fredag 16. august 2013

Samandrag fram til kvelden av dag 12.

Dag 12 - den dramatiske dagen 
             To mord har hendt - ei jente er bortført - det er terroralarm i byen. 
           
 Dag 5 - ein fredag - vert 13 år gamle Malin Meyer funnen  på ein verna verkstad. 
             Dag 11 - torsdagen etter - vert Angelique Fuglesang  funnen på kontoret i reingjeringsverksemda ho eig. Pistolar med same merke og serienummer etter kvarandre er funne ved sida av dei døde. Riksmedia slår drapssakene stort opp og spør om dei er symptom på sterke sosiale spenningar i byen. Byrådet og Sentrumsforeininga oppfattar dette som eit åtak på byen, og innkallar til Torgmøte for å demonstrere samhald. Under møtet trugar Kent Karlsen med å drepe Linda Dahlin Loe medan ho freistar å gjere opptak av ein tale. Slik får ho opptak av trugsmålet, og torsdag kveld publiserar ho det ut på Facebook. 
             Dag 12 (fredag) hender svært mykje: 
             Kl 07:30 tek Linda på impuls eit bilete på morgonbussen av folk som snakkar om drapet på Malin Meyer. Ho kjem på at ho kan vise dei til eit mogleg augevitne, den psykisk utviklingshemma Arnt Helge. Han kjenner att folk på bileta ho har tatt - og brått reagerer han med redsle: "Pang - pang - farleg mann!" ropar han. Han kastar frå seg telefonen - og den landar i eit akvarium og vert øydelagt. 
             Klokka 08:30 får Kent Kent Karlsen tips om at opptaket av trugsmålet er publisert. Han tek kontakt med kjente i Facebookadministrasjonen og får dei til å fjerne det ved å vise til opphavsretten. Han syrgjer også for at Linda sin profil vert sletta. Men Linda si dottera Ingrid har og lagt ut trugsmålet - med eit anna filnamn. Venninna Faduumo Awale Samakab kopierer, gir opptaket endå eit nytt namn - og ber andre gjere det same. Slik vert opptaket spreidd via unge jenter og innvandrarkvinner.
             Klokka 10 vert Linda si dotter, Ingrid, send til Rektor for å tilstå kva ho har sagt om trugsmålet mot mora. Rektor har stor respekt for Karlsen, og då han framleis står oppført som "stefar" og Linda ikkje svarar på telefonen (som jo er øydelagt) ringer ho til Kent Karlsen og ber han hente Ingrid.
             Informasjonar og meiningar om det som har hendt så langt, sprer seg i ulike nett i byen.  I avsnitt 31 diskuterer etterforskarane Mekhar og Halvorsen ulike teoriar. I avsnitt 32 styrer radioreporter Steiner ein studiodebatt om det som har hendt. Under overflata veks to straumdrag, mellom anna i sosiale media. :I det eine vert opptaket av drapstrugsmålet spreidd  I det andre vert den same Kent Karlsen rekna som redningsmannen for byen.
            Kl. 12 startar gravferda til Malin Meyer. Der møter Linda for fyrste gong chilenaren Olave Mario - han som til forveksling liknar på karakteren "Alvarez" i Passasjer 81 sine bloggar. Både Linda og Olave har trong til å vite kva som hende med Malin. Begge går i minnestunda etter gravferda. 
            Kl. 12:45 - rett etter gravferda - får Faduumo tips om at Karlsen har klart å bortføre Ingrid. Reint intuitivt klarar ho å gøyme mobiltelefonen sin i Kent Karlsen sin bil - og etterpå kan ho spore telefonen og sjå kor Kent dreg med Ingrid. Ho får ikkje tak i Linda, og ber difor arbeidskameraten hennar, Mehmet Habini, om å dra til minnestunda og orientere Linda. På vegen vil han berre som snarast innom fredagsbøna i moskeen.
            Kl. 13:30 - medan Mehmet er der - vert moskeen omringa av væpna politi: Ein ny pistol i serien er funnen utanfor, og politiet vil kroppsvisitere alle før dei slepp ut. Mehmet vert lagt merke til av di han stressar og har så dårleg tid - tilskodarar trur han må vere terrorist og ropar slik at Politiet legg han i bakken. Bibliotekaren  Eva Trotto Moe  reagerar sterkt. I den oppheita situasjonen vert ho også lagt i bakken.
            Kl. 14 vert Eva teken med til avhøyr. Det vert snart tydeleg at etterforskaren, Mark S. Mekhar, mistenker henne for å være den anonyme bloggaren "Passasjer 81", som har skrive både om Malin Meyer, Angelique Fuglesang og pistolen ved moskeen før hendingane. 
            Ti minutt seinare - rett etter at minnestunda er ferdig - får Linda melding frå Ingrid sin mobil. Der melder Kent Karlsen at han har tatt Ingrid. Linda slår alarm.Politiet tar saka alvorleg, og etterlyser Kent Karlsen og Ingrid.
            Kl 14:30 kjem Mehmet endeleg til bydelshuset der minnestunda har vore. Han finn Olave Mario de la Polvora der, og utan spørsmål vert han med på forfylginga av Kent Karlsen, etter instruksjonane via telefon frå Faduumo. Endeleg hugsar Mehmet på å fortelje at Linda har fått nytt telefonnummer. Etter det tek det ikkje mange minutt før Linda, etterforskaren Irene Guri Andersen Halvorsen - og Mekhar står ved henne og ser prikken på kartet. Politifolka tek bortføringa svært alvorleg, og sender også ein bil etter Kent Kalrsen. 
           Kl. 15 samlar mange av tilskodarane frå hendinga ved moskeen seg på puben "Korridoren". Mellom dei er mange av dei oppsagde frå Tekstilen. Ivor Iveland - bloggaren "Teuton" - er ivrig etter å fortelje sin teori om at regjeringa og politiet har selt byen til muslimane, at det fins våpenlager i alle moskear og at det no er starta ein krig.
            I avsnitt 47 får me høyre om at Reinhardt Skjetne fann ein fjerde pistol på torget i 15-tida. Han tok det som eit teikn frå Gud om at tida no var inne til å starte krigen mot dei som vil utslette europearane.
           Kl. 15:15 set venninna Sheila Hasina også med å organisere ein ekspedisjon for å hente ut Ingrid. Faduumo har for sikkerheits skyld delt informasjonen om kor Karlsen har køyrt med henne. Sheila fortel ikkje nokon at ho visste kor Ingrid var, men tok til å samle folk gjennom Facebookgruppa "Finn Ingrid".
           Kl. 16:00 publiserer den anonyme bloggaren Passasjer 81 ein ny blogg der han skriv at det var han som hadde lagt ein pistolen ved moskeen. Han skreiv og at han ladde lagt ein pistol ved fontena på Kulturtorget.
           Kl. 16:30 gir politijuristen ordre om at politiet sine bilar på veg til Ingrid skal snu. Karlsen sin advokat har krevd at det såkalla status quo-prinsippet i barnefordelingssaker skal gjelde.Det betyr at politiet skal halde seg passive og ikkje gripe inn før ei sosial nemnd har teke ei avgjerd, Irene Guri Andersen Halvorsen trassar ordren, tek ein politibil og reiser etter Ingrid saman med Linda  På vegen får dei melding om at Mehmet og Olave har funne staden der ein mann og eit barn har gått ut av ein bil. Berre ein mann har kome ut att frå skogen.....
           Kl. 16:45 er Karlsen komen attende til Sentrumsforeininga. Saman med kommunikasjonsrådgjevaren og Karina Burane startar dei førebuingane av eit nytt, spontant folkemåte på Torget. Han avslører at Faduumo har kunna spora han, og slår henne truleg til ho svimar av.Dei to andre kvinnene let overser det
           Kl 17:15 kjem Mehmet og Olave fram til ein forfallen gard i skogen. Ei eldre kvinne skyt etter dei - det viser seg at det er mora til Kent Karlsen som har fått beskjed om å vakte Ingrid. Dei får Ingrid fri utan at nokon vert skadde - men då dei kjem ned til bilen, er lufta tappa av alle dekk. Og brått står dei i eit lyshav.
:          Kl 17:40 kokar det i sosiale media. I Facebookgruppa "Finn Ingrid" er Kent Karlsen utpeika som barnekidnappar, på sida "Rein By" er han ein helt som går i spissen for å forsvare byen. Då Kent får høyre at Ingrid har blitt henta ut av to utlendingar, startar Kommunikasjonsrådgjevaren startar ei tredje side - "Nei til bortføring av born" - og inviterer deltakarane frå begge dei to andre.
           Kl. 18:00 kjem Linda og Irene Guri Andersen Halvorsen fram til grenda der bøndene har omringa Ingrid, Mehmet og Olave. Irene klarar å løyse opp situasjonen, og snart etter er dei alle fem på veg heimover. Omtrent på same tid er Kent Karlsen gjest i det direkte radioprogrammet til Rudolf Steiner. Der fortel han at ei muslimsk terrorgruppe har bortført dottera hans og at politiet berre ser på - ein tenestemann hjelper dei til og med. "Teuton" er svært aktiv med å attfortelje dette provet på at politiet har blitt kjøpt av muslimane, og at folk no må ordne opp sjølve: Han vil organisere ei vegsperring for å stogge muslimane på vegen inn att til byen.
           Kl 18:15 finn Eva Trotto Moe notatar i papirkorga der Reinhardt Skjetne har vore på biblioteket. Han har rekna ut kor mange skot han kan setje i "skodespelaren" og "professoren". Ho kjem i sterk tvil på om ho har noko med dette å gjere. Fyrst reiser ho heimover - men så snur ho og dreg attende til byen for å leite etter Mark S. Mekhar for å søke råd hos han.
           Kl 18:30 vert alle som er på puben henta ut på torget utanfor for å fylle opp på endå eit "spontant torgmøte" Her blir historia om muslimane som har bortført dottera til Kent Karlsen teke opp att, og mange vert svært opprørte av det, mange vil vere med å stanse dei. Eva går til Teateret - der ser ho at Skjetne forsøker å få billett. Ho får varsla dei tilsette på Teateret, og det vert leita etter Skjente mellom publikum då dei går inn i salen.
          Kl. 19:00 barkar dei to gruppene som har reist for å redde Ingrid saman: Sheila Hasina og dei andre i bussen som har vore organisert gjennom Facebookgruppa "Finn Ingrid" trur at de andre er på same lag som dei, medan Teuton og dei andre trur at alle damene på bussen - mange av dei er muslimar - er bortførarar. Det vert eit digert møljeslagsmål som sperrar vegen då Linda, Irene Guri, Ingrid og dei andre kjem.  Dei snur og tek ein annan veg. Dei blir samde om at Irene Guri skal dra til politihuset og sjekke situasjonen, medan dei andre skal vente på AS Reint & Rimeleg.
          Kl 20:00 kjem Reinhardt Skjetne til reimgjeringsbyrået. Han finn den hardt skadde Faduumo utanfor, og tolkar det slik at Gud vil han skal øve seg ved å skyte. Eva høyrer skotet og kjem springande til. Ho ropar åtvarande til Mehmet då han og dei andre kjem. Slik identifiserer ho han for Skjetne. Han skyt Mehmet med fire skot. Linda går til åtak på Skjetne - han skyt henne og. Også Olave forsøker å stoppe Skjetne - også han vert skoten.
           Ingrid skrik.

Avsnitt 55-57: Oppklaring?

            Reinhardt Skjetne vert arrestert kort etter massakren. Det fyrste avhøyret tyder på at han ikkje hadde noko å gjere med dei to fyrste drapa. 
            Etter tips frå Irene Guri Andersen Halvorsen i valdsavdelinga sjekkar Mekhar stefaren til Malin Meyer. Ein rekonstruksjon viser tydeleg at Arnt Helge kjenner stefaren att som mordaren. 















Dei 11 fyrste dagane har dette hendt: 

Avsnitt 1-8:
          I ein ikkje namngitt by ved ein elveos lever menneska i eit kvardagsmylder. To forteljarrøyster teiknar byen: "Eg"-personen  sit om lag eit år etter hendingane og skriv om dei i fortid. Passasjer 81 er ein anonym bloggar som fortel i notid om kvardagsmenneske i byen slik han (eller ho?) ser dei på  ein buss kvar morgon og ettermiddag.
          Onsdag i den fyrste veka fell botnen ut av økonomien i byen då den største arbeidsplassen – Tekstilkombinatet – går konkurs (avsnitt 6). Uro brer seg mellom dei som er direkte råka, men elles ser folk ut til å halde fram med liva sine som om ingenting særskilt hadde  hendt.
          Fredagen (avsnitt 8) vert heile byen vitne til at den populære radioreporteren Rudolf Steiner finn 13 år gamle Malin Meyer blødande på golvet i den verna verksemda "Cosy Lamps". Ho døyr for open mikrofon. Dei siste orda hennar var ".... har ikkje gjort...."  Det ligg ein pistol på bordet ved sida av henne.
          Den om lag 30 år gamle Linda Dahlin Loe reagerer svært sterkt på det ho høyrer på radioen. Ho har sjølv mista eit barn i ei valdshending, og ho har vore på flukt fra mannen som har truga med at han vil drepe henne og dottera Ingrid.  Saman med kollegaen  Faduumo Awale Samakab går Linda til drapsstaden. På vegen dit kjem det fram at Faduumo og har fått reaktivert traumatiske valdsminner. Dei to kvinnene knyter seg etter kvart nært til kvarandre. Trongen til å vite driv dei inn i eit slags privat etterforskingsarbeid. 

Avsnitt 9-13:
          Fram til avsnitt 8 ser det ut til at dei to forteljarane fortel om ting som ikkje hadde  noko med kvarandre å gjere. Men då Malin døydde, synte det seg snart at ho likna sterkt på karakteren "Lolita" som bloggaren tok til å skrive om  alt i avsnitt 3. Den morgonen då ho vart skoten, skreiv bloggaren at ho var "dødsdømd" og at Bakken skal opne seg og sluke Lolita rett framfor auga våre.”
          Me får berre høyre om ein person som les bloggane, det er bibliotekaren Eva Trotto Moe. Ho ser ikkje noko merkeleg i samantreffet, for  det er litteraturen som er viktig for henne. Ho tykkjer det er interessant når Passasjer 81 skriv om seg sjølv at han vil vere "ein som ser, ein som skjønar seg på folk, som betraktar dei, samlar informasjon om dei og testar dei utan at dei merkar det."   Kva som elles hender av trivialitet eller kriminalitet har ho ikkje noko med. 
          I avsnitt 12 går Passasjer 81 djupare inn i sin kunstfilosofi, medan avsnitt 13 handlar om Linda, Faduumo og Ingrid sine erfaringar med vald og valdsmenn. Dei diskuterer seg fram til at styrken til menn som meiner dei er i sin rett til å drepe er kombinasjonen av blendande styrke og emne til å vekke omsorgstrong og medkjensle. Dei tre kvinnene bestemmer seg for at det er farlegare å være redd og passiv enn modig og handlande. 

Avsnitt 14-18
          I avsnitt 14 vert Reinhardt Skjetne introdusert. Han er travelt opptatt med å studere ein gamal teori om at "Israels tapte stammar" er stamfedrane til dei kvite europearane, og at det såleis fins belegg i Bibelen for at nordeuropearane er Guds utvalde folk som har rett til å styre over andre. Teksten avslører at han kjem til å bli mordar. 
          Linda rømer frå arbeidet i Sentrumsforeininga då Kent Karlsen dukkar opp der. Det kjem fram at det er han som har truga henne. I avsnitt 15. søker ho nytt arbeid i reingjeringsverksemda AS Reint & rimeleg. Utanfor treff ho Mehmet Habini - som også er introdusert tidlegare av bloggaren Passasjer 81. I avsnitt 16 vert det klart at Kent Karlsen no veit om at Linda og Ingrid er komne attende til byen. 
          I avsnitt 17 handlar morgonbloggen om "Mama Harjet" og Mehmet Habini, medan "eg" fortel om Linda sitt fyrste møte med den psykisk utviklingshemma Arnt Helge, der det tydeleg kjem fram at han hugsar drapet på Malin Meyer og at han er god til å kjenne att andlet på bilete. Det er "berre" å finne eit bilete av mordaren - så vil Arnt Helge kunne avsløre han. Linda inviterer Mehmet til å drøfte saka med henne og Faduumo.
         I avsnitt 18 vert det heilt tydeleg at Linda er på den same bussen som Passasjer 81 fortel om, Politikaren "Elvis" og kommunikasjonsrådgjevaren "Lady Raud" diskuterer med "Alvarez" om mordet på Malin Meyer. Dei er sterkt usamde. Om kvelden kjem Faduumo og Mehmet. Ingrid har funne ut at den biologiske faren til Malin ikkje visste om henne. Dei lovar kvarandre å arbeide saman for å finne ut meir om drapet på Malin - og å drive han som drap Linda sin son ut av byen att. 

Avsnitt 19-22
          Om torsdagen – den 11. dagen i månaden – vert Angelique Fuglesang, ho som Passasjer 81 har skrive om og kalla ”Mama Harjet” funnen død på arbeidsplassen sin. Linda vert kalla inn til avhøyr der ho vert spurd om kvifor ho gjekk til Cosy Lamps då Malin Meyer var drepen, og kvifor ho etter det gjekk til AS Reint & Rimeleg kort før det nye drapet.  I morgonbloggen den same dagen skriv Passasjer 81: ”Eg veit jo kvifor Mama Harjet ikkje er her”….
           Om ettermiddagen er politikaren (som  Passasjer 81 kallar ”Elvis”) opprørt av di Riksmedia har spurd han om dei to drapa syner at byen er ekstra farleg. Han og partiet som styrer ser på Riksmedia si innblanding som eit åtak på byen. Saman med Sentrumsforeininga og Kent Karlsen set dei i verk førebuingar av eit "spontant folkemøte" som skal svare på dette åtaket. Dei ber Mehmet Habini om å tale der for å syne at også innvandrarar står saman med fleirtalet i byen. Linda vil gjere opptak av Mehmet sin tale - men brått kjem Kent Karlsen inn på henne bakfrå og kviskrar i øyret hennar at han veit kor ho bur, at ho ikkje skal få øydelegge meir for han og at han vil drepe henne om ikkje ho reiser vekk frå byen att. Linda publiserer opptaket på Facebook, og ber alle vener melde frå om dei ser han nærme seg henne. Mehmet får greie på at pistolane som vart brukte i dei to drapa var av same merke med serienummer etter kvarandre. 


Ti trådar        

             I avsnitt 24 analyserer forteljaren dei ti trådane som vert spunne saman til hovudforteljinga:
  • Kollapsen av Tekstilkombinatet med alt det som fylgde av den kan godt kallas den fyrste og mest grunnleggande forteljinga. 
  • Mordsaka er den andre. Eller mordsakene i fleirtal. På dette tidspunktet – om morgonen den tolvte dagen - så hadde det alt vore to uvanleg brutale og uforståelege drap i  byen her. Det skulle bli fleire og, før alt la seg til ro att.
  • Dette bloggprosjektet til han – eller ho – som kalla seg Passasjer 81 er ei tredje forteljing. Mange tolka bloggen frå måndag den åttande som ei erklæring om at dei var eit kunstprosjekt: ”Så får tida avgjere om eg skal ende i ein ukjend soldat si grav eller om heile verda skal synge mine songar.”
  • Den fjerde er eigentleg best fortalt nettopp i bloggane, i alle fall viss karakteren ”Alvarez” i bloggane er identisk med han som i røynda heiter Olave Mario de la Polvora.  Det er den mest naturleg menneskelege forteljinga og slik sett den viktigaste.
  • Den femte er forteljinga om Linda Dahlin Loe og dottera Ingrid og deira frigjering frå redsla som Kent Karlsen hadde planta i dei, 
  • Den sjette forteljinga  er den som analyserer valden frå folk som meiner dei er i sin rett til å drepe. 
  • Den sjuande er forteljinga om Eva Trotto Moe, litteraturen og livet.
  • Dei tre siste forteljingane er abstrakte eller metafysiske på det viset at dei handlar om tolkingar av røynda. 
    • Det er Kent Karlsen si forteljing om ”krefter” i hovudstaden og andre byar som hadde gått saman til eit slags åtak på  byen her 
    • Så er det knippet av endå meir dramatiske forteljingar om åtak frå jødane, den bosniske mafiaen, muslimske fundamentalistar og endå meir abstrakte ”degenererte folkeslag”. Ivor Iveland stod for ein variant av desse, Reinhardt Skjetne for ein annan. 
    • Forteljinga om det hemmelege samarbeidet mellom politiet og slike løynde krefter stod i kommentarfelta under media sin kappestrid om skarpe spørsmål og avsløringar av handlingslamming.

Persongalleriet:
          Der er eit stort persongalleri. For å lette på oversynet har eg laga undersider med sitat frå introduseringa av dei ulike karakterane. I PC/Mac og IPad-versjonane finn du peikarar i margen til høgre. Den fell bort i mobilversjonen, difor tek eg dei opp att her (inaktive peikarar viser til karakterar som enno ikkje er introduserte):

Forteljaren - ein betraktar

Passasjer 81 - anonym bloggar

Eva Trotto Moe - bibliotekar

Kent Karlsen - forretningsmann

Rudolf Steiner - journalist

Linda Dahlin Loe - kontorassistent

Faadumo Awale Samakab - kontorass.

Espen Loe - bror til Linda

Ivor Iveland - verktøyforvaltar / bloggar

Irene Guri Andersen Halvorsen - litteraturvitar og politi

Malin Meyer - skuleelev

Ingrid Dahlin Loe - skuleelev

Reinhardt Skjetne - privatforskar / bloggar

Mehmet Habini - reingjeringsarbeidar

Angelique Fuglesang - forretningsdrivande


Margrethe Obstaclevic - skuleelev

Sheila Hasina - kontorassistent

Noreen - farmasøyt

Liana - musikar

Olave Mario de la Polvora - morsmålslærar

Carmen - reingjeringsarbeidar, kona til Olave


Nye avsnitt måndag,  onsdag og fredag.  





Tilbakemeldingar: 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar