mandag 22. juli 2013

23: Vesle Toro (Publisert 22/7-2013)

            (Samandrag "Til minne om Linda" - avsn. 1-22)

            Det vart fredag, den 12. dagen i forteljinga. 

            Publiseringa av dette bloggavsnittet fell saman med toårsdagen. 

            Om morgonen publiserte Passasjer 81 dette: 


Morgonblogg:  Vakkert. 

Av Passasjer 81:
Elvis og Lady Raud skrir gjennom bussen. Han fyrst, i dag skannar han alle fjesa han går forbi. Mange bukkar – nokre seier korte setningar: Vel talt! Imponerande! Eller berre – såg deg på fjernsynet – der er bilete av deg i avisa i dag, har du sett det? Ho kjem like bak. Byrg. Glad.
Det vart ein utruleg spesiell kveld! Det peip og dura i kvar einaste mobiltelefon i heile byen ettermiddagen gjennom. Sjå hovudsendinga på Rikskanalen – kom på Kulturtorget etterpå for å forsvare byen vår! stod der. Send vidare.....
Det er ikkje ofte der er reportasjar frå vår by på Rikskanalen,  og hender det er det mest alltid på grunn av noko leit. Det var den store barnedrapssaka, ei korrupsjonssak under førre byrådet, ein religiøs svermar som tok heile byen til inntekt for sine idear, og så trafikkproblema.
No kom ei ny slik forteljing. Sterke spenningar under overflata, sa dei frå studio. Marginalisering av svake grupper – ser vi første teikn på reaksjon? Så gjekk dei rett på eit bilete av Cosy Lamps. Her arbeider psykisk utviklingshemma med dårleg tilsyn og utan pedagogisk opplegg. Sist fredag vart ei jente skoten her, sa reporterstemma. Nytt bilete – reingjeringsverksemda til Mama Harjet. Den grøne døra stod open, ein politibil med blålyset på stod skrått over den fulle parkeringsplassen. Her arbeider berre  innvandrarar med mangelfull utdanning, mangelfullt språk, manglande kjennskap til vår kultur. Ein einaste kvit arbeider her – i dag tidleg vart ho funnen skoten.
Politimann: Samanheng  er ein av fleire teoriar. Det er jo – eh – spesielle miljø begge stader.
Landskjend reporter, på Kulturtorget:  På overflata ser alt harmonisk ut. Men gjeld det berre dei vellukka? Er den kommunale spareiveren gått for langt?
Elvis: Det kan ikkje vere rett å sende dei til arbeidsplassar med utilreknelege,  utan pedagogisk opplegg og med så dårleg tilsyn at dei ansvarlige ikkje oppdagar drap før dei høyrer om det på radio? 
Og meir var det ikkje. Likevel klarte kampanjen til Lady Raud å piske opp eit svært folkemøte på Kulturtorget klokka ni om kvelden. Mitt i sendetida til Rikskanalen si største Siste Nytt-sending. Der stod Elvis framfor eit hav av faklar. 
Me lar ingen få øydelegge våre særtrekk – vår kultur – våre verdiar! Sa han med ettertrykk. Det er heilt feil å påstå at det ulmar under overflata i vår by - og slike feil må rettast på timen! Fakkelhavet klappa, og den landskjende reporteren sa: Dei uforklarlege drapa har sett byen i opprør. Og så kom filosofen – reserven på Mama Harjet sitt lag, han som heiter Mehmet med etternamnet som  eg ikkje får tak i, heller ikkje då det stod på skjermen:
Djupt i oss er me alle fyrst og fremst menneske! Sa han. Eg reknar med at han sa meir enn det,  men det var så mykje dei hadde plass til  i fjernsynet.
Det var jo ikkje all verda, men det var nok til at Elvis og  Lady Raud går som ein sigersrunde  gjennom bussen til dei faste plassane sine i dag.
Kva med deg? Var du der i går? Det var jo din arena? Du kunne jo halde ekstra opent? Du kunne stilt ut dei mest kjende verka om byen sine særtrekk, forteljinga om korleis folk hjelpte kvarandre då leigehæren til han der kjende generalen – Fi, var det ikkje det han heitte - låg rundt byen i seks månader i 1620 og stoppa all mat og all brenne? Eller samhaldet då det verkeleg gjaldt – i 1830, 1848, 1872, 1905, 1918 og 1939-45?  For ikkje å snakke om 1968 og 1989??
Du kunne selt krydderté frå India og lete folk varme seg inne hos deg, du kunne veksla ord med dei om kor fint alt er, kor vakkert, kor innarbeidd, kor djupt og ekte og tragisk det er at to uskuldige menneske skulle bli skotne på ei veke! Men kor fint og kor vakkert og kor djupt og så bortetter.
Gjorde du det? Eg gjorde ikkje. Eg må ta konsekvensane av mine handlingar. Vert det tid eller noko til overs nyt eg gjerne fruktene av dei og. Som snittane me handla inn til i går. Eg hjelpte mora til Lolita og kona til Alvarez – Carmencita – med å førebu Lolita si minnestund i dag. Han sjølv fekk ikkje fred før han hadde vore heime til Mama Harjet for å kondolere dei som sat att etter henne. Han var tilbake til Siste Nytt-sendinga, me såg den i lag.
Mor til Lolita gret etterpå. Det er som om ho aldri har vore, sa ho. Der står eit heilt folkehav på Kulturtorget fordi ho er drepen, men eg trur ikkje ein einaste av dei tenkjer på henne. Ingen snakkar om henne, og me lagar sikkert snittane i fånytta. Ingen av dei kjem i morgon.
Eg såg ned. Alvarez såg ned. Carmencita såg ned. Kva skulle me sei?
Der var ingen der heller, sa Alvarez etter ei pause. Eg ringde på for å spørje naboen. Dei hadde sikringslenke på, dei spurde kva eg ville.  Ho er død, sa dei berre, skoten av ein utlending. Og så stengde dei.
Carmencita knepte hendene og sa stille medan ei tåre rann ned det venstra kinnet hennar.

