fredag 19. juli 2013

22: Opptaket

(Samandrag avsnitt 1-21)
Linda hadde fått den store skjelven. Ho måtte på toalettet. Medan ho var der, kom ho på telefonen – ho hadde gløymt den på bordet. Den var vekk då ho kom attende og ho var viss på at nokon hadde stole den – kan hende Kent Karlsen  hadde ant uråd og kome attende. Men det var berre ryddejentene. Telefonen låg i kassa. Opptakaren stod framleis på.
Ho freista spele av opptaket. Det var frykteleg skuffande. Ho høyrde Mehmet mest som ein uforståeleg graut.
Folk flest hadde gått. Arrangørane heldt på å rydde. Skulestyrepolitikaren stod og lo saman med reporteren og Kent Karlsen. Dama som var kledd i raudt var der og. Og Mehmet! Medan Karina  og Faadumo rydda.
Ho tenkte på å gå bort dit, mest for å demonstrere at ho ikkje var redd han lenger. Men for det fyrste var det ikkje sant, for det andre kunne det passe svært godt at han ikkje visste at både Faadumo og Mehmet var nære vener. Og då ho slik hadde skaffa seg sjølv eit godt påskot, så stakk ho.
Ho rakk så vidt fyrste buss. Faadumo ringde då ho var halvvegs. Kan eg kome til deg?
Flott! Sa Linda. Ingrid har spurt etter deg i dag!
Faadumo kom med neste buss. Var han ikkje fantastisk! Sa ho.
Eg vart forstyrra – eg høyrde ikkje skikkeleg. Eg freista ta det opp, men det vart ikkje brukbart trur eg. Eg skal freiste å ta det over på PCen...
Han sa at me er alle menneske som arbeider og skapar saman, men at nokre gonger freistar det Vonde å ta makt over oss: Då brukar dei  fyrst redsle og kraft. Så brukar dei såre kjensler. Ver på vakt mot den kombinasjonen, sa han: Spør – kva er dei vil, kor vil dei hen?
Trur du folk forstår det då? Sa Linda, medan ho sette minnekortet i maskinen.
Linda! Du har så rare tankar! Kven er «folk»? Det finst ikkje noko som heiter «folk»! Nokon forstår – og nokon forstår ikkje. Ingen av dei – ikkje han politikaren, ikkje fjernsynsreporteren – og ikkje Kent Karlsen – forstod noko som helst. Eg trur det var nok for dei at han var innvandrar og hadde stått på same talarstol som han politikaren.
Spurde dei ikkje kva han meinte ein gong?
Dei sa at han hadde helde ein framifrå tale og at dei hadde høyrt at han var filosof og så lurte dei på korleis han likte seg i byen. Jo – det var veldig fint i byen, sa han, men frykteleg med dei drapa. Ja – veldig frykteleg, sa dei – og så sa dei til fjernsynsreporteren at det var dårleg gjort å mobbe byen og at no kunne han jo sjølv høyre kva dei såkalla marginaliserte gruppene meinte.
Linda lo. Ingrid og. Ho forstod vel ikkje alt Faadumo sa, men ho vart glad av perlehumøret  hennar.
Men var der nokon andre som forstod det då? Sa Linda.
Du og eg og alle som har kjent det Vonde! Sa Faadumo.
Det var vel ikkje så mange slike der?
Nei – men det kom jo på fjernsyn!
Heile talen hans?
Det var berre ei setning med Mehmet som kom på TV, sa Ingrid. Han sa at alle er menneske.
Kva??
Høyr no! Sa Linda.
Ho skrudde høgtalarvolumet opp. Dei høyrde ein fjern ljom, mest som eit ekko langt borte. I framgrunnen høyrde dei tallerkenklirr og skraping av knivar og gaflar frå kafeen. Dei kunne så vidt høyre setninga om at alle var menneske. Så høyrde dei røystene til dei to som åt middag:
Det står ein neger og held tale
Uh.
Har dei teke over talinga og no.
Uh.
Dette var godt. Men det var ikkje verd prisen. 
Uh.
Så kunne dei høyre svakt talaren seie noko om  sårbar og svak. Han spelar på kjenslene våre – og tek makt over oss slik!
Der kom eit pling frå kassaapparatet i kafeen og latteren til kassadama.
Nei – dette er ubrukeleg, sa Linda. Eg som hadde trudd at me kunne ha publisert det på nett.
Han har sikkert skrive det! Sa Faadumo. Me kan -
Ho vart avbroten  av klokkeklart lyd frå opptaket  – den låge, trugande stemma til Kent Karlsen:
Eg veit kor du bur!
Tru ikkje at du skal få øydelegge meir for meg!
Eg dreper deg om ikkje du held deg vekk!  Og du får skulda!
Kva var det?? Sa Ingrid.
Der høyrde du Kent Karlsen slik han verkeleg er! Sa Linda Dahlin Loe.
Sa han det til deg?
Han må ha sett at eg var der, og medan torgmøtet heldt på har han gått slik at han kom heilt usett på meg bakfrå. Eg kjende pusten hans i øyra før eg såg eller høyrde nokon ting.
Vart du redd?
Eg vart pisseredd! Igjen!
Sa han at han skulle drepe deg?
Det er slik som han seier når han trur at ingen andre høyrer. Det er slik han spreier redsle. Og ingen trur at det kan vere sant – for du høyrde korleis han snakka til kassadama rett etterpå! Ho spola litt attover og spelte om att:
Eg dreper deg om ikkje du held deg vekk!  Og du får skulda! (Steg) Hei Beauty! Er det greitt at eg legg nokre flygeblad her så folk kan ta? Ja – til deg og, sjølvsagt – det er meg ei ære, ver så god! (lått)
Kjem han til å drepe deg?
Nei – det trur eg ikkje, Ingrid. Det er han altfor feig til. Han freista då eg var svak og redd og motstandslaus – eg var ikkje ein gong i stand til å rømme. Men no er eg sterk. Eg har deg –  eg har Faadumo – eg  har vener. Og endå viktigare: Eg slår igjen!
Men han sa at han veit kor du bur.
Ja – det sa han. Og det sa han for at du og eg skal gå her og kjenne oss utrygge, kvar dag og kvar natt.
Er me det? Er det utrygt her?
Eg trur ikkje det – han vil berre at me skal kjenne oss utrygge.
Ingrid såg på Faadumo. Kva trur du?
Om de vil, kan de flytte til meg ei stund. Eller eg kan bu her med dykk?
Ja! Ropte Ingrid. Du kan bu her med oss!
Eg vil i alle høve ikkje rømme for Kent Karlsen meir. Sa Linda. Ikkje tale om! Han skal ikkje få styre mitt liv. Eg har rett til å bu kor eg vil. Og det har du og, Ingrid!
Er det farleg å ha modige mammaer, Faadumo?
Faadumo lo. Eg trur det er farlegare å vere redd, sa ho. Kan hende de kan spele opptaket for alle naboane og be dei vere på vakt? Sa ho.
Eg skal i alle fall gje ein kopi til politiet, sa Linda.
Me kan legge det på Facebook! Sa Ingrid.
Dei vaksne såg på henne.
Ja! Svara Ingrid seg sjølv. Me kan legge det på Facebook, og så kan med be alle folk  om å melde frå viss dei ser Kent Karlsen i nærleiken av huset vårt!
Kan me det? Sa Linda.
Veldig mange er på  Facebook, sa Faadumo.
Eg kan gjere det! Sa Ingrid.
Eg trur pinade du er eit geni! Sa Linda. Eg trur det er ein strålande idé! Det er jo akkurat slik Faadumo  sa: Veikskapen er at han ikkje står for noko, at han ikkje kan forsvare seg – kan han ikkje angripe, vert han lamma. Slike lågmælte åtak er noko av det mest effektive han har: Ingen hadde trudd meg om eg hadde fortalt dette -  hadde han hatt bruk for det, kunne han teke kassadama til vitne på at han var den hyggelegaste mannen i verda. Men opptaket gjer at heile verda kan få høyre korleis han verkelig er!
Ikkje ein gong Mehmet kan sei dette så klart som Kent Karlsen seier sjølv, sa Faadumo. Du har øydelagt alt for han – difor skal hen drepe deg. Såra kjensler – kraft og redsle.
Me tek det ein gong til, sa Linda:
Eg veit kor du bur!
Tru ikkje at du skal få øydelegge meir for meg!
Eg dreper deg om ikkje du held deg vekk!  Og du får skulda!
(Steg – lyd lenger borte) Hei Beauty! Er det greitt at eg legg nokre flygeblad her så folk kan ta? Ja – til deg og, sjølvsagt – det er meg ei ære, ver så god! (lått)
Dei lo, alle tre. Dette var for godt til å vere sant. Ingrid og Linda sette seg til for å klippe lydopptaket slik at berre sekvensen med Kent Karlsen var ståande att. Dei småkrangla litt om kven som skulle legge det ut til dei kom på at dei kunne jo gjere det begge to. Dei vart samde om at dei i fyrste omgang ikkje skulle skrive kven det var.
Linda skreiv: Kjære vener -  i dag vart eg truga på livet att. Men denne gongen klarte eg å gjere opptak av trugsmålet. Spel det av – del det med andre – hjelp meg med å melde frå om denne mannen nærmar seg huset mitt!
Ingrid kopierte opptaket over på sin maskin og skreiv: Mannen på dette opptaket seier han skal drepe mamma og at han veit kor me bur. Hjelp oss å melde frå om han nærmar seg! 
Det var blitt seint. Ingrid maste om at Faadumo måtte overnatte. Ho var ikkje redd for at dei skulle vere aleine, sa ho – ho hadde berre så lyst. Faadumo kunne få hennar rom, så kunne ho sove med mor si. Dei var i skapet og fann fram tøy som Faadumo kunne låne neste dag, og til sist vart det slik.  Dei sat på kjøkkenet i pyjamas alle tre og hadde ennå ikkje fått ro til å legge seg då Mehmet ringte.
Eg lengtar heim til fredelege Bagdad! Sa han.
Du heldt ein så framifrå tale! Sa Linda.
Takk!
Men berre ei setning kom på fjernsynet!
Ja – det høyrde eg. Og eg har ikkje møtt nokon som forstod kva eg snakka om. Sjølv om eg har møtt ganske mange i kveld!
Og så fortalte han at han hadde lete seg overtale til å bli med skulestyrepolitikaren, rådgjevaren hans og Kent Karlsen på kafé etter torgmøtet. Politikaren hadde vore veldig ivrig på at han skulle melde seg inn i partiet hans. Dei hadde bruk for innvandrarar. Og no var det viktigare enn nokon gong å mobilisere breitt.
Eg veit ikkje om dei trur det sjølve, men dei snakkar veldig mykje om ein stor konspirasjon mot byen her, sa han. Eg får ikkje heilt tak i kva dei meiner er årsaka eller føremålet med den – for meg høyrest det mest ut som vonbrot over at dei sjølve ikkje har fått større rikspolitisk karriere. Men dei er ganske opptekne av det – og den mest engasjerte er Kent Karlsen. Han seier dei må førebu seg på harde tak – at dette som han kallar åtak frå riksmedia berre var byrjinga.
Eg høyrde ein tale i dag av ein mann som beskreiv dette ganske godt! Sa Linda.
Å?
Av og til freistar Vondskapen å ta styringa, siterte ho.  Nokre gonger står han fram som sårbar og svak. Han spelar på kjenslene våre – og tek makt over oss slik! Andre gonger gjer han det med  å spreie redsle – med å få oss til å tru at han er kraftfull. Blandinga av ein stor konspirasjon utanfrå og lokale leiarar som er budde på harde åtak minner sterkt om slike blandingar som denne talaren åtvara mot....
Åja – ja: Det høyrest ut som sitat frå ein stor filosof!
Linda fortalde om trugsmålet ho hadde fått medan Mehmet stod på talarstolen, om opptaket og om spreiinga på Facebook.
Det er mindre enn ein time sidan – og opptaket er alt spreidd vidare åtte gonger.
På meg høyrest dette ut som at vi kan notere 2-1! Sa Mehmet. Men det var faktisk ikkje dette eg ringte for. Eg fekk greie på noko interessant av fjernsynsreporteren. Han sa at pistolen som Malin Meyer vart skoten med og pistolen som Fru Fuglesang vart skoten ikkje berre var av same slag – dei hadde serienummer etter kvarandre! Og mordaren hadde lagt etter seg pistolen på bordet begge stader.
Jøss – det tyder jo på at det er same mann?
Eller same dame!
Ja – nei, forresten – det er ein mann.
Korleis veit du det?
Pang – pang – farleg mann! Sa Linda .Arnt Helge – han utviklingshemma mannen som kan ha sett kven som skaut Malin Meyer, han snakkar heilt konsekvent om ein farleg mann.
Det var til god hjelp! Då er det jo talet på mistenkjelege personar redusert til det halve!
God natt, Mehmet – takk for i dag! Eg skal helse frå Ingrid og Faadumo – dei sit her i pysj båe to!
Det høyrest triveleg ut. Hels attende – god natt god natt!
Det er urettferdig! Sa Ingrid.
Kva då?
Eg får ingen plass å sove når Mehmet og flyttar inn!
Gå og legg deg, frekke jente!













blogglisten_b75d7ef1e515e0ef9d8110560b70776f
Bloggurat