Angelique Fuglesang (Mama Harjet)

Passasjer 81 introduserer "Mama Harjet" som ein av passasjerane i bussen. I avsnitt 3 - der han fortel om dei ulike reaksjonane han kan sjå då "Lolita" (Malin Meyer) kjem på bussen fyrste gong - fortel han dette om "Mama Harjet":
"Og der sit Mama Harjet og dreg i munnvikane og kjenner Rettferda sine Flammar inne i seg: Ho skulle hogd til med korte ord: Vask! Rydd! Vekk! På plass! Og verda skulle vore full av smale ungjenteryggar og nedslåtte auge og tunne røyster: Ja, Mama Harjet. Sjølvsagt Mama Harjet. Ja vel, Mama Harjet. Det  hadde ikkje vore anna enn rett og rimeleg. Ho skulle ha ordna opp."
I avsnitt 7 fortel han fyrst i morgonbloggen sin om korleis ho sikrar at ho får sitje aleine på det meste av turen til og frå byen: setet sitt gjennom. I ettermiddagsbloggen fortel han at han har møtt henne:
"Eg gjekk innom der i dag. Mama Harjet stod på troppa utanfor den grøne døra og røykte. Eg sa God dag. Ho saug på sigaretten, trekte inn eit langt drag, bles ut at medan ho studerte meg og så sa ho: God dag.   Du brukar vere på bussen. Ja, sa eg – eg kjende deg att frå bussen. Jaha, sa ho. Ja, sa eg.Eg snudde meg og stod ved sida av henne og såg ut over den tome parkeringsplassen. Ingen av oss sa noko. Så sa ho: Du arbeider ikkje du. Nei, sa eg. Er du sjuk eller galen? Sa ho. Nei, sa eg. Ånei, sa ho. Ikkje sjuk og ikkje galen. Kva er du då? Eg er kunstnar, sa eg. Ho sprakk så fort ut i lått at ho mista sigaretten og vart sur. Ho banna, fann ein ny og tende på. Ho banna ein gong til. Og så sa ho: Tryllekunstnar då, vel? 
I avsnitt 16 fortel "eg"-personen om korleis Linda kjem som arbeidssøkar til reingjeringsbyrået som har vaskinga av bustaden til den psykisk utviklingshemma Arnt Helge, han som truleg såg mordet på Malin Meyer. Det er no tydeleg at leiaren av reingjeringsbyrået er den same som "Mama Harjet".
"Ei kraftig dame sat med ryggen til og snakka i ein telefon.(.......)Ho la frå seg røyret, banna lågt, noterte noko i ei bok ho hadde framfor seg, snudde seg.Så? Kva er det du skal klage på?Linda lo. Er det berre det folk kjem hit for?Kvinna såg ut til å like det svaret. Ho smilte. Svarte folk kjem her for å få jobb, kvite kjem for å klage på jobben dei gjer, sa ho.Eg er ein av dei svarte, sa Linda.Å? Er du på jobbjakt? Du passar ikkje inn. Eg har ikkje råd til å hyre kvite.Eg har ein kjenning som arbeider for deg. Viss eg kan arbeide saman med henne, kan eg godt tenkje meg å freiste korleis det er. Eg kan antakeleg ta med meg lønstilskot frå Velferda.  Det betyr at du treng berre betale halve løna mi.Bondefangeri, sa kvinna. Slike tilskot gjeld berre til oppseiingsvernet slår inn. Så trekk dei det attende – og der sit eg med ubrukelege folk til dobbel pris.Okey. Takk for praten, sa Linda.Vent litt. Kven er denne kjenningen?"   

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar