Forteljaren

Frå avsnitt 1:

Tidleg i dette arbeidet tenkte eg at det har lagt seg ei einsemd over tida og menneske som lever i henne. Ho har dekka til  byen her som lydlaus nysnø og gjort han ukjenneleg vakker for dei som sit attom vindauge og ser, sjølv om gatene har blitt kalde og våte for dei som går ute.
Eg såg på folk rundt meg, og på relasjonar mellom dei. for å prøve å fatte. Eg spurde meg føre, diskuterte, lytta til og las andre sine tankar og teoriar. Eg freista å setje ord på aningane som eg innimellom kjende. Men tekstane datt lenge til jorda, plumpt og utan sprett. Så tok eg til å teikne og modellere. Eg laga karakterar, elta dei om, kutta dei ut og bygde dei opp att frå botnas. Det vart eit langt, urovekkande og slitsamt arbeid. Til sist fekk karakterane sine eigne liv og truga med å dra meg og inn i ei draumeverd. Men kvar gong eg  minte meg sjølv på at det var røynda - ikkje fiksjonen - eg strevde med å fatte, så kom eg vidare.
Etter kvart vart arbeidet mitt ei til forteljing om ein by  som godt kunne ha vore, menneske i han som kanskje er og forhold mellom dei som eg kan fatte. Eg har dikta alt, alt er fantasi, alt er draumar, det er ei slags tredimensjonal simulering av det verkelege for at eg lettare skal kunne sjå korleis ting heng saman.


**

Eg budde ikkje her. Eg var innom, men eg flytta ikkje attende før det var for seint. Eg har blitt kjend med hendingane i ettertid, gjennom å sjå og høyre og freiste å fatte dei fragmenterte forteljingane til kvar av karakterane  eg har laga og sett inn i modellen.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar