Ivor Iveland


Frå avsnitt 6:


Eg må presentere ein annan kar frå Tekstilen som etter kvart kom til å få heilt avgjerande innverknad på alt det som hende, det var han som vart kalla ”Napoleon i verktøyburet”  Han heitte Ivor Iveland, han kom frå same åsen som Rudolf Steiner, men hadde rota seg bort under utdanning og hadde førebels ein jobb som kontrollør og listeførar på lageret for spesialverktøy i vedlikehaldsavdelinga på Tekstilen. Han distanserte seg sjølv frå arbeidskameratane sine, det var ein av grunnane til at dei kvitterte med å gje han kallenamn etter oppkomlingskeisaren.
Han skreiv bloggar. Eg tok til å lese dei då eg vart klar over nettsida hans. Dei var ganske godt skrive, og veldig tydeleg i innhaldet. Stort sett handla dei om at Europa stod framfor eit endeleg oppgjer med fiendar som ynskte å øydelegge alt av verdi her, alt folk her var glade i.

**


Sjølv kalla han seg Teuton.

**

Teuton kommenterte og peika ut samanhengar. Det store gjennombrotet hans kom då ein politimeister  sørpå ville finne ut om det var lettare å kommunisere med minoritetskvinner dersom dei hadde politikvinner som kunne snakke arabisk eller urdu eller tyrkisk, og som dekka håret med sjal slik mange  minoritetskvinnene sjølve gjorde.  Då skreiv Teuton den harmdirrande bloggen ”Snikislamisering av politiet”. Han ville ikkje klage politimeisteren for å vere med i samansverjinga, skreiv han. Men det var grenselaust naivt. Subversiv misjonering må møtast med fast hand, skreiv han. Det vart ein stor suksess –  sjølve vendepunktet. For fyrste gong vart han intervjua av Media Osen og fekk medhald av folk frå universitetet. Dei aller fleste var samde om at politiet ikkje måtte innføre sharia.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar