fredag 18. oktober 2013

61: Fyrste avhøyr

Det var måndag, den femtande dagen 
Så vidt eg kan forstå, var Mark S. Mekhar like uttrykkslaus å sjå til når han var med sine eigne på Politihuset, som når han var ute på åstader eller vitnebesøk. Han kom på jobb til vanleg tid på måndagen etter arrestasjonane av Reinhardt Skjetne og Randulf Leirfall.
Gratulerer, sa krimsjefen. Ho heitte Vera Vidreid og var ei slik som telte resultat. Tre saker oppklart, sa ho. På ein sundag.
Han nikka, sa ingenting, gjekk forbi henne, inn i boksen sin der han starta maskinen, sette seg i stolen og såg ut vindauget. Maskinen togg og togg på prosedyrane og sikringssystema sine. Før den var ferdig, stod Vera i døra att.
Vil du fullføre alle tre? sa ho.
Ja takk, sa han.
Då tek det lengre tid, sa ho.
Ja, sa han.
Kan du ikkje gje sjølvmordet og barnedrapet til to andre – så tek du hovudsaka sjølv?
Nei takk, sa han.
Har du ein god grunn?
Det er ikkje tre saker. Det er ei sak – og den er ikkje oppklart.
Vera Vidreid sa ingenting. Ho såg på han, såg ut til å ville seie han imot, såg nølande ut, såg ut til å vere i villreie. Ho kunne trenge ein diskusjon – men ikkje med han, heller med einkvan som forstod kravet om å stykkje opp dei store samanhengane i verda slik at dei passa med kriteria i statistikkane.
Okei – du tek alle tre, sa ho.
Det var eit kompromissforslag. Ho kunne føre opp tre saker under «Oppklart» – han kunne halde fram og leite etter forklaringa på at fem drap, eitt sjølvmord og eitt gateoppløp på ei veke var forårsaka av fire heilt like pistolar med serienummer etter kvarandre.
Fint, sa han.
Det er pressekonferanse klokka tolv, sa ho. Han grein på nasa, ho sa at han ikkje behøvde seie noko om han ikkje vart spurd direkte. Så gjekk ho.
Det var visst ikkje noko hjarteleg tilhøve mellom dei, men så vidt eg kan forstå må dei ha vore ganske like. Båe tenkte veldig analytisk, båe vog dei alle funn opp mot krava til bevis. Det var gått i blodet på dei, om lag som hos forsøksingeniørar eller naturforskarar, dei levde med ein raud strek gjennom tilværet, på den eine sida var det berre indikasjonar, teikn, tendensar og indisium, på den andre sida var det prov, sikker kunnskap og bevis. Båe hadde lært det grundig i retten, på kroppslege reaksjonar når forsvarsadvokatar nagla dei til svake punkt i bevisrekkja, eller når faderlege dommarar stempla arbeid som sjuskete med vakre og høgtidelege, men fordømt svidande formuleringar. «… kan ikkje reknast som bevist …»
Men medan Mark S. Mekhar framleis hadde trekantdramaet i rettssalen langt framme i medvitet, så hadde ein fjerde dimensjon teke større og større plass i Vera Vidreid sitt verdsbilete etter kvart som ho klatra oppover karrierestigen. Det var kravet om resultat. Politimeisteren sine krav om oppklaringsprosent, visepolitimeisteren sine krav om kostnadseffektivitet, journalistane sine krav om heltar og skurkar.
Han likte å sjå ned på henne for det. Men han hadde ikkje noko behov for å demonstrere. Han stod henne ikkje etter jobben eller glansen eller æra, han hadde meldt seg ut av det spelet ein kveld i den Haag då ein amerikansk jypling hadde stole resultata frå eit langt og farefullt arbeid på Balkan – og kvittert med å framstille «sin gode ven Max» som den beste assistent ein kunne ynskje seg. Den kvelden hadde han stått ganske sigen framfor ein hotellspegel og sagt til seg sjølv at somme gjer det godt i marknadskonkurransen, og at han sjølv ikkje var og heller ikkje ville verte ein av dei. Og det hadde han klart å leve etter. Men altså ikkje utan å unne seg å sjå ned på dei som ikkje klarte det.
Ho såg nok ned på han òg. Eg vil tru at ho såg på han som ein fargelaus fagidiot. Eit stykke arvegods frå førre kriminalsjef som ho ikkje godt kunne kvitte seg med utan bråk. Ho kunne ikkje ein gong forfremje han vekk, for han søkte aldri på noko, han var visst nøgd med å gå og grave i gørra mellom taparane i samfunnet. No hadde tilfellet gjort at han var saksbehandlaren i tre saker som alle hadde høg medieinteresse. Han var ein fin representant for avdelinga sin standard, men han hadde ikkje dimensjon til å forstå større samanhengar, til dømes dette at kvar oppklaring kunne og måtte vekslast om i gode medieoppslag, auka prestisje og betre løyvingar i neste budsjett.
Vera Vidreid gjekk i stabsmøte. Mark S. Mekhar gjekk i fengselet for å avhøyre stefaren til Malin Meyer.
Er du sugen på røyk? spurde han.
Nei – kan eg røykje då? spurde stefaren.
Ikkje her. Men me kan gå ut.
Kan me det? sa mordaren og barnevaldtektsmannen med eit takksamt og audmjukt uttrykk, som ein hund som uventa har fått sjokolade og ein ven for livet.
Dei gjekk berre ut i luftegarden. Det var ikkje stort å vere takksam for, men det verka. Dei snakka om tobakksmerke. Mark S. fortalde at han hadde brukt å røykje ferdigsigarettar frå han var ung. Dei diskuterte merke og prisar, og dei var innom den store diskusjonen om ferdig- eller heimerulling av røyk. Midt inni der sa Mekhar:
Forresten – kor var det du sa at du fann pistolen?
Stefaren vart tilspent att, såg etter ein plass å rømme, trekte eit langt drag av røyken sin. Men det hadde verka. Han veik unna med blikket og freista unngå – men svara kort før dei gjekk vidare på dette med kor vanskeleg det hadde vorte for dei som røykte.
Den låg øvst i søppeldunken då eg kom ut om morgonen, sa han.
Tre røyk hadde dei der ute før dei gjekk inn att. Då fann Mekhar fram ei notisblokk og ein opptakar som han berre starta utan forklaring.
Har du snakka med advokat? spurde han.
Det skulle visst kome ein i dag.
Okei – men me kan vel berre begynne så smått. Det der er berre ein opptakar. Og no har du fått stilt røykjesuget. Okei?
Jau. Eg veit ikkje. Eg har ikkje stort å seie.
Nei. Men fyrst: Ta namnet ditt?
Randulf Leirfall.
Kor kjem det frå?
Det er norsk …
Okei. Så du er norsk.
Ja.
Ikkje svensk.
Nei.
Men du ser svensk ut?
Ja. Kan hende far min var svensk.
Å? Kven var det?
Eg veit ikkje.
Fekk du aldri vete det?
Nei.
Mor di då?
Ja.
Kva sa ho?
Ikkje så mykje. Jo forresten – ho snakka mykje.
Med deg?
Nei. Med alle.
Om kva?
All slags.
Til dømes?
Om klede. Og hår. Og prisar.
Prisar på kva då?
Mat. Og frisør. Og taxi.
Køyrde ho mykje taxi?
Nei. Litt.
Kvifor er du her?
Her?
Ja?
Du sa jo eg måtte?
Men kvifor?
Eg vart jo arrestert.
Men kvifor?
Randulf Leirfall såg usikkert på Mark S. Mekhar, trekte fram tobakksdåsen sin og såg mot døra, såg mot Mark S att og bøygde seg over tobakksdåsen og tok til å rulle.
Er du feig?
Nei, nei. Nei! Korleis då?
Kvifor vil du ikkje seie grunnen til at du er her?
Du veit jo det? Det var jo du som …
Trur du eg gjorde det for min eigen del? Trur du det er ein hobby eg har?
Nei då …
Det er for dommaren. Du skal dømast.
Ja.
Før hadde du vorten dømd til å hengjast. Eller fått hovudet hogd av.
Ja …
Kva meiner du om det?
Kva då?
Om dødsstraff?
Nei – eg veit ikkje …
Der eg stammar ifrå, har dei dødsstraff enno.
Ja …
Der er ikkje som her.
Nei
Det er lovane som er ulike.
Ja.
Men mordarane – dei er ganske like.
Eg veit ikkje.
Du er ein slik mordar?
Nei!
Men då har du ein faens jobb framfor deg! For slik saka di står no, er det berre strake vegen fram til rettssalen, og der vert du dømd som mordar. Kor trur du domaren kjem frå?
Kan eg ta ein røyk?
Nei.
Å nei. Er det lenge til?
Kven kan ha lagt han der?
Kva då?
Pistolen?
Eg veit ikkje.
Skaut du Malin?
Det var eit uhell!
Forklar kva som hende.
Eg gjekk inn – eg skulle berre spørje om noko.
Kva skulle du spørje om?
Kvifor ho hadde – kvifor ho gjekk til chilenaren.
Kva var gale med det?
Ho bakvaska meg. Ho snakka vondt om meg.
Det har ingen andre sagt.
Men ho gjorde det. Eg veit det!
Korleis kan du vete det?
Ho sa det sjølv!
Kva sa ho?
At ho skulle attende til skulen!
Var det å bakvaske deg?
Dei spør så mykje der! Om ting dei ikkje har noko med!
Som at du låg med henne?
Det var ho som ville!
Okei – så ho låg med deg, men du var uskuldig?
Ja!
Så skaut du henne?
Nei! nei! Eg skulle berre vise henne …
Du skulle truge henne?
Nei! Eg sa at eg kom til å skyte meg sjølv.
Kva slags idé var det?
Om ho svikta meg ville eg ikkje leve meir!
Men kvifor i herrens namn gjorde du ikkje det då?
Kva meiner du?
Kvifor skaut du deg ikkje?
No vart Randulf Leirfall heilt stum. Han hadde ikkje tobakksdåsen å gøyme seg attom lenger, han hadde rulla ferdig ein røyk. Han vrei seg på stolen, stakk røyken i munnen, tok han ut att, kasta eit fort blikk på Mark S. – liksom for å sjå om han var der enno – la røyken ned i tobakksdåsen, trekte fram eit nytt sigarettpapir.
Det var berre tomsnakk!, sa Mekhar.
Kva då?
Du meinte det ikkje eit einaste sekund!
Kva då?
Kva sa ho då?
At ho ikkje brydde seg om det.
Då skaut du henne?
Nei. Eg vart så ulukkeleg. Eg fekk ein slags krampe.
Og så?
Så sprang eg!
Du fekk krampe – og så sprang du.
Ja.
Pistolen då?
Den gjekk av.
Heilt av seg sjølv?
Ja.
Akkurat. Trefte han noko?
Eg veit ikkje. Eg berre sprang.
Oi, oi, oi. Då er det jo pistolen som er mordaren! Ikkje du!
Ja. Nei.
Sprang du heim?
Nei – eg var jo på jobb.
Ja visst – det hadde eg gløymt. Du var jo på jobb du! Rett utanfor!
Ja.
Men du må fortelje, mann! Skal dommaren forstå kva som hende, så må du jo fortelje det – ikkje berre svare ja og nei!
Eg sprang ut att i bilen.
Var det nokon andre der?
Berre hjelpemannen.
Kva sa han?
Han var ikkje der – han var attom, på tømmeapparatet.
Kva gjorde han der, då?
Han trudde han skulle verte intervjua. På radioen.
Forklar.
Det var ein radiomann der – han der Rudolf Steiner. Hjelpemannen høyrde på han i øyreklokkene. Radioen stod på framme i førarhuset òg. Steiner intervjua alle i køen attom oss.
Og då tenkte du at det var best å få han vekk før han fortalde heile byen – og chilenaren – at han fann deg berre femti meter frå der Malin låg og blødde i hel?
Nei – eg tenkte at ho måtte få hjelp. Der var jo ingen andre der!
Så omsorgsfullt! Det var edelt tenkt!
Ja.
Eg vert heilt rørt!
Ja, sa Randulf Leirfall. Og brått tok han til å gråte. Fyrst rann det berre ei tåre, så hiksta han, så var det som det brast ei demning inni han, og han bøygde seg fram over bordet og gret med kraftige hikst.
Mark S. Mekhar sat uttrykkslaus og venta. Han såg ikkje på klokka, viste ingen teikn korkje til medkjensle eller mangel på tolmod.
Det var lenger mellom hiksta, gråten stilna langsamt av. Men Leirfall reiste seg ikkje opp att, han vart liggjande over bordet, som om han hadde funne eit hol der å gøyme seg i.
Kva ringde du med då? spurde Mark S.
Telefon.
Telefonen i bilen?
Nei.
Kva for ein telefon ringde du med?
Min.
Din?
Ja. Men eg hadde to.
Akkurat. Ein registrert – og ein uregistrert?
Ja.
Og kva for ein brukte du?
Den uregistrerte.
Seier du det? Berre sånn tilfeldigvis?
Ja. Det var den eg brukte til Malin.
Nettopp. Slik at ikkje mor hennar skulle finne ut kor mykje du snakka med henne?
Litt slik …
Så kva hende?
Eg skulle ringje til Malin for å høyre om ho var i orden – så sa dei telefonnummeret til Rudolf Steiner på radioen – så ringde eg dit heller. Eg kom ikkje til han, berre ei dame som svarte på telefonen for han. Eg sa at han måtte gå rett over vegen for det hadde vore ei ulukke der, på Cosy Lamps.
Og så?
Så kunne me brått køyre – køen losna.
Men du visste jo kva som hende? For radioen stod på?
Eg måtte slå han av.
Oi, oi. Så du måtte slå radioen av.
Eg var jo på jobb.
Ja visst, ja visst – så då kunne du jo ikkje verte forstyrra av at stedottera di blødde i hel?
Nei.
Og hjelpemannen då?
Han var på tømmeapparatet.
Så han sa ingenting?
Han sa det då me hadde fullt lass og skulle køyre for å tømme.
Så då fyrst fekk du greie på at Malin var død?
Ja.
Så leitt.
Ja.
Var det chilenaren som la pistolen der?
Det kan godt vere.
Kvifor skulle han gjere det?
Til ho, kan hende?
Til Malin?
Ja.
For at ho skulle skyte deg?
Det kan godt vere.
Ho var farleg, Malin?
Ja – på ein måte.
Alle andre seier at ho var motstandslaus – føyeleg og utan kraft?
Ho var lur. Veldig utspekulert.
Brukte ho deg?
Ja! Det gjorde ho!
Forklar kva ho brukte deg til.
Ho hadde ein måte å styre meg på, til å få meg til å gjere som ho ville.
Kva ville ho då?
Det …
Du må seie det rett ut!
Ho ville … elske… At eg skulle ta henne.
Hardt?
Ja.
Slå?
Ja.
Piske?
Ja.
Rauvpule?
Ja.
Pule med kvelartak?
Ja.
Meir?
Nei … berre …
Berre?
Binde.
Ho ville at du skulle binde henne, slå henne, piske henne, ta kvelartak på henne og rauvpule henne?
Ja.
Gjorde du det då?
Eg måtte jo …
Stakkar. Det var nok hardt.
Ja …
Du må berre gråte att. Det brukar å gjere inntrykk på juryen, det.
Eg veit ikkje …
Er det ei lette å få sagt det?
Ja …
Du får diskutere med advokaten din om dette er formildande. Jobben min er berre å få fram kva som faktisk hende. Eg er korkje for deg eller mot deg – eg er bere ein saksbehandlar, kan du seie. Det er mellom aktor og din advokat at slaget kjem til å stå. Du og eg må berre syte for at alle fakta kjem på bordet. No skal eg høyre med ei kontordame her på huset om ho kan skrive ned det du har forklart så langt, så kan me få underteikna i same slengen – og så kan du og eg gå ut og røykje medan me ventar.

Ja, sa Randulf Leirfall takksamt. Han såg tillitsfullt på den nye venen sin og gledde seg til sjokoladebiten i luftegarden. 


Til avsnitt 62


Papirversjon: ISBN 978-82-92712-94-8

Kan no tingast i bokhandlar, nettbutikkar eller frå bjorn@enes.no

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar