onsdag 11. desember 2013

84: Seksten sortar sanning

Eg gjekk frå gravferda ved sida av Mark S. Mekhar. På innskot sa eg: Det har vore ein lang dag. Eg treng mat. Kan eg få lov å invitere deg på middag?
Nei takk, sa han. Og så sa han det motsette: Men eg treng òg mat. Eg slår gjerne fylgje på ein restaurant. På vegen dit fortklarte han prinsippet om at han ikkje tok imot invitasjonar under eit etterforskingsarbeid. Men så lenge han fekk betale sjølv, så kunne det jo vere både triveleg og nyttig å slappe litt av saman med folk som kunne ha informasjonar dei ikkje visste at han hadde bruk for.
Eg grov ikkje i den kryptiske formuleringa, men eg tenkte nok at eg sjølv kunne sagt det same.
Eg slo frampå om den indiske restauranten Marias Maharaja. Han flirte litt av namnet, men likte forslaget godt. Og fyrst snakka vi om India. Han rekna det slik at han hadde røtene sine der, sjølv om han aldri hadde budd der, og slekta der var fjern. Han kom frå eit lite stykke India i Brighton & Hove på den britiske kanalkysten. Sentralhospitalet for indiske soldatar som vart såra på Vestfronten under den fyrste verdskrigen, låg der, og i alle år sidan hadde innbyggjarane der vore venleg innstilte til indarar. Dei var ikkje så mange, men mange nok til å dele seg etter religiøse og etniske skileliner. Det var då han fortalde om dette, at me kom inn på filosofiske definisjonar av sanning og desse seksten kategoriane av den.
Før eg fekk han til å konkretisere dei, var me innom Gud som snarast. Det synte seg at han hadde svært lite til overs for den hierarkiske tenkinga frå Midtausten. Han meinte den var primitiv, og at det hadde vore ei ulukke for verda at den hadde fått så stort gjennomslag i Europa. Det har tent til å rettferdiggjere massakrar og etnisk reinsking gjennom minst tusen år! sa han.
Mark S. Mekhar sin teori om sanning gjekk om lag slik: All kultur speglar det livet menneska lever. I India var der eit mangfald av etnisitetar og kulturar heilt frå tidenes morgon, og det var lett å forstå at ulike verdiskalaer måtte aksepterast ved sida av kvarandre. Gjennom tre tusen år hadde dei drøfta visdomar om å skilje mellom kva som måtte gjelde for alle menneske, og kva som dei einskilde grupperingane kunne dyrke for seg sjølve utan at andre behøvde å bry seg. Innanfor religionen vart dette gjenspegla i eit frodig mangfald av gudar og gudinner der kvar folkegruppe eller kultur kunne dyrke sine utan å kome i religiøse konfliktar med kvarandre.
Slik er det med sanning òg, sa han. Sanning er ikkje noko som er opp og avgjort ein gong for alle, og allmenne sanningar er ikkje det same som særskilte. Og framfor alt så står dei ikkje i noka bok.
Han snakka om hinduistisk erkjenningsfilosofi og ein meir enn to tusen år gamal forfattar, Aksapada Gautama, som hadde skrive ei samling bøker som heitte Nyaya Sutra. Det var derifrå han hadde dette med seksten sanningskategoriar. Det vekte ei veldig interesse i meg dette, og etterpå har eg teke til å leite opp artiklar og bøker om det utan at eg dermed kan skryte av at eg forstår stort. Eg har vel berre oppdaga at mengda av alt eg ikkje visste noko om her i verda, er endå mykje større enn eg trudde.
Der er fire hovudkjelder til sanning, sa han: Det som kan sansast, det som kan tenkjast, det som kan samanliknast – og det som kan forklarast. Og ut frå desse kjem så dei seksten kategoriane: sanseinntrykk, det som sanseinntrykka kjem frå, tvil, hensikt, eksempel, konklusjonar, einskilde ledd i tankerekkjer, hypotesar, sameinte avgjerder, diskusjon, usemje, kverulering, vrangførestillingar, spissfindigheiter, gjennomtenkte motargument og vedgåingar.
Det var ei underleg samling, sa eg.
Det er fyrst og fremst ei dårleg omsetjing, sa han. Tanken er opphavleg forklart på eit språk som speglar mangfald, sanskrit. Når ein freistar omsetje det til eit språk som speglar einsretting, som ditt, vert det underleg.
Meiner du at sanskrit er meir moderne enn dei levande europeiske språka? spurde eg.
Då lo han, og spurde kva modernitet er. Eg sa at eg meiner menneska byggjer stein på stein og at historia difor alltid er i rørsle framover mot noko betre og vakrare og friare for alle.
Det kan vere at eg tek preg av arbeidet med dei som riv steinane ned att, sa han.
Men dei bestemmer jo ikkje hovudretninga! sa eg.
Nei vel, sa han, uttrykkslaust.
No var det meg som lo. Eg tykte det var ein fascinerande samtale. Men eg var ikkje i stand til å halde den fram på det filosofiske planet. I staden spurde eg:
Så – kva sanning opptek deg no?
Eg trur du er Passasjer 81, sa han.
Eg vart stum. Det stoppa heilt inni meg. Eg vart rett og slett heilt tom. Eg såg på han – eg såg truleg dumt på han – og spurde: Kvifor trur du det?
Det er litt vanskeleg å forklare, sa han. Men om eg no skal gjere det enkelt og ta det frå ein kant. Vrangførestillingar fyrst: Her er mange slike ute og går. Dei tydelegaste er desse som handlar om den store konspirasjonen mot byen her, anten det er den islamske eller den jødiske eller den om alle dei andre degenererte folkeslaga – eller det er frå hovudstaden i allianse med nabobyane. Du har ikkje den – det har heller ikkje Passasjer 81. Eg trur heller ikkje nokon av dykk har vrangførestillinga om menn sin valdelege grunnkarakter, dette at det må vere samanheng mellom drapstrugsmål og drap slik at bortføringa av Ingrid Loe, til dømes, innebar at ho var i livsfare.
Men Passasjer 81 er smekkfull av ei tredje vrangførestilling, nemleg ein idé om at han står utanfor – kanskje til og med over – dei samanhengane som andre menneske er vevde inn i. Og den lurar eg på om ikkje  du òg har.
Eg forstår ikkje? sa eg.
Passasjer 81 sitt prosjekt er å «verte ein som ser, ein som skjønar seg på folk, som betraktar dei, samlar informasjon om dei og testar dei utan at dei merkar det». Han skriv òg fleire gonger at han meiner folk er som blomar: «Eg vil dyrke dei, få dei til å bløme, slik at eg kan sjå på dei.» Har ikkje du òg brukt å tenkje slik?
Nei – det har eg ikkje, sa eg.
Nei vel, sa han, utan uttrykk, og gjekk vidare: Så er det bussen. Eg er litt imponert over korleis Passasjer 81 kan lese byen her gjennom ei samling tilfeldige menneske på ein buss morgon og ettermiddag. Men eg trur ikkje på at han er synsk. Eg trur han samlar inntrykk frå fleire andre stader, men at han berre skriv om bussen. Dei stadene han ikkje skriv om, er minst like viktige, og der kan det liggje forklaringar som i fyrste omgang berre finst som noko usynleg, sa han.
Og her tenkjer du på at eg køyrde buss då eg leitte etter Anne? sa eg.
Ja, mellom anna, sa han. Eg må forresten gjere deg merksam på eit anna tilhøve – de europearar har jo berre fem sansar, sa han.
Eg talde etter: sjå, høyre, lukte, kjenne, smake. Fem sansar. Har indarar fleire? spurde eg. Eit par av desse underlege rykningane som truleg var et slags smil, for over andletet hans  Me vedgår at me har ein til, sa han. Me trur at aning er ein sans som gir oss tilgang til ein kategori av sanninga.
Eg hugsa med ein gong sekvensen der Passasjer 81 skriv om menneskenaturen, at han meinte aning var viktigare enn sanning, at det var «noko ubeskriveleg mellom undringa og sanninga» og at han kalla «aning for liv og sanning for daud undring». Men før eg rakk å trekkje fram dette, sa han:
Aninga om dette usynlege i Passasjer 81 sine tekstar liknar på deg.
Nei – no snakkar du i gåter!
Han skriv ikkje om Linda Dahlin Loe ein einaste stad. Likevel er ho til stades i teksten.
Korleis er ho det?
Fyrst og fremst som uunngåeleg ledd i forklaringsrekkja. Eg veit at eg ikkje veit korleis dei fire pistolane heng saman, men då veit eg òg at det finst ein samanheng mellom det Passasjer 81 skriv at han kan sjå på bussen, og Linda Dahlin Loe.
Eg trur ikkje eg forstår.
For min del trur eg det har sin grunn i at du må kople opp to parallelle forklaringsrekkjer. Ei som deg sjølv – og ei som Passasjer 81.
Før eg rakk å kome på noko å seie, var han i gang med å konfrontere meg med endå ein sanningskategori:
Til slutt er det hensikta. Eg trur ikkje på Passasjer 81 sitt prosjekt, eg trur han lurer seg sjølv. Eg trur han er i ei slags eksistensiell krise, og at den sjette sansen hans syner han ein veg ut av krisa, men at han ikkje klarar å bevege seg i den leia. I alle høve ikkje før det er for seint. Så du kan seie at han har to hensikter: Ei opphavleg som var eit sjølvbedrag, og ei verkeleg som han ikkje kom lenger enn til aninga av før alt gjekk galt. Der slutta han å skrive – og der tok du til å handle.
Han vinka på kelneren, ei svært vakker kvinne i sari med djupe auge. Han ville gjerne betale for sitt, sa han, medan han trudde at eg kan hende ville ha litt meir, ein kaffi og ein konjakk eller noko slikt.
Eg ville det. Eg ville helst ha prata vidare med han heile natta, men den tida han hadde gitt meg, var tydelegvis gått, og eg kunne ikkje vere misnøgd med det. Eg kunne heller ikkje vere misnøgd med det innsynet han hadde gitt meg i ein av arbeidshypotesane sine. Eg forstod ikkje kvifor han hadde gjort det, og eg forstod ikkje kva slag konsekvensar det opna for.
Eg veit ikkje om eg skal kalle dette ei skulding, sa eg. Men det er i alle høve ein ganske dramatisk påstand. Men du ser ikkje ut til å vente noko svar frå meg?
Jau, det vil eg gjerne ha, sa han. Men det får kome når det kjem. Takk for hyggjeleg lag!
Han hadde reist seg og var på veg ut då eg ropte han attende med eit spørsmål: Var du innom alle seksten kategoriane no? spurde eg.
Berre fjorten, sa han.
Kva for nokon mangla? spurde eg.
Sameinte avgjerder – og vedgåinga, sa han. God natt.


Til avsnitt 85

Nye avsnitt kvar mandag, onsdag og fredag. 

Boka er no i sal 



bjorn@enes.no

Norli Galleriet bokhandel, Bergen  

Bokkkilden

Tanum nettbokhandel 

Haugen Bok 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar