Margrethe Obstaclevic

Ingrid si venninne Margrethe vert nemndt fyrste gong i avsnitt 10: 

Hos Linda og Ingrid var laurdagen minelagt med assosiasjonar til både Tekstilen og den døde jenta. Dei vaska huset ilag om laurdagsformiddagen. Ingrid gjekk framleis ikkje ut. Espen var ikkje å få tak i, dei ville ha invitert han til sundagsmiddag. Dei las avisene og snakka hektisk om ting som ikkje hadde med Tekstilen eller drapet å gjere.
Men kvar for seg las dei om drapet. Den same historia om ulukka gjekk att. I den eine avisa stod ein etterforskar sitert på at det ikkje hadde vore mogleg å få noko meiningsfylt ut av dei psykisk utviklingshemma. Politiet visste ikkje kven som hadde gjort det – og heller ikkje om han eller ho hadde oppfatta kva som hende. Tekniske spor var der ingen av – alle brukte jo hanskar.
Dei åt risgraut og planla sundagstur, og endeleg, i totida, kom ei venninne – Margrethe Obstaklevic - og spurde om Ingrid skulle ut ein tur. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar