Kent Karlsen

Frå avsnitt 2:

          Du skal ikkje reise langt før du høyrer vondord frå alle kantar, sa han. Eg veit korleis det er å vere uglesett. Eg kjenner det att med ein gong. No har eg budd i andre byar i fire år, og eg har sett det bli verre og verre. Eg veit korleis me kan slå tilbake. 

**

Han vaks altså opp på skraphandlartomta der gamle Carl Jacob Mesenius Frantzén til slutt hadde slått seg ned og blitt bufast. Då Kent var liten låg tomta for seg sjølv ved eit jorde attom skura lengst vekke frå høgre breidd,  men alt då han tok til på skulen hadde byen lagt seg i ein boge rundt tomta. Kvar ettermiddag vart vesle Kent overaust med oppgraderte og tilspissa versjonar av dei forteljingane som dei andre borna hadde høyrt foreldra  utveksle ved middagsbordet, om rotet, støvet og luktene frå skraphandlartomta.

**

           Han forstod at dei kjende seg lukkelege, sterke og samde når dei stod i ring og ropte i kor, om det var godt eller vondt det dei ropte. Men han lærte og at om han tok dei ein og ein, så var dei tvilande og formelege. Han kunne truge og få dei til å krype av redsle – og han kunne ta dei med det gode og få dei til å krype enda meir medgjerlige av takksemd for at han ikkje slo eller ikkje steina eller ikkje sa det stygge dei var reddast for at han skulle seie.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar