mandag 25. november 2013

77: Faduumo si gravferd

Slik var altså førebuingane gått på svært ulike stader fram til klokka var ti på seks, då fire politimotorsyklar kom langsamt køyrande opp framfor leigegarden der Faadumo hadde budd saman med Sheila Hasina, Noreen og Liana. Det fylgde ein lang kortesje attom likbilen, men den gjekk i oppløysing medan kvar bil leitte seg opp ein stad å parkere. Mykje folk var samla i gata, og fleire kom strøymande til medan likbilen, berarane og imamen stod og venta. Ingrid og Irene Guri stod framme saman med dei. Ingrid gret.
Margareta kom òg, i spissen for om lag ti andre jenter frå skulen. Det var alt som var att av «heile klassen» eller «heile skulen» etter ein dag med heftige diskusjonar i skulegard og lærarrom.
Det var fyrste gong Ingrid og Margareta møttest etter den dramatiske fredagen. Dei omfamna kvarandre og gret båe to. Etterpå klemde Ingrid ein etter ein av dei som hadde kome.
Dekk håret, jenter! sa Margrethe. Vis respekt – det er ei gravferd, dette!
Dei hadde tydelegvis snakka om dette i forkant, for heile jenteflokken hadde utstyrt seg med skjerf, sjal og huver så dei kunne dekkje seg til. Dei stilte seg opp saman med Ingrid, like bak berarane.
Den engstelege russiske imamen såg ut til å vere glad for at så mange hadde møtt opp. Det var mest folk frå nabolaget, folk med røter frå dei fleste land i heile den vide verda. Eit par av dei meir konservative imamane var bortom han for å diskutere lågmælt. Eg fekk høyre etterpå at det framleis var beringa dei var opptekne av. Reaksjonane på at kvinner skulle bere i ei gravferd som teikna til å verte så stor, var sterkare enn dei fyrst hadde rekna med. Men Sheila Hasina var urokkeleg – og den russiske imamen stod ved sitt løfte til henne.
Det samla seg tilskodarar òg. Like før prosesjonen sette seg i rørsle, kom ein fotograf frå Medie Osen springande og tok til å fotografere.
På slaget klokka seks starta motorsyklane og likbilen – og det mørke fylgjet av folk. Me gjekk tause ved sida av kvarandre. Ruta sa seg sjølv – den gjekk svakt utfor bakke ned til Stabsplassen, tvers over den og så svakt oppover att til gravplassen. Der skulle kista ut av bilen og opp på ei vogn som berarane skulle køyre fram til grava der seremonien skulle haldast.
Det begynte roleg og verdig. Eg gjekk og tenkte på Linda og det eg hadde fått vete om henne og denne kvinna som eg no fylgde til grava. Dei hadde ikkje kjent kvarandre lenge – men Linda hadde vore veldig glad for å få Faadumo som ven. Dei hadde mykje sams. Linda sa til meg ein gong at ho ikkje kunne hugse å ha møtt nokon som ho kunne snakke så fritt med som Faadumo.
Det er som om ho har vist meg korleis eg kan starte livet på nytt! sa Linda.
Eg gjekk og tenkte på om ho ville ha sagt det same no? Om Linda hadde halde seg gøymd, hadde ho kanskje enno levd. Hadde hendingane prova eller motprova at det var farlegare å vere redd enn å vere modig?
Då me nærma oss Stabsplassen, kunne me høyre uro. Fyrst høyrdest det ut som om det stod ein maskin og gjekk der nede, med ein udefinerbar totaktslyd: Tsjep – tsjep, tsjep – tsjep! Men då me kom nærare, høyrde me at det var rop frå folk. Dei ropte på engelsk: Get back! Get back!
Me kunne høyre at det spraka i radioane til dei fire motorsyklistane. Dei fekk tydelegvis rapportar og ordrar. Dei svinga inn i ei sidegate til venstre. Det vart litt uro i fylgjet. Somme forstod ikkje og meinte me gjekk feil, somme tykte det var feigt å vike unna dei som tydelegvis stod på Stabsplassen og venta på oss – men dei fleste såg ut til å vere letta. I alle fall dei eg kunne høyre og sjå rundt meg der eg gjekk.
Me mista kontakten både med demonstrantane og med tilskodarane. Me gjekk ei smal gate i boge rundt Stabsplassen. Ein stad kunne me sjå rett ned – då såg det ut til å vere svært uroleg der nede, og me kunne så vidt høyre at ropinga hadde skifta takt. Etterpå forstod eg at dei ropte «Mullah-purk! Mullah-purk!» av di dei hadde vorte stoppa av ein politimur då dei hadde forstått at dei var vortne lurte, og at prosesjonen hadde endra rute.