Vesle Toro. 




Snarveg: www.bloggforteljing.no 




Ein digresjon - den 22/7 2013

Publiseringa av avsnitt 23 fell saman med toårsdagen for massakren på Utøya og terrorbombinga av Regjeringskvartalet.  Det er ein dag med mange tankar, og den verkelege eg - forfattar Bjørn Enes - klarar ikkje å avstå frå fylgjande refleksjon denne dagen: 

Ein må ikkje sjå seg blind på fryktdyrkinga heller, når ein forsøker å forstå 22/7 og kor neste anslag kjem.  Ein må interessere seg for heile økosystemet.

Eg trur og at frykt er viktig. Eg er samd med Maren Næss Olsen (Morgenbladet 19-25/7) i at der er mykje å lære av den siste borgarkrigen på Balkan, der forfattarar, prestar og intellektuelle dyrka fram ein frykt for muslimar (og kroatar) som i neste omgang vart nyttig energi for politiske opportunistar. Eg var der sjølv som reporter, og møtte folk med tunge våpen som på fullt alvor sa at dei skaut granatane sine mot uvæpna bønder for å forsvare eigne kvinner og born mot utrydding.
Frykta på Balkan var av nærast mytologisk karakter. Det same gjeld dei mytane som vert dyrka av ”Fjordmann” og hundrevis mindre synlege (men vel så aktive) trusfellar. Dei trur og hevdar  at det eksisterer hundreårsgamle planar om ”snikislamisering” og innføring av sharia. Kvar barnefødsel er del av ein demografisk invasjon og kvart hovudtørkle er som ei fane for angripande hordar. 
Frank Rossanvik gav nyleg ein god illustrasjon på korleis denne mytologien spreier seg inn mellom meir alminnelege intellektuelle. I artikkelen ”Overjeg og underjeg” (Morgenbladet 12-18/7) vedgjekk han at han kjenner ”grumset” i sitt eige ”underjeg”. Essensen av den gamalfreudianske metaforen hans er om lag slik: Når sant skal seiast så likar han ikkje muslimar han heller. Han kjenner frykt  – og han har ikkje lyst å halde kjeft om det lenger. Han skriv ikkje at han ynskjer nokon til å rydde opp.  Men eg er litt redd for at det berre er av di han ikkje ser konsekvensane av generaliseringane sine.
Ignorante menneske generaliserar for mykje – det veit alle med eit minimum av breidde i si kontaktflate. Men eg meiner å kunne sjå ein tendens til at fleire og fleire ”alminnelige” intellektuelle får lågare tersklar for grove forenklingar. I alle fall når det gjeld muslimar og romfolk,  ser det ut til å ha blitt ”greitt nok” å være indifferent eller likesæl både til mytar og grove forenklingar, både frå lek og lærd. I norsk tradisjon har det for eksempel vore rekna som svært uhøfleg å uttrykke forakt for fattige menneske. Men no ser det for meg ut til at sjikanerande ytringar om tiggarar både vert uttrykt og tolerert med skuldertrekk langt inn i den kritiske intelligentsiaen.
Den avanserte arbeidsdelinga i det seinmoderne samfunnet fører til ei naturleg fragmentering både av kunnskap og ansvar. Men dette er også farleg – noko som kom grotesk til syne den 22. juli i forfjor. Etter mitt syn, var den viktigaste bodskapen frå Gjørvkommisjonen at her trengs ein renessanse for heilskapleg tenking og ansvarleggjering. Men diskusjonen om denne bodskapen har enno ikkje kome i gang, tykkjer eg. Den drukna i mediekonkurransen om kven som fyrst kunne peike ut den statsråden som måtte gå.
Ein må interessere seg både for frykt- og mytedyrking, indifferens og fragmentering av kunnskap og ansvar om ein skal forstå korleis mordaren på Utøya kunne utvikle verdsbiletet sitt og gjennomføre førebuingar og sjølve handlingane utan at noko eller nokon stoppa han. Alle faktorane heng saman og påverkar kvarandre – dei utgjer eit slags økologisk system. I tillegg trur eg at ”kallsopplevinga” hans må forståast i samanheng trongen til å vere viktig eller i det minste kjend. Den vert og dyrka intensivt, både i alminneleg middelklasse, personfokuserte media og virtuelle fantasiunivers. Det treng diverre ikkje vere særleg originalt å tenkje som Breivik gjorde då verdsbiletet hans var komplett: Då mangla berre ”helten” som kunne ordne opp – det gav den elles ganske mislukka guten ein sjanse for livet.
Maren Ness Olsen har rett i at sjølv om Fjordmann ikkje kan haldast ansvarleg  for drapa som Breivik utførte, så må både han og ålmenta leve med at  ”ord har blitt til handling før”. Eg vil gjerne leggje til at også intellektuell likesæle,  ansvarsfråskriving og opportunistisk utnytting av energien i ”mytologisk” frykt og fordomar mot minoritetar, har vore med på å gjere ord til handling tidlegare. Og mykje tyder på at vekstvilkår er til stades for heile køar av unge menneske som kan tenkje seg å investere liv og ettermæle i handlingar som gjer dei viktige i subkulturar og kjende i all verda.
Eg tvilar på verdien av forsking på slike komplekse erkjenningar om dette. Eg trur heller at det er ei litterær utfordring, at det  handlar om å setje ord på og teikne bilete av noko som me alle kan kjenne på oss og sjå rundt oss og som me alle har noko med, slik Øverland gjorde då han skreiv ”Du skal ikkje sove”.
Eg trur ikkje ”økosystemet” er særskilt norsk heller. Det er på tide at me melder oss på i det internasjonale ordskiftet om dei nye variantane av fascistisk framvekst. 

22. juli 2013 - Bjørn Enes