Eva Trotto Moe

Fra Avsnitt 1: 

            Bibliotekaren der, Eva Trotto Moe, gjorde eigentleg ikkje noko særskilt det meste av tida, men akkurat på det viset var ho kan hende den mest tidstypiske av alle. 

**


Eg trur aldri ho sjølv kom på den tanken at bloggane kunne ha noko med henne å gjere. Ho hadde det same forholdet til tekstar anten ho las om kvinnelege diktarar i mellomalderen eller mannlege valdsmenn i samtida: Var det godt skrive, kunne ho leve seg inn i karakterane og handlingane. Men ho blanda aldri den virtuelle verda ho las om og den verkelege verda ho levde i. Ho stod på eit verkeleg busstopp, veksla ord om vêr og vind med verkelege folk, steig inn i ein verkeleg buss, sette seg på same plass kvar dag – og opna lesebrettet til den virtuelle verda der Salman Rushdie, Leo Tolstoj og Passasjer 81 var.

**

           Utanfor biblioteket og livssirkelen til Eva Trotto Moe krydde det av ulitterære menneskje, folk som aldri kom innom biblioteket, eller som berre kom dit nokre få gonger i livet for å låne bøker med tips om konfirmasjons- eller bryllaupstalar. 

**


Ho irriterte seg over ”folk flest” og inst inne forakta ho dei. Men det var lenge sidan ho hadde forsona seg med at folk i byen her aldri har vore av eitt slag.  byen her har delt seg på langs – og han  har delt seg på tvers.



Attende til sist publiserte avsnitt

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar