fredag 25. oktober 2013

Samandrag - "Til minne om Linda", Del 2 til no

Del 1 av romanen ”Til minne om Linda”  handlar om ein by som vert skaka opp gjennom tre vinterveker. 
Onsdag i veke 1 går nøkkelverksemda i byen konkurs, og tusen arbeidarar vert arbeidslause. 
Fredag morgon, midt under direkte sending, finn ein populær radioreporter ei døyande skulejente på ein verna verkstad. Ein pistol ligg ved sida av henne. 
Onsdag i veka etter vert ein liknande pistol med serienummer rett etter den fyrste, funnen ved liket av eigaren av eit reingjeringsbyrå der det så å seie berre arbeider utlendingar. 
Fredag vert ein tredje pistol i serien funnen utanfor moskeen. Gjennom lang tid har ulike personar åtvara mot utlendingar generelt og muslimar spesielt – no flammar det opp ei veldig opprørt stemning.  
Hovudkarakteren Linda har ingenting med noko av dette å gjere. Ho og dottera Ingrid lever så anonymt som råd for at ikkje eksmannen – som har truga med å drepe Linda – skal oppdage at dei har kome heim att etter tre år med hemmeleg identitet.
Fredag i veke to toppar alt seg – det meste av handlinga går føre seg den dagen. Eksmannen finn og bortfører Ingrid. Men Linda og venene hennar overlistar han og hentar Ingrid heim att. Då går eksmannen til radioen og seier at dottera hans er bortført av muslimske terroristar som kidnappar unge jenter. Alt toppar seg mot kvelden og det ender med eit brutalt og blodig massedrap.
Rundt denne hendingsrekka kretsar eit stort galleri av personar. Dei lever ulike liv, og det er ganske vanleg å meine at ein ikkje har noko å gjere med dei andre i byen. Ein anonym bloggar – ”Passasjer 81”  -  samanliknar denne tilstanden i byen med fysikkuttrykket ”indifferent likevekt” 
Ein karakter i mylderet av personar er Reinhardt Skjetne, ein einstøing som dyrkar tanken om seg sjølv som kalla til store gjerningar når tida er inne. Ved eit tilfelle finn han ein pistol tidleg på den urolege fredagen. Dette tolkar han som bod brå Gud om at dagen no er komen. Det er dette som fører til den blodige avslutninga av dag 12.
Etterforskar Mark S. Mekhar forstår at Skjetne ikkje har noko å gjere med dei to fyrste drapa. Når han frigjer seg frå tanken om ein overordna plan eller organisasjon, oppklarar han lett dei to fyrste hendingane også. Alt ser ut til å vere tilfeldige utslag av at det dukka opp pistolar på uforklarleg vis.
            Eit grundigare samandrag av Del 1 finn du her

Del 2:
           I Del 2 tek forteljaren - egpsersonen - tydelegare fram. Det syner seg at han ikkje var i byen under dei fryktelege hendingane, men flytta dit ("flytta attende") same helga.
           I avsnitt 59 får me høyre korleis dei tre kvinnene som delte bustad med Faduumo fekk høyre om drapet på henne. Det viser seg å vere ei lygn at ho hadde foreldre i byen, og dei tre tek på seg å organisere gravferda. Både Faduumo og venene er muslimar, og dei har vanskar før dei finn ein imam som vil lesa sjølv om de tre kvinnene krevjer å få bere Faduumo til grava. Det viser seg at heller ikkje Mehmet har slekt, og dei tre kvinnene tek på seg å organisere hans gravfrerd også.
           Avsnitt 60 handlar om reaksjonane på drapa: Det vert lenge teke for gitt at det var ein muslimsk terrorist som var mordaren. Då det viste seg at det var ein kristen frå byen her, var det fyrst mange som ikkje trudde det. Men så skreiv Ivor Iveland bloggen "Rydd opp!" der han likevel la skulda for drapa på muslimane: Dei hadde jo teke til å bortføre jenter, og denne stakkars mannen hadde overreagert. Politiet, som hadde vore så passive at folk sjølve måtte ordne opp, måtte dele ansvaret med muslimane.




Boka er no i sal 



ISBN 978-82-92712-94-8

472 sider - Kr. 300,- 


Kan tingast hos 










Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar