Reinhardt Skjetne

Frå avsnitt 13: 

Han kom fyrste gong til biblioteket i august. Han likte seg visst og kom att. Han hadde openbert ikkje så mykje anna å gå til, så han kom oftare og oftare. Sidan oktober hadde han vore der kvar dag. Han kom når dei opna dørene – ofte stod han utanfor og venta – og han sat til klokka fire, ganske nøyaktig. 
........ 
Han var lågmælt og høfleg, men hadde underleg stirande auge når han kom og bad om hjelp. Han var interessert i gamle utgåver av Bibelen, apokryfiske skrifter, og bøker om gamal historie.
......... 
I ettertid har det synt seg at Reinhardt Skjetne arbeidde med eit stort prosjekt. Han skulle finne kjeldestoffet som dei ikkje kunne tale seg bort frå, alle dei som hadde gjort seg rike og mektige på å fornekte sanninga om det store spelet som går føre seg i verda. Han skulle skrive eit litterært verk som skulle få Guds utvalde til å reise seg.
.......
Han gjekk heim til hybelen som han leigde i kjellaren til ein av dei som seinare vart oppsagde på Tekstilen. Der sette han seg til bordet der for å skrive eit nytt kapitel i eposet om det vonlause opprøret i Gaza og på Vestbreidda i året 722 før Kristus, det som fekk til utgang at kong Sargon den andre deporterte ti av dei tolv israelske stammane til Assyria og områda rundt det Kaspiske havet.
......
Løgna var at dei tapte stammane vart borte. For det vart dei ikkje!  Sanninga var at dei hadde vandra inn i Europa. Dei var Europa sine fyrste kvite, blåøygde, høgreiste, lyshåra og intelligente stammefolk. Det var dei som vart kalla germanarar under dei store folkevandringane.  Løgnarane sin plan  var å forvirre dei europeiske folkeslaga slik at dei sataniske kreftene no – meir enn to tusen sju hundre år seinare – kunne fullføre den utryddinga som kong Sargon ikkje makta. 
 

 

 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar