. Han hadde vore pissetrengd òg. Han hadde gått rundt hjørnet på huset han stod ved, knept opp buksa og freista sleppe ut det som trykte på. Men det hadde ikkje kome noko. Han knepte saman att, kjende eit ubehag over ikkje å få vaske seg, tok om pistolen og gjekk sakte over plassen fram til den grøne døra. Hjartet slo slik at han tenkte alle måtte høyre det på lang veg.
Han tok i dørklinka og trykte ned. Døra var låst.
Han banka på, fyrst med fingeren på døra, så med neven på døra, så med fingeren att, på vindauget i døra. Hallo? sa han. Doktor Habini?
Han høyrde ein lyd ved veggen til høgre for seg, inne i skuggen der. Han såg ei rørsle.
Hallo? sa han.
Hjelp meg! sa ei tunn røyst.
Ein kropp låg på asfalten. Den freista reise seg opp. Det var ein kvinnekropp. Eg er … sa den tunne røysta.
Reinhardt Skjetne sine hjarteslag var brått vortne lydlause. Mageverken var som stroken av han. Han tok om pistolen med begge hender og gjekk seint bort til kroppen som strevde med å løfte hovudet.
Det var eit negerkvinnfolk, sa han i retten. Eit vrak frå eit degenerert folkeslag. Om ho var full eller sjuk eller skadd kunne vere det same – dette var Gud sin måte å hjelpe han med nervane og skytetreninga på. Eit såre enkelt mål, både teknisk og psykisk.
Beinet … sa ho. Brekt, trur eg …
Du er utvald av Gud! sa han. Han lyfta pistolen og sikta på det mørke hovudet hennar. Det kvite i auga hennar lyste mot han, elles gjekk hovudet i eitt med mørkret rundt.
Kva skal du? sa ho.
Han trekte av. Smellet denne gongen var endå meir overraskande enn nede mellom dei presenningdekte båtane. Her slo lyden attende frå veggar og murar rundt han på alle kantar. Noko spruta frå hovudet, det rykte bakover, så fall det ned framfor han.
Frå då av kjende han seg iskald, sa han i retten. Hjartet slo ikkje lenger, han kjende ingenting, berre ei slags indre glede. Han høyrde eit rop nede i gata, høyrde at nokon kom springande. Han sette på sikringa på pistolen og gjekk langsamt inn i skuggane på den andre sida av gata att.
Nokon kom springande. Ei kvinnestemme ropte: Hallo? Kva hende? Hallo? Professor Habini?
Før ho kom fram til lyskjegla på parkeringsplassen, stod han usynleg i ein nisje i muren på den andre sida. Han såg forundra at det var sjefsbibliotekaren som kom. Ho sprang mot den grøne døra. Halvvegs over plassen vart ho var bylten i utkanten av lyset.
Nei! ropte ho. Habini!
Ho sprang bort til kroppen, bøygde seg ned, kjende. Nei! sa ho. Hallo! sa ho. Kan De høyre meg? Hallo? Kva heiter De?
Ein bil stogga ved hjørnet. Deler av nisjen der Reinhardt Skjetne stod, var opplyst, men der var enno skugge nok som han kunne trekkje seg inn i. Det høyrdest leande røyster, kvinner, menn, eit barn. Ei kvinnerøyst sa: Ta ein kaffikopp, bestill ein pizza. Så skal eg finne ut kva tid de kan reise heim.
Eg vil ha Pizza Margherita! sa eit barn.
Og masse dressing, vesle jente! Sa ei buldrande mannsrøyst.
Herregud for ein dag! sa ei kvinne.
Men no er det over. No er det fredeleg – som i Bagdad! sa ei litt lysare mannsrøyst.
Hjelp! ropte Eva Trotto Moe. Nokon er skadd!
Det tok nokre sekund før dei som kom gåande rundt hjørnet, fanga opp ropa. Dei sprang bort til Eva Trotto Moe. Ho ropte at dei måtte ringje etter ambulanse, etter politi, dei måtte sjå seg om – han kunne vere der – Habini, sa ho, er det deg?
Ja! sa den lyse mannsrøysta.
Takk igjen, Gud, sa Reinhardt Skjetne lågt, såg seg ut den skuggen som hadde svara, og tok til å gå med breie, langsame steg.
For Ingrid såg det slik ut: Ho var så glad, ho var med mor si att, ho var med Mehmet, ho hadde fått ein ny vaksen ven, nei, ho hadde fått to, ho hadde fått Irene og Olave, dei var heime att, ho hadde vore med på å bevise at det var farlegare å vere redd enn å vere modig, dei skulle heim, dei skulle ringje til Faadumo, alle skulle vere med heim til dei. Margareta skulle kome.
Så var det dette ropet. Denne andre kvinna som ropte på Mehmet. Eitkvart som skar i ein draum. Så bylten framføre henne som langsamt endra seg frå bylt til kropp til Faadumo. Gode, snille, vakre, smilande, syngande Faadumo, ein urørleg masse, eit lik. Og så redsla i denne kvinna sitt andlet, i røysta attom og rundt og over henne og i gjenlyd frå alle veggane:
Neiiiii!
Og skot. Og skot. Og skot. Og Mehmet som sokk i bakken utan ein lyd.
Og skuggen av mamma som sprang mot ein kontur, heilt inn på kroppen til ein mann med andlet utan kjensler, utan sinne, utan redsle, utan sorg, utan glede, eit andlet utan framtid eller fortid, ein mordar sitt andlet, ein av desse som har gitt seg sjølv rett til å drepe og eit Namn til å drepe i, eit vesen utan intimsone. Ein mann som ikkje reagerer slik menneska gjer, men som snur eit våpen slik at det nærmast peiker mot han sjølv og trekkjer av eit skot rett inn i hovudet på ei mamma medan barnet hennar står og ser på.
Og flyktningen Olave Mario de la Polvora som snur seg og spring fram og tek eit tak i ein arm, men misser det og får eit skot i mellomgolvet og tek tak igjen og får eit streifskot i hovudet og freistar å ta tak endå ein gong men kjenner kreftene renne fort ut og søkk saman over Linda Dahlin Loe.
Og denne kvinna som reiser seg frå Faadumo og stiller seg som ei skyteskive framfor mordaren og seier med kald røyst: Reinhard Skjetne. Kor skal du?
Og mordaren som snur seg med klede fulle av blod og hjernemasse og seier likesælt:
I Teateret. Gud har gitt meg eitt skot til.

Då skreik Ingrid. Eit langt, klagande hyl i vinternatta: Mamma!





Til avsnitt 55 



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar