Passasjer 81


Frå Avsnitt 1: 

Eit trekk som skilte denne måndagen frå andre var at ein som kalla seg Passasjer 81 tok til med å publisere bloggar. I to veker sende han ut  to bloggar kvar kvardag. Så var det slutt.  Han fekk ikkje mange lesarar medan han skreiv – men etterpå steig lesartala fram til rettssaka. Etterpå har dei gått i bylgjer etter kvart som nye forfattarar eller biletkunstnarar eller songarar har teke saka opp att med ulike skuldingar om kva som skal ha hendt med han.

 **



"Du ser ikkje meg. Du kan sjå deg rundt, du kan setje deg på eit av desse seta som vender motsett veg og studere folk her, men du vil ikkje finne meg. Eg vil ikkje møte blikket ditt,  blunke, lette umerkeleg på den eine handa for å stadfeste at ja, det er eg, hei hei. Nei – eg vil gli inn i rekka av lukka, innvendte andlet utan blikkretning. Om nokon møter auga dine  vil ho eller han sjå hastig bort eller raudne. Om ikkje det er ein av desse få frekke, morosame som fangar deg, ein av desse som alltid er klare for ein flørt eller eit gap."

Frå avsnitt 2:

"Eg kunne ha sagt at eg ville bli ein som ser, ein som skjønar seg på folk, som betraktar dei, samlar informasjon om dei og testar dei utan at dei merkar det. Eg kunne ha sagt  at folk er som blomar, Eg vil dyrke dei,  få dei til å bløme, slik at eg kan sjå  på dei. Eg kunne godt ha sagt at eg ville lukte på dei og, men det hadde eg nok ikkje sagt. Det høver seg ikkje, trur eg. Ikkje til ei dame, ikkje til ei dame som attpåtil er rund og triveleg og sikkert ganske sanseleg."

Frå avsnitt 8:

Korleis kunne denne mannen vite?Ein kan godt seie at det etter kvart vart eit kjernespørsmål. Kven er han eller var han, og korleis kunne han vite? Eg diskuterte det fleire gonger med Eva Trotto Moe før ho til sist fann ut av det.  Sjølv om han kan ha høyrt om den fryktelege hendinga på Cosy Lamps før han skreiv dei siste setningane i morgonbloggen sin på fredag den 5., så var det framleis uforståeleg at han kunne ta til å skrive om eit jentebarn på arbeidstrening ein tysdag, fylgje opp karakterbeskrivinga på onsdag og torsdag som om han skulle vite at ho skulle bli skoten på fredag.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar