Linda Dahlin Loe

Frå avsnitt 9:

           "Eg mista sonen min i vald. Han som gjorde det ville drepe meg og – han slo meg mest i hel. Alt dette velta opp i meg då eg høyrde det som hende på radioen." 


Frå avsnitt 3: 

......... eg kjende henne att då eg såg henne i ein underleg situasjon ein kveld utanfor puben ”Korridoren”. To karar hadde kome opp i krangel, dørvakta stod makteslaus. Den største drog til den minste så han datt i bakken, og  etterpå ville den største til å sparke han som låg nede. Dørvakta ropte at han skulle stanse, det var som å hive bensin på flammen.
Då var ho der brått. Ho gjekk heilt innpå sværingen, så tett på at han ikkje kunne få drag på armane. Ho snakka lågt til han, ingen rundt kunne høyre kva ho sa. Han vart som eit lam, armane sokk, han snakka like lågt attende. Ho snudde han rundt. Så gjekk ho. Han stod berre og glante. Etter ei lita stund ropte etter henne: Det var han som begynte! Eg gjorde ikkje anna enn å forsvare meg! Høyrer du! Drittkjerring! 

**


Det hadde ikkje alltid vore så vakkert å sjå på når jentungen kom for å hente heim den gamle far sin. Han slo henne ikkje medan folk såg på. Men folk gjorde seg tankar om kor blåveisane hennar stamma frå. Det var som ein svart og ein kvit djevel slåst om munnhola hans der han vakla seg heimetter ved sida hennar. La meg i fred! Kunne han brøle. Eg er ein fri mann!! Nei, du har rett. Engelen min. Du har alltid rett du, Linda. Kva faen – det er ikkje her vi skal! Eg har ikkje tid! Ja ja – mor ventar. Det er middag. Har du laga middag til meg att. Kva skulle eg gjort utan deg. Slepp meg, seier eg! Gestapofitte!

** 


Linda Dahlin Loe strei nok gjennom heile oppveksten med å kvitte seg med begge sider av dobbeltordet sitt. Ho ville ikkje vere tøff, ho dreiv ikkje idrettar og eksperimenterte ikkje med rus. Ho ville nok heller ikkje vere dumsnill og ufri, men støtt og stadig vikla ho seg inn i relasjonar til mannfolk som hadde far hennar sine trekk, både på godt og på vondt. Dei saug ut av henne alt ho hadde å gje dei, og etterpå rakka dei ned på henne for alle som ville høyre. Venninner fekk ho aldri. Dei var redde for mennene rundt henne, og for alt som vart sagt om henne, dei var vel redde for at noko av desse orda skulle farge over på deira eigne omdøme om dei fekk henne for tett på livet. Ho sakna dei ikkje heller. Kvinner var drepande keisame. 

Attende til sist publiserte avsnitt

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar