fredag 8. november 2013

70: Tysdag 16. - Avisversjonen

Tysdag var den svartaste mediedagen eg nokon gong har opplevd. Det vart skrike om terrorfare frå alle kantar. Alle avisene hadde den same vinklinga, det same hadde alle lyd- og biletkanalane og alle reklameplakatane som oppmoda folk til å kjøpe eller sjå bestemte media.
«Redningsmann drap fire»
«Jihad utan kontroll!»
«Politiet granskast»
«Pass på jentene!»
«Rydd opp!»
Den verste var den nest største avisa i byen her. Den hadde slått opp biletet av Ingrid som stod inntil Irene Guri Andersen Halvorsen. Berre ryggen av Ingrid var synleg, men uttrykket i Irene Guri sitt andlet fortalde tydeleg om dramaet. Over biletet stod det med store typar:
«Selde du meg, mor?»
Eva Trotto Moe la dei ut over bordet i lesesalen. Ho ville konfrontere Rudolf Steiner med dei så snart han kom. Ho var overtydd om at dette var konsekvensane av hans ulukksalege radioprogram på fredag. Men han kom ikkje. Like før dørene vart opna for vanleg publikum, samla ho dei saman att og sette dei i hyllene sine. Eg såg det gjennom glasdøra, eg stod utanfor og venta på at ho skulle opne.
God dag – hugsar du meg frå i går? sa eg då ho opna.
Nei, sa ho. Eg hadde fri i går.
Gravferda, sa eg.
Åja! sa ho, og såg litt mindre bisk ut.
Eg var ein ven av Linda Dahlin Loe, sa eg. Ja – eg hugsar, sa ho. Kom inn.
Ho hadde eit veldig behov for å snakke om det som hadde hendt. Ho bad meg inn på kontoret sitt. Av og til måtte ho ut for å setje dei andre i sving, så var ho attende. Heile føremiddagen sat me berre der og snakka.
Det meste av det ho sa, har eg alt fortalt, denne samtalen vart ei av hovudkjeldene til alt eg har skrive så langt. Ho fortalde om att og om att om den forferdelege fredagskvelden, og derfrå fortalde om baketter i tid, om Skjetne, om Mehmet Habini, om Linda (som ho hadde vore så irritert på), om Rudolf Steiner, om Passasjer 81 og om korleis ho sjølv hadde endra seg. Ho sa:
Eg tykte ikkje at eg hadde noko å gjere med nokon ting anna enn jobben min. Fire menneske døydde på grunn av det. Og eit barn mista mor si.
Så du kjenner skuld? sa eg.
Ja. For at eg ikkje gjorde noko! sa ho.
Du kjenner skuld, og Rudolf Steiner kjenner skuld, sa eg.
Ja. Han sa så. For at han lét seg bruke.
Eg undrar om dei kjenner skuld dei som laga alle fyrstesidene som du rydda vekk?
Såg du det? Eg hadde lagt dei fram for å vise Rudolf Steiner kva han hadde stelt i stand.
Ja, eg såg det, sa eg, og venta litt for å vere sikker på at ho hadde overhøyrt eller valt bort å svare på spørsmålet. Ho hadde det. Eg tenkte at ho visst enno var slik innstilt at ho ikkje hadde noko med det meste, at skuld, til dømes, berre var noko som handla om henne sjølv og til nød Rudolf Steiner. Spørsmålet om andre si skuld distanserte ho seg frå.
Mark S. Mekhar kom. Det var som om temperaturen i rommet steig med ein gong. Eg vil ikkje seie at eg er flink til å registrere slikt, men minst ein av dei var meir interessert i den andre som menneske enn som vitne eller utspørjar. Eva Trotto Moe presenterte meg, ho sa at eg var ein ven av Linda som hadde flytta til byen på laurdag. Ho sa at me snakka om hendingane, at eg hadde trong til å vete kva som hadde hendt.
De vil vel snakke i fred, sa eg. Eg kan gå.
Nei, nei – sit berre, sa Mark S. Mekhar. Det er sunt med eit blikk utanfrå. Har du lese avisene?
Eg har sett framsidene, og eg har lese Media Osen. Eg er skræmd, sa eg.
Kvifor har alle den same historia og den same vinkelen? sa han. Er det av di alle har same eigar?
Huh, sa Eva Trotto Moe. Eg trur det var ei slags støtte til påstanden som låg i Mekhar sitt spørsmål. Men sjølv var eg ikkje samd i den.
Eg trur ikkje det fungerer slik, sa eg. Eg trur det er ein kombinasjon av tre krefter som verkar saman. Det er flokkmentaliteten, dramaturgien og marknadskrafta.
Eg klarte ikkje å tolke måten som Mekhar såg på meg på, og eg angra litt på at eg hadde sagt dette. Eg hadde på ein måte gapt over litt for mykje. Eg hadde tenkt mykje i dei banane, men eg hadde ikkje kunnskapar eller refleksjonar nok til at eg kjende meg i stand til å utbasunere teorien.
Eg skjønar flokkmentaliteten og marknadskrafta, sa han. Eller ulveflokken og tivoliet. Men dramaturgien – den må du forklare meg!
Dei vil gjerne ha eit mysterium, sa eg. Ein skurk og ein helt – og spenninga om kven som eigentleg er kva. Mest spennande er det om rollene vert bytta om, slik at den som fyrst er helt syner seg som skurk i neste kapitel. Og kan det så toppast med avsløringar av at hendingane berre er toppen av isfjellet og at alt står i ein større samanheng – då er det heilt perfekt. Då vert det fest, både i ulvegarden og på tivoliparketten.
Mekhar fekk nokre uvanlege rykningar i andletet. Truleg var det eit slags smil. Han sa: Så dramaturgien vert betre då, viss forteljinga utviklar seg slik at Skjetne vert helten, ofra vert skurkane og hendinga vert ein liten flik av det store slaget om Europa?
Noko slikt. Normalt ville ingen teke sjansen på slike spekulasjonar – dei ville i alle høve ha venta til dei kunne hekte det på nokon andre enn seg sjølve, forsvararen til dømes, eller eit vitne. Men her vart ofra stempla som skurkar og den gøymde delen av isfjellet «avslørt» alt før det kom ein mordar på banen.  
Er dette faget ditt? sa Mekhar.
Nei. Berre kvardagsfilosofi, sa eg. Og røynsle sett i system.
Det såg ut til å interessere han dette. Sjølv kjende eg meg som sagt ikkje heilt trygg på denne banen. Eg minna han på at det var Eva Trotto Moe han var komen for å tale med. Han takka for det, bad meg verte sitjande, og snudde seg til henne.
Han var ute etter detaljar om kor lang tid Skjetne kunne ha vore aleine med Faadumo før Eva Trotto Moe kom til. Ho fortalde at ho hadde sett han ved billettluka – så var han borte. Etterpå hadde ho stått saman med dørvakta i Teateret og sett etter han heilt til alle hadde kome seg inn i salen – kan hende litt meir enn eitt kvarter – og så hadde ho sprunge oppover mot Reint & Rimeleg. Ho hadde høyrt skotet då ho hadde om lag femti meter att. Då ho kom fram, var Faadumo død.
Kan han ha slått henne i hovud, overkropp og mellomgolv – minst fem kraftige slag – og så knekt beinet hennar, antakeleg med eit spark, på den tida?
Eva skotta seg. Huff. Heldigvis har eg inga aning om kor lang tid slikt tek …, sa ho. Mekhar var uleseleg, men eg rekna med at han hadde eit problem sidan han ikkje berre bytte tema. Eg tok for gitt at det var obduksjonsrapporten som hadde konkludert med minst fem kraftige slag og eit spark. Eg hadde heller ikkje mykje erfaring med slikt – men eg hadde då ein gong vorte banka skikkeleg opp. Då hadde dei vore tre stykk om det, men dei hadde likevel brukt ganske mykje tid, for kvar av dei hissa seg opp før kvart slag eller spark.
Det er vel ikkje berre slaga – det trengs vel tid til psykisk oppbygging òg? sa eg.
Tid – eller sinne, sa Mekhar. Var han i ubalanse?
Han verka heilt kald og roleg på meg, både då han gjekk frå biblioteket, og då eg såg han i Teateret, sa Eva.
Kan nokon ha slått henne før ho kom dit? spurde eg. Veit de kor ho var?
Ho var her – i Sentrumbsbygget – til etter vanleg arbeidstid.
Det var eg òg, sa Eva. Og du – du var innom med nokre spørsmål …
Såg du henne?
Ja. Eg såg henne litt tidlegare. Ho gjekk over torget til kjøpesenteret og attende. Det var like før eg fann notata til Skjetne, dei som gjorde at eg fekk mistanke.
Seinare då?
Nei …, sa Eva og drog på det.
Kan eg spørje kva slags skader ho hadde? spurde eg.
Ho hadde minst to kraftige slag mot hovudet. Truleg har ho vorte svimeslått minst ein gong – kan hende to. Så har ho fått minst eitt slag i mellomgolvet – så hardt at det har gitt henne indre blødingar. Og så har ho vorte slått minst to gonger mot brystregionen. Minst ein av gongene har ho vorte slått inn mot ein vegg eller noko – ho har blodmelter i ryggen etter å ha støytt hardt mot noko.
Det må ha gitt lyd, sa eg.
Eit slags smell, sa Mekhar.
Eg høyrde eit dunk! sa Eva. Akkurat då du hadde gått ut døra og eg låste etter deg. Det kom frå kjellarkorridoren.
Vis meg, sa Mekhar. Eg fylgde berre med, utan å spørje. Me gjekk ned til inngangsdøra på gateplan. Eva demonstrerte kor ho hadde stått, og kva retning ho meinte ho hadde høyrt dunket. Det var ei trapp ned til ein kjellarkorridor.
Det er i denne etasjen Sentrumsforeininga har kontor? sa Mekhar.
Ja. Døra i enden av korridoren går inn til dei, sa Eva,
Mekhar studerte alle dørene, kjende på dei. Dei fleste var låste. To toalett var opne, eit vaskerom var opent og eit var låst.
Brukar vaskerommet vere låst? Sa Mekhar.
Eg anar ikkje, sa Eva. Men eg kan ringje vaktmeisteren.
Ho hadde nummeret hans lagra, og han svara straks. Han hadde ei røyst som bar godt, dei høyrde han lo og spurde om ho hadde tenkt å gå han i næringa. Alle bøttekott er opne, sa han. Mekhar tok telefonen og presenterte seg og sa at det eine var låst, og at han veldig gjerne ville sjå inn.
Vaktmeisteren kom. Du kunne jo ha opna sjølv, sa han til Eva. Det er systemnøklar – dine går til alle bøttekott, toalett og felles lagerrom. Eg hadde gløymt det.
Bøttekottet var tomt. Det lukta sterkt av salmiakk.
Jøss, sa vaktmeisteren. Mekhar var alt i telefonen. Han stoppa vaktmeisteren då han ville gå inn. I telefonen bad han om at ein kriminalteknikar måtte kome så raskt som mogleg.
No er eg litt låst. Eg skulle gjerne ha snakka med nokon, men eg må vere sikker på at ingen går inn i det rommet før kriminalteknikarane kjem, sa han.
Viss ikkje det tek lang tid, kan eg gjerne stå her eg, sa vaktmeisteren. Han såg oppglødd ut. Eg tykkjer berre det er interessant, eg!
Takk, sa Mekhar. Eg er ikkje langt unna.
Han gjekk bort til døra Eva hadde peikt ut, opna og gjekk inn utan å banke på. Eg dilta etter. Me kom inn i eit stort arbeidsrom, der var bord der det låg plakatar, anna papir og ulike reiskapar. Det var eit bord med pc og glasvegger inn til to andre kontor. Me kunne sjå Karina Burane og Kent Karlsen bak kvar sin vegg – dei hadde ryggen til oss.
Mekhar brydde seg ikkje om dei, tok berre til å leite mellom reiskapane.
Vaskeutstyr og salmiakk? spurde eg. Han berre nikka.
Eg fann ein pøs og lukta oppi utan å kjenne nokon salmiakkeim. Han fann ein søppelsekk og rota nedi den. Karina Burane vart var oss, snudde seg og kom ut.
Kva gjeld det? sa ho. Ho såg berre meg, og meg hadde ho aldri sett før.
Mekhar reiste seg. Kor er salmiakken? sa han.
Salmiakken? sa ho, og var som eit stort spørsmålsteikn.
Ja? sa han. De har salmiakk her?
Det kan eg aldri tru, sa ho. Kan hende på vaskerommet ute i korridoren?
Er der vaskerom der?
Ja – der er til og med to! sa ho.
Men der er låst, sa han.
Nei då, sa ho. Og om nokon skulle ha låst det, så kan eg opne. Ho gjekk mot døra. Mekhar gjekk motsett veg, opna inn til Kent Karlsen.
Kor er salmiakken? sa han.
Karlsen snudde seg roleg. God dag, sa han. Er det amatørdetektiven som er attende?
Kvifor har du tømt og gjort reint det eine vaskerommet?
Det er vaktmeisteren som ordnar med slikt.
Han veit ikkje kvifor det er gjort.
Då må det vere ei av damene. Det kan jo vere ho negerdama gjorde noko nyttig likevel, før ho fantegjekk?
Mekhar snudde ryggen til han utan å seie noko meir og gjekk heller mot Karina Burane. Ho stod undrande i døra og venta, ho trudde framleis dei skulle til vaskerommet.
Eg vil gjerne snakke litt med deg, sa han. Kan eg by på ein kaffikopp i kafeen?
Du har inga plikt til å gå med han! sa Kent Karlsen. Han kan avhøyre deg her!
Eg trur ikkje eg har lyst på kaffi no, sa Karina Burane usikkert.
Då vil eg gjerne at du går ut, Karlsen! sa Mekhar. Eg vil tale med Burane på tomannshand.
Du har ingen rett til å vise meg bort frå arbeidsplassen min! sa Karlsen.
Då ser eg berre ei råd, sa Mekhar og tok opp telefonen sin. Du får få tak i advokaten din, sa han til Kent Karlsen. I telefonen sa han: Eg treng arrestordre på Kent Karlsen og eit par mann som kan bringe han inn. Han er mistenkt for grov mishandling av Faadumo Awale Samakab og nektar å samarbeide på staden. Eg må ha han inn til avhøyr på Politihuset. Han kontaktar advokaten sin sjølv.
Mekhar såg på klokka og sa:
Ja vel – då får du vente på dei som skal arrestere deg, Karlsen. Og du Burane får vente til eg er attende, eg har nokre spørsmål til deg som eg vil snakke med deg om på tomannshand. Men fyrst må eg i eit møte.
Kent Karlsen smilte breitt. Okei – eg gir meg – lat oss ikkje lage noko styr på grunn av slike bagatellar. Eg ventar i kafeen medan du snakkar med Karina.
Farvel, sa Mekhar, og gjekk.

Både Eva og eg dilta etter. 


Til avsnitt 71

Nye avsnitt kvar mandag, onsdag og fredag. 


Boka er no i sal 



Norli Galleriet bokhandel, Bergen  

Bokkkilden

Tanum nettbokhandel 

Haugen Bok 



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar