fredag 26. juli 2013

25: Dag 12 - kl 08:30 - Nettkamp

            (Samandrag 1-24)
            Det var fredag, den 12 dagen i forteljinga, den dagen som enda så grusomt. Klokka var 08:30.
Dei siste åra før alt dette hende, hadde det sjiktet av folk i byen her som snakka for alle, endra seg ganske radikalt. I alle år hadde dei ærverdige – dei lærde, dei tradisjonstunge og dei fortente – hatt den posisjonen heilt naturleg. Men no hadde dei vellukka teke over. Dei var yngre, dei kunne kunsten å skape stemning, dei var betre seljarar. Det var då dette sjiktet samla seg til seminar om bygging av omdøme at Kent Karlsen gjorde sitt strålande comeback til byen.
Der var nok folk der som var skeptiske til han – som hadde sett sider ved han som dei ikkje likte, eller som hadde høyrt om slikt frå andre. Men vondord, aktløyse og fordomar kunne ein jo høyre om alle, så det hadde lite vekt i  mot kjenslene som vart vekte av den forteljinga han vant fram med på seminaret på måndagen. Det er ikkje godt å seie om det beviste fingerspitzgefühl og analytiske evner hos han eller om det var rein flaks. I alle høve trefte han eit omgrep som akkurat då var heitt i sjiktet av vellukka: ”Klassereise”.
I hans eiga forteljing var han den forfylgde som alltid vart mobba, som alltid stod aleine og som alltid måtte vere i forsvarsposisjon. Far hans – og bestefaren – var pionerar i attvinningsindustrien. Gründerar og pionerar må ofte kjempe i motvind – det fekk han lære seg frå han var knøttliten.  Men bestefaren sa  at ein dag vil dei nok skjøne at ressursane på jorda må attvinnast. Og no kunne alle sjå kven som hadde rett!
Sjølv var han etla til meir enn skjerebrennar  og blygryte. Han hadde oppdrifta i seg – trass i all motstand. Han fekk ikkje dei karakterar han hadde fortent, han fekk ikkje det arbeidet han var kvalifisert for, han fekk ikkje dei låna han måtte ha. Alle var mot han! Og som om ikkje det var nok, så hadde han og vore utsett for eit feministisk spel. I god tru hadde han gått inn i noko som han trudde var kjærleik, og då denne kvinna vart  gravid med hans eige barn var han verdas lukkelegaste mann.  Men då ho hadde fått det ho ville ha, var ikkje denne dama interessert i han lenger. Han hadde trygla og bede om å få snakke med henne, men ho hadde nekta og køyrt villmann for å komme frå han. Det var så gale at han hadde lagt seg bak - langt bak -  av di han vart uroleg. Og slik hadde han  sett henne køyre utfor vegen på ein aude strekning der det elles sjeldan kom andre bilar. Då han kom ned til vraket, såg han  at guten var død. Han trudde fyrst at ho og var død, for ho var veldig forslått. Så viste det seg at ho levde, og saman med andre som kom til hadde han klart  å få henne til sjukehus og berge livet hennar. Til takk hadde  ho skulda han for ulukka! Retten hadde naturleg nok ikkje gitt henne  medhald i det – men ho hadde klart å få retten til å tru på at han hadde rista henne då han såg at ho levde. Han kunne nok ha klemt henne litt  hardt – han vart jo så glad for at ho enno levde. For det hadde han altså fått eitt heilt år i fengsel. Slik var det han vart takka for redning!
Vel – han hadde jo som nemnd oppdrifta i seg. I staden for å gå i kjellaren hadde han nytta høvet i fengselet til å få seg dei lærdomane som skulane og arbeidslivet hadde nekta han. Han hadde lært seg datateknologiane frå botnen av. Då han slapp ut, drog  han til ein annan by. Han rekna med at heime hadde vondorda gått om han et heilt år utan at han kunne ta til motmæle – det ville vere nyttelaust å freiste ein ny start der. Han fekk vise kva han dugde til andre stader der fordomane ikkje fylgde han. Så – ja vel – historia elles kunne dei lese i børsjournalane, alle dei som  måtte vere interesserte. Han hadde bygd opp ei suksessverksemd. Diverre hadde finanskrisa sett ein stoppar for akkurat den, men han visste no at han hadde gjort alle fordomar, alle vondord og all aktløyse til skamme. Han hadde gjort klassereisa – og kunne dra heim att!