Me kom fram til gravplassen ved feil port. Eg trur aldri at det var proklamert som nokon «kristenport», men sedvanen hadde gjort at muslimane brukte ein annan port inn til sin del av gravplassen. Det vart ein liten diskusjon då prosesjonen stogga og kista skulle lyftast ut av bilen. Sheila protesterte og meinte at dei måtte halde fram til «den muslimske porten», men leiaren av motorsykkelpatruljen sa kategorisk nei.
Går de fram dit, kan me miste kontroll på situasjonen, sa han. De skal jo berre gå på grusvegen forbi dei kristne gravene.
Sheila rådførte seg med imamen med språkhjelp av Liana. Han tykte ikkje det var så vanskeleg, så dei aksepterte og løfta kista ut.
Dei hadde gått femti meter nedover grusgangen då det brått stod eit tital ungdomar på tvers. Dei fire syklane køyrde fram og kommanderte ungdomane til å flytte seg. Dei fylgde ordren – men ein av dei tok til å lese høgt frå Koranen med syngande røyst. Eg forstod seinare at det var Mohamnmad Mosa. Han og tilhengjarane hans ville markere at dei var usamde både i at det var kvinner som bar, og i at dei gjekk over den kristne delen av gravplassen. Den russiske imamen gjekk framom dei som om han ikkje merka noko til dei.
To av syklane heldt fram framfor likbilen då den kom, dei to andre vart ståande ved gruppa til Mohammad Mosa til to tredelar av prosesjonen var gått framom. Då køyrde dei fram til likbilen att. Den vesle flokken gjekk inn i fylgjet, der Mohammad heldt fram å lese med høg røyst. Folk rundt han vart brydde og freista trekkje seg lengst mogleg vekk.
Eg fekk eit lite sjokk då me til sist kom ned til den muslimske gravplassen. Det var kan hende seksti meter bort til muren der det stod minst tjue politifolk med skjold. Eit veldig spetakkel kunne høyrast attom dei. Det måtte vere mange der – og dei måtte vere oppøste. Eg kunne høyre at dei ropte «Mullah-purk», «Get back!» og «Knus terrorismen!» om kvarandre, og av og til kunne det høyrast som om det var slagsmål der borte.
Det var vanskeleg å høyre imamen. Det gjorde ikkje så mykje, for eg hadde ikkje forstått eit kvidder uansett. Men eg kunne høyre at han ikkje likte seg, at han skolv i røysta. Midt under seremonien kom det høgrøysta folk opp på muren attom han, men kort etter var der politifolk i battledressar på same staden. Dei slo med køller, og snart var muren tom att. Men då kom ei gruppe springande ovanfrå, same vegen som prosesjonen hadde gått. Dei ropte – men dei såg ut til å miste motet eller å ta seg i akt då dei kom nærare og såg alle dei knelande menneska rundt Faadumo si båre. Dei vart ståande litt usikre – nokon sa til og med at dei hadde blotta hovuda då Faadumo endeleg vart senkt i grava og Sheila Hasina og dei fem andre kvinnene tok til å fylle grava att.
Politiet skal ha den ros at dei stort sett klarte å halde kontroll fram til grava var fylt. Men så braka det laus. Mange i fylgjet valde å gå attende same vegen som prosesjonen hadde kome. Men der stod fyrst desse som hadde kome springande. Dei ropte: Syrgjer de over ein terrorist? Ein irakar som har budd her i byen det meste av livet sitt, hadde bygd opp eit veldig sinne og ropte tilbake: Ho vart drepen av ein kristenterrorist! Det roa ikkje akkurat situasjonen. Den same demonstranten ropte attende: Ho skal snart få fylgje av fleire! Og ein annan ropte: Spelet er slutt, Mullah!
Eg var dum. Eg gjekk mot den muslimske porten der det enno var svart av folk då gravferda var over. Eg meinte eg hadde rett til å gå kor eg ville, og eg hadde vel òg trudd at det skulle roe seg fort då alt var over. Men der tok eg feil. Einkvan sette eit skarpt lys i andletet på meg og ropte: Nei så dævelen! Sjå! Det er ein forrædar! Og det var truleg avtalt, for med det same kom ein svær kar opp framfor meg og tok til å slå. Eg vart overrumpla – men etter fyrst nærast å ha vorte slått over ende, så kokte det opp i meg så eg såg svart og gjekk på han.
Det var visst òg avtalt, for flokken rundt tok til å rope taktfast: Terrorist! Terrorist! Tre–fire mann heldt meg fast, medan han som fyrst hadde gått på meg, ropte: Politi! Politi! Terroristhjelparen gjekk til åtak på meg!
Men verst vart det for Margareta Ostarcervic og dei ti klassevenninnene. Dei heldt seg fyrst tett saman med imamen, Sheila Hasina, Ingrid og Irene Guri. Men desse tok politiet eit særleg ansvar for – og brått var dei vekk. Rundt dei ti jentene hadde redsla teke nokre av gravferdsdeltakarane, medan sinnet hadde teke andre. Somme skreik og sprang – andre var i slagsmål. Og der stod dei – ti jenter i heilt vanlege jenteklede med tildekt hår.
Terrorlærlingane! var der ei røyst som ropte.
Jag dei heim att til foreldra som har selt dei! ropte ei anna. Og tre karar som Margareta seinare sa likna dei som hadde dengt henne på fredagen, var der igjen. Dei hadde ein lett kamp med dei vettskræmde jentene – dei reiv av dei det dei hadde på hovudet, dei slo, og då ei av jentene vart sint og gjekk på att, reiv dei av henne genseren òg medan dei lo rått.
Eg veit sant å seie ikkje kor omfattande denne slåstinga vart. For meg verka det veldig omfattande, eg var jo midt oppe i det heilt til det brått var over. Då sat eg til mi store forundring innelåst i ein politibil og såg gjennom glipene i eit stripemalt vindauge korleis den hylande jenteflokken vart samla saman. Dei vart visst køyrde heim kvar til seg, til engstelege foreldre som skulda dei for å ha reist utan lov til ein stad dei måtte vete at det ville verte bråk.
Eg vart teken til Politihuset. Han som avhøyrde meg og gav meg førelegg, sa rett ut at dei måtte syte for å ta folk frå båe sider, slik at ingen kunne klage politiet for å vere partiske. Eg slapp ikkje ut før på morgonsida, samstundes med at avisa kom.
Der var Sheila Hasina på fyrste side. Ho låg framover med ein kropp på veg attover hovudet og blikket stivt festa på ein ny. Under stod det at islamistar med profesjonell kamptrening hadde gått til åtak på tilskodarane då ei svarte enkje var jordfest i går kveld. Det var eit bilete av Margareta og jenteflokken hennar òg. Der stod det at politiet hadde samla og køyrt heim unge jenter som hadde begynt å vanke med muslimane. Til og med meg var det bilete av, på veg inn i ein politibil. Det stod at politiet òg hadde funne europeiske støttespelarar til islamistane.
Og under dette hovudoppslaget stod altså ingressen til «Kidnapparane skal hemnast», artikkelen der Ronny Briseid kunne referere utvitydige truslar frå Mohammad Mosa om at blodet frå dei fire islamistane som hadde bortført Ingrid Dahlin Loe, skulle verte utlikna med minst like mykje blod frå vantru.
Eg trudde ikkje mine eigne auge. Eg vart ståande ved heisen i Politihuset og lese frå ei avis eg hadde lirka ut av bunka som bodet kom med. Medan eg stod der, kom Mark S. Mekhar.
Han såg uttrykkslaust på meg og spurde: Har du vore på fest?
Eg fortalde kva som hadde hendt. Eg kunne merke på røysta mi at eg var oppgira og tenkte at det måtte vere meir på grunn av det eg las i avisa, enn det eg hadde opplevd i arresten, for der hadde det vore ganske keisamt etter kvart. Mekhar såg verken ut til å ha moro av det eller til å verte lei for det, og endå mindre såg han ut til å ville blande seg borti førelegget.
Der var ikkje skytevåpen på nokon av sidene, sa han.
Eg hadde ikkje tenkt på det. Eg hadde hatt nok med mitt, eg tykte ikkje det hadde mangla dramatikk. Men det kunne utan tvil ha vorte mykje verre om ein overtydd «forsvarar» på den eine eller den andre sida hadde teke til å skyte. Og det kunne jo like gjerne ha dukka opp ein Randulf Leirfall – i alle fall ein Reinhardt Skjetne – der, som på dei folketomme stadene dei hadde dukka opp. Men det farlegaste våpenet som vart funne etter bråket, var ein sykkelkjetting, og den hadde visst ikkje vore brukt. Berre bare nevar var i bruk då Faadumo Awale Samakab fór til Paradis. 


Til avsnitt 78

Boka er no i sal 



Norli Galleriet bokhandel, Bergen  

Bokkkilden

Tanum nettbokhandel 

Haugen Bok 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar