Malin Meyer ("Lolita")

Frå episode 8: 

(Radiorporter Rudolf Steiner):
"Eg har jo vore her før – dette er ei verksemd som har som visjon å hjelpe menneske som treng ei handstrekking for å kome seg opp å stå – her kjem eg inn i monteringshallen, her er heilt stille, ingen å sjå. Hallo ? Er her nokon her? Nei, det kan ikkje vere ……… Nei – Gud! Kva er det……. Hallo – kan du høyre meg? Er du skadd?  Du blør – er du – kan du høyre meg?"

Folk som fylgde sendinga kunne ei tynn stemme som kviskra:  "Eg har ikkje gjort….."

Rudolf Steiner si stemme brast. "Det ligg ei jente her – på golvet – kan nokon kome? Kan nokon ringe etter ambulanse? Ho blør – her er mykje blod – hei – du må ikkje – kan du – kor har du vondt –"

"---- har ikkje---"  mumla den tynne stemma.

Frå avsnitt 10: 

Linda spora opp kven som var rådgjevar på skulen den døde jenta høyrde til. (.....) Han var ein godt vaksen mann. Svært godt – nærare seksti kanskje. Men glimt i auga hadde han, og han hadde slett ikkje noko imot at denne unge kvinna brått stod i døra hans og spurte om å få kome inn.  (.....)

Ho heitte Malin Meyer. Ho hadde store lærevanskar, ho kunne nok aldri bli anna enn fabrikkarbeidar. Så han hadde hjelpt henne til industripraksis – og han var djupt ulukkeleg over det som hadde hendt.

Lærevanskane var vel slik som lærevanskar brukar å vere – han hadde aldri undervist henne sjølv, men alle lærarane som hadde hatt henne hadde meldt same problem. Ho sa aldri noko i timane,  rekte aldri opp handa, kunne aldri svare når dei spurde henne direkte. Ho hadde ikkje mange vener og kunne nok lett blitt eit mobbeoffer, men han trudde ikkje det hadde hendt. Dei hadde svært høg beredskap mot mobbing på skulen der. Men ho seinka framdrifta i klassen sin. Det var ei belastning å ha henne der – dei kunne aldri slappe av og rekne med at ho fekk med seg det ho skulle lære og at ho fekk gå i fred for dei andre. Etter kvart som ho vaks til fekk ho og ein – kva skal ein seie – uroande innverknad på gutane.

Frå avsnitt 3 (Alt tyder på at Malin Meyer vart introdusert av Passasjer 81 i avsnitt 3): 

"Men i dag er alle mest opptekne av dette nye mennesket som er komen på. Eg har alt kalla henne for Lolita på grunn av det jaga uttrykket. Ho ser ut som at ho har lyst å rømme kvar gong ho høyrer ein lyd eller krefter tek tak i henne, som når  ho vert pressa mot veggen i ein sving, eller mot sidemannen,  eller framover i ei oppbremsing. Men ho trur ikkje ho kan klare det, så ho gir seg, og det er desse sterke signala om at ho gir seg som fangar alle her." 


Frå avsnitt 7:


(Passasjer 81):  "Ho står med lampeskjermane. Der er nokre psykisk utviklingshemma der, og resten er gutar med åtferdsvanskar og jenter med lærevanskar. Ho tykkjer ikkje nokon er snille der og ho likar seg ikkje og ho vil helst ikkje vere der. "


Frå avsnitt 8:



(Passasjer 81): "Men noko har hendt med henne, noko har målretta henne, noko har lagt seg som eit panser utapå henne. Ho går rett til Alvarez og set seg ved sida hans.

Mamma skal ringe til skulen i dag! Seier ho. Alvarez ser ikkje så glad ut. Det er fint, seier han, men du må ikkje vone for sterkt, for det vert ikkje enkelt for henne aleine å snakke med rådgjevaren og rektor. Ho skulle latt meg bli med henne til dei, seier han."



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar