Rudolf Steiner

Frå Avsnitt 4: 


 Rudolf Steiner var kalla opp etter faren sitt store ideal og hadde lidd under det heile livet. Guten var heller ikkje heime nokon stad, han var ikkje fin nok for foreldra til ungane på toppen av åsen, og han var for fin for dei som krydde rundt blokkene i botnen. Ikkje ein gong på skuleveg eller i skulegard fekk han prøve seg, for lenge  før dei andre tok til å somle og more seg av garde dit vart han skyssa  i minibuss til Steinerskulen. Den låg på venstre breidd, så langt frå sentrum at dei måtte lære seg om sprøytespissar og dørlåsar lenge før dei kunne ta til med fyrste ringdans. Gjennom heile barndomen og den tidlege ungdomstida vart han verna mot verda utanfor dei antroposofiske sirklane. Det grunnla ein lengt i han som gjorde han til noko heilt for seg sjølv då han vart journalist.

**

           Han fannnoko stort i kvart einaste menneske han vart sendt ut for å intervjue, sa folk  – i alle fall så fann han ei historie der. Måtte han, så la han vel til eitt og anna for eigen del. Vanlegvis fekk det intervjuobjektet til å trivast og historia til å vekse. Han vart diktar, like mykje som journalist, når sant skal seiast. Men han var så snill av seg at han gjekk fri den skarpe sensuren som lesarane elles brukar å stå for. Dei sat med varme kjensler og sa til kvarandre – dei som visste betre – at det han her skriv kan jo ikkje vere riktig, men det er jo godt sagt. 



Attende til sist publiserte avsnitt 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar