Olave Mario de la Polvora ("Alvarez")

Olave Mario de la Polvora vert introdusert av Passasjer 81 alt i Avsnitt 1. Han kallar han ”Alvarez”:

Alvarez er han som  ser ut til å bere så mykje alvor med seg heile tida. Eg seier ser ut, for eg er slett ikkje sikker på om han fortener namnet. Det kan vere at han berre er humørlaus, fantasilaus, med låg sosial intelligens. Handlekraftig er han i alle høve ikkje. Han står berre og ser tomt framfor seg medan Lady Raud sit på plassen hans. 

Lenger nede spekulerar (eller refererar?) han fylgjande:
I nokre få år – frå han nett hadde lagt barndomen attom seg til han så vidt hadde passert 20 - var han med på å bygge framtid i sitt eige land  og for det vart han jaga som ein tjuv, jakta som ein kjeltring. Han måtte løfte Carmencita over muren til ein framand ambassade og trygle og be for seg og no har han levd som ein  annanrangs borgar i førti år i dette andre landet der folk tok den faste plassen hans utan ein gong å sjå han. Det beste hadde kan hende vore å gjere som Companero Salvador – å sjå nederlaget i auga og døy med ære om enn for eiga hand. 

I Avsnitt 7 ser det ut til at Passasjer 81 har endrea syn på ”Alvarez”:
Eg tenkjer: Alvarez er ein krigar. Han er ikkje noko rovdyr. Han tek ansvar når snødriver stoggar Transportselskapet og vanetankar stoggar ei barn. Han tek kommandoen og manar oss andre til innsats: Un’ – dos – treees! 
Etter kvar vert "Alvarez ein slags hovudperson i Passasjer 81 si forteljing, og respekten hans stig. I avsnitt 19 kommenterear han dette slik:
Då eg fekk auge på han tenkte eg fyrst at han måtte bere mykje alvor med seg.  Seinare tenkte eg at han heller var  humørlaus, fantasilaus, med låg sosial intelligens, og då  Lady Raud tok setet hans tenkte eg at han mangla handlekraft og. Det meste av dette var feil. Det er varme han er full av. Han fjasar ikkje, men han strør om seg med gode ord og han kan vere djupt morosam. Han er skarp, kreativ – og offensiv. 
......:
Alvarez i eit nøtteskal var mannen som såg den ulukkelege Lolita og som spontant klappa på setet ved sida av seg - Vesle jente, du kan sitje her – som gjekk til mor hennar då den tragiske meldinga kom, som gjekk for å snakke med dei som kunne ha sett drapet, som gjekk til politiet og bad om å bli avhøyrd – og som snakka så høgt mot utomsnakket i skulestyresalen at han blei klubba av ordstyraren.
.........
Eg spurde han – i går kveld – korleis han var blitt slik? Ka då blitt? Sa han, og då eg freista forklare såg han rart på meg og sa at han hadde vore barn, han hadde hatt vener og uvener, familie og naboar, han hadde sett rettferd og urettferd så lenge han hadde levd og hadde aldri tenkt annleis enn at dei som hadde bruk for hjelp måtte få det. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar