Mehmet Habini

Frå avsnitt 16: 

Mehmet Habini vart introdusert i avsnitt 16, då Linda kom ut etter møtet med leiaren av AS Reint & Rimeleg. Han sto ved veggen og reflekterte over at ingen av dei tilsette brukte syklar, som Linda
"Men her viklar folk seg inn i ei slags sorg over at dei ikkje har bil, og så ser dei ikkje etter  andre måtar å flytte seg på. Det er ein slags fattigmannsdeterminisme."

 Frå avsnitt 17

I avsnitt 17 vert det tydeleg at både Passasjer 81 og forteljaren snakkar om same mannen. Passasjer 81:
"Eg har møtt ein av dei som arbeider for deg, seier eg. Han heiter Habini eller noko slikt. Ingen hos meg heiter det, seier ho. Nei – han heiter Mehmet og eit eller anna -ini, seier eg. Å, Mehmet, seier ho. Han er ein pratmakar. Han sa at han er professor i filosofi? Seier eg. Ja, det er jo det eg seier, seier ho."
"Det var han som brukte biletet med basaren på Lady Raud si verksemd. Han sa at det ikkje var så lett for han å forstå alle dei underlige forholda her i byen, men ein ting hadde han fått tak på, og det var kor grunnleggande viktig basarmentaliteten var i alle relasjonar.  Det er som om folk aldri stenger kremmarbuene sine, sa han."
Lenger nede i avsnittet fortel "eg" frå  det andre møtet mellom Linda og Mehmet:
"Eg er filosofilærar frå universitetet i Bagdad.  Kvifor er du reservearbeidar her? Av di vår store leiar ikkje ynskjer å gje meg fast arbeid. Men ho vil gjerne ha meg som ein ståande reserve – bokstaveleg talt." 
"Eg kom meg unna i tide – ingen har skote på meg eller slått meg helselaus. Men det gjekk slik med fleire av dei som sa eg var dum som stakk frå ein god jobb på universitetet. Det var ikkje sikkert eg ville få nokon like god jobb der eg kom, sa dei. Og dei fekk langt på veg rett. Men eg lever. Det gjer ikkje dei."
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar