onsdag 9. oktober 2013

57: Den frie og modige

(Samandrag dag 12)      (Samandrag heile Del 1)
Du er arrestert, sikta for drapet på Malin Meyer, sa Mark S. Mekhar. Detaljane får me ta etter kvart. No vil eg berre vete ein ting: Kor fekk du pistolen?
Det var ikkje meininga, sa stefaren.
Sjølvsagt ikkje. Du skulle berre forsvare deg. Men kor kom pistolen frå?
Eg veit ikkje.
Du veit vel kor du fekk tak i han?
Han låg på søppeldunken. Eg skulle berre vise henne …
Kva for ein søppeldunk?
Heime – vår eigen dunk. Ved døra. Ho sa stygge ting.
Okei. Så tok du han og tenkte at du berre skulle vise at du var viktig.
Ho elska meg!
In your dreams! sa Mark S. Mekhar. To andre politifolk kom fram, ein frå siderommet og ein frå eit skap. Båe hadde kamera og mikrofonar. Ta han med, eg vil ha oppklart det siste drapet òg før kvelden, sa Mekhar.
Farleg mann – fengsel! ropte Arnt Helge.
Mekhar ringde til bustyreleiaren på AS Reint & Rimeleg. Det hadde ikkje gått opp for han at den nye leiinga i byrået også var skotne. Han kjende berre til ein einaste av dei tilsette, og det var libanesaren Gabir, han som brukte å låse opp om morgonen, han som hadde funne Angelique Fuglesang. Mekhar henta òg inn teknikaren som hadde hatt ansvar for åstadsgranskinga og han assistenten som var endå meir uttrykkslaus enn han sjølv. På rein intuisjon ringde han òg til Eva Trotto Moe.
Korleis har du det? spurde han.
Rastlaust. Det er som eg skulle ha koffeinsjokk. Eg får ikkje sove, eg får ikkje ro. Eg trur det er bra at eg er aleine her, eg hadde gnåla hol i hovudet på den eller dei som måtte ha vore her!
Kan du hjelpe oss med ein rekonstruksjon?
Ja, sa Eva Trotto Moe.
Seinare sa ho til meg at det gjekk opp for henne i den same augneblinken  at ho hadde endra seg. Eit døger tidlegare hadde ho aldri sagt det. No gjekk ho rett til yttergangen og tok på seg og køyrde attende til AS Reint & Rimeleg.
Men det var ikkje hendingane kvelden før Mark S. Mekhar ville rekonstruere. Det var kva som hende med Angelique Fuglesang.
I dette forsøket er du fru Fuglesang, sa Mekhar. Du er 55 år, du lever aleine, du har ei bitter grunnhaldning til livet. Du stolar ikkje på nokon rundt deg, du ser ned på dei, du trur at alle som nærmar seg, har fiendtlege planar.
Du snakkar som ein regissør!
Blink. Eg skal setje opp eit manus med svært uklare sceneinstruksjonar. Dei har nok vore klare for manusforfattaren – men han har gjeve stor fridom for utøvarane. Okei! Scene 1: Fuglesang sit ved bord, fiende med pistol kjem inn.
Orsak, sa Gabir. Ho brukte alltid å låse når ho sat ved skrivebordet
Opptak to. Mann med pistol bankar på låst dør, sa Mekhar.
Orsak, kamera står ikkje på, sa Gabir. Ho brukte å sjå på monitoren før ho opna døra med fjernstyrt lås.
Hadde ho tv-overvaking? sa Mekhar overraska. Han snudde seg til han som hadde leia åstadsgranskinga og spurde: Såg de noko på filmane?
Dette var eg ikkje klar over, sa han usikkert.
Sa du det ikkje til dei? sa Mekhar til Gabir.
Dei sa at eg ikkje måtte forstyrre, sa Gabir.
Det må eg seie! Her har du verkeleg skåra poeng, sa Mekhar til åstadsgranskaren som var vorten sprutraud i andletet.
Gabir sette på monitor og videospelar. Utstyret hadde vore avslått sidan den dagen fru Fuglesang vart skoten, han meinte nokon måtte ha trekt ut kontakten for å få straum til noko anna. Han spola bakover, dei såg politiet som kom, dei såg Gabir kom, dei såg ei natt, dei såg tilsette som kom ein etter ein og slapp bilnøklar inn gjennom brevsprekka i døra, dei såg ingenting, dei såg fru Fuglesang hente og sortere post og røykje, fru Fuglesang hente noko i bil og røykje, fru Fuglesang berre stå i døra og røykje og fru Fuglesang gå ut på plassen, snu seg og sjå opp på taket og røykje (måkereir, forklarte Gabir), dei såg tilsette gå ut i bilane og køyre, dei såg tilsette kome inn for å hente utstyr, dei såg Gabir låse opp, dei såg natt.
Nok, sa Mekhar. Det kom ikkje nokon mann med pistol.
Men – korleis kan det ha hendt då? sa åstadsgranskaren.
Posten, sa Mekhar. Såg du ikkje pakka ho bar på? Det er berre tre dagar sidan – pakka er kanskje her enno?
Det stod ein papirdunk i utstyrshallen, rett utanfor døra til kontoret. Under eit lag med mislukka utskrifter låg ei lita pappeske med treull inni.
Mekhar opna veska si utan eit ord, pakka ut pistolen som var funnen saman med liket, la han ned i pappeska, pakka treull rundt og lukka loket. Åstadsgranskaren var tydeleg ulukkeleg.
Opptak tre, sa Mekhar, fru Fuglesang hentar post. Han gjekk ut og la pakka med pistolen og nokre andre papir i postkassa som stod i eit stativ ved innkjøringa til parkeringsplassen og ropte:
Fru Moe? Ver så god!
Eva smilte og freiste tenkje seg korleis «Mama Harjet» ville ha gått. Ho tok opp innhaldet i postkassa og gjekk attende medan ho sorterte slik ho hadde sett Fuglesang gjere på videoen. Det var naturleg å opne pakka til sist. Ho gjekk inn døra, la posten på bordet.
Låg det post på bordet? spurde Mekhar.
Bordet var ganske ryddig. Ingen tomme konvoluttar.
Altså må ho ha opna posten og pakka ut pistolen, teke eska og dei andre konvoluttane og gått til søppeldunken med dei. Ver så god, Eva.
Eva spelte vidare, opna pakka, såg forundra på pistolen, la han på bordet, samla det som skulle i dunken, gjekk og kasta det der. Snudde attende til kontoret.
Orsak – ho brukte å låse døra, sa Gabir ein gong til. Eva låste, gjekk attende til bordet, tok opp pistolen, tok til å undersøke han. Snudde og vende på han, forsøkte å opne magasinet, fomla med sikringa, sikta mot vindauget.
Han er vel ikkje ladd? sa ho.
Tenkte du på det fyrst no? sa Mekhar.
Eh – ja? sa ho.
Vurderte du dette? sa Mekhar til åstadsgranskaren. Denne beit seg i leppa og rista på hovudet.
Okei – opptak fire. Lat oss seie at medan du fomla med pistolen, så gjekk han av. Kor vart ho treft?
I magen.
Kva retning hadde skotet?
Oppover, sa åstadsgranskaren så lågt at han mest kviskra. Alle kunne sjå at Eva umedviten sat med pistolen i fanget og laupet peikande oppover mot sin eigen mage.
Ja vel. Eva: Du har fått eit skot i magen. Det har vore eit kraftig rykk i deg, men det har ikkje begynt å gjere vondt. Du skjønar at skotet har gått av, og at du blør kraftig. Ver så god!
Eva smilte, såg ned på magen sin, såg på pistolen, såg rundt seg, fekk auge på telefonen og greip til den. Takk! sa Mekhar. Kor skal du ringje?
113 – ambulansen, sa Eva.
Ja vel. Kunne det vore nokon annan stad?
112 – politiet.
Fint. Eller?
Var det meg, kunne eg ha ringt mor mi.
Ja. Fann de ut kor ho hadde ringt?
Me var jo sikre på at det var eit mord …, sa åstadgranskaren.
Mekhar spurde Gabir: Kor trur du ho ville ha ringt?
Ikkje politi, sa Gabir. Ho ville vel helst ha ringt taxi.
Han sa kva for eit selskap ho hadde avtale med. Mekhar ringde dit og spurde om dei hadde opptak av innkomande telefonar frå sist onsdag. Det tok dei fem minutt å finne det, dei lova å ta vare på det – og spelte det av for Mekhar på høgtalande telefon.
Dei høyrde ein ringjetone, og så stemma til telefonvakta på drosjesentralen.
Hallo – Bytaxi?
Eg må ha ein bil til AS Reint & Rimeleg med ein gong. Eg blør.
Kor skal du hen?
Eg skal til legevakta, din idiot!
Kva sa du?
Fru Fuglesang stønna, stemma vart spakare: Kan du få farten opp?
Kalla du meg ein idiot?
Ja! Orsak! Eg skulle sagt ein TREIG idiot!
Sa du at du blør?
Ja! Det hastar! Stemma vart endå svakare.
Er det ikkje betre å ringje ein ambulanse?
Er du heilt udugeleg? Send ein bil!
Eg er ikkje udugeleg frue. Og eg er ikkje idiot. Og me vil ikkje ha spy og drit og blod i bilane våre. Ring 113. Adjø! Klikk.
Det vart heilt stilt i rommet.
Mekhar reiste seg og strekte armane over hovudet.
Det er vel på tide å ta helg, sa han
Stakkar fru Fuglesang, sa revisoren. Det var fyrste gong han sa noko.
Me får kan hende freiste 113 òg? sa åstadsgranskaren spakt.
Ja – det får du gjere. Dei tek og opp alle samtalar. Du får venteleg høyre dødsrallinga hennar – og ein kjekkas som seier at ho heller får ringje når ho er vorten edru.
Det vart stilt igjen. Då det var tydeleg at Mekhar hadde tenkt å gå, reiste alle seg.
Eg beklagar språket, sa Mekhar.
Eg … – det er vel på sin plass, sa åstadsgranskaren.
Kva no? Har me jobb? sa Gabir.
Kan du ta over? sa revisoren.
Men kor kom våpenet frå? sa Eva Trotto Moe.
Ja, sa Mekhar tungt. Kven hadde lagt ein ladd pistol i postkassa hennar? Men endå større er spørsmålet om kva paragraf i straffeloven det var brot på?
Og kvifor? sa Eva Trotto Moe.

Det veit me, sa Mark S. Mekhar. Alt dette hende av di det sit ein jævel der ute som ser, som skjønar seg på folk, som betraktar dei, samlar informasjon om dei og testar dei utan at dei merkar det. 

SLUTT - Del 1