Han fortalte jo ikkje alt dette på seminaret om omdømebygging. Men han fortalte nok til å gjere folk nysgjerrige. Dei stod i ring rundt han og maste om å få høyre meir etter at han hadde vore på talarstolen og fortalt litt om korleis han sjølv hadde snudd omdømet sitt frå det verst tenkjelege utgangspunktet til suksess. Etter pausen hadde han vore den som formulerte klarast den forteljinga som dei alle kunne samlast om – forteljinga om den store samansverjinga mot denne byen. Den var ikkje lett å bevise – men alle som ville kunne sjå korleis krefter i hovudstaden og eit par andre byar rundt i landet hadde arbeidd systematisk for å bygge ned omdømet  og avgrense både dei offentlege løyvingane og dei private marknadene til folk og verksemder denne byen. Det var på tide å slå attende!
Seminardeltakarane hadde vorte oppglødde,  dei hadde spurt om ikkje han sjølv kunne ta eit ansvar i dette – for ein periode i det minste. På si side hadde han vorte sterkt rørt over at den byen som han kjende seg jaga frå for fem år sidan no ynskte han så varmt velkomen heim att. Han ville ofre seg til takk. Han ville la sine eigne forretningsplanar ligge for ein periode, for å ta ei økt i Sentrumsforeininga. På rekordtid var det halde ekstraordinær generalforsamling  og Kent Karlsen vart  ny leiar i hundre prosent stilling.
Frå då tok ting til å hende fort. Med ein gong det vart offentleg at han var attende, spratt dei gamle motstandarane hans opp som padder overalt. Han var jo dataekspert – derfor hadde han mellom anna godt oversyn  over kva som florerte i sosiale media. Baktalingar om «skraphandlarsonen» hadde teke til med det same. Ein skulle ikkje tru at folk ville nedlate seg til slikt i våre dagar – men kvar den som måtte vere interessert kunne berre gå og sjekke sjølv.
Så kom Riksmedia med desse tarvelege påstandane om djupe sosiale spenningar i denne byen. Det sat tett av gamle slagsbrør der, med sår og spenningar i seg sjølve som dei no fekk høve til å lage om til journalistikk.  Dei hadde nok ikkje rekna med at svaret skulle kome så kontant – at alt same kveld som påstandane vart lansert så vart dei og vist attende av eit spontant folkemøte.  Utspelet som skulle sverte denne byen var på det viset blitt snudd til ein demonstrasjon av samhald. Ikkje berre mellom byen sine eigne folk – innvandrarane støtta og opp! Og ingen stader hadde vel dei utviklingshemma det så godt som her!
Morgonen etter det spontane folkemøtet var ein god dag, både for Kent Karlsen og alle andre i det sjiktet som snakkar for alle.  Sjølv hadde han eit lett trykk for panna etter ein sein tur på byen med dei som hadde stått for den ungdomsretta kampanjen. Men det hadde vore så mykje gode ord om kvelden og så framifrå artiklar og bilete i avisa om morgonen at humøret hans var strålande.  Dette vart fanga opp og spreidd av Radioen der Rudolf Steiner hadde ein morgonreportasje om hjernen bak byrådet og Sentrumsforeininga si vellukka handsaming av det som mange opplevde som eit åtak på byen sitt gode namn og rykte.
Desto større vart fortvilinga hans då Karina  Burane kom inn, lukka døra attom seg og sa: Det går ei kampanje mot deg på Facebook. Ho søkte opp Linda Dahlin Loe sin profil. Der var jo ingenting å sjå på hans maskin, for han var jo ikkje på venelista hennar. Men då ho logga seg inn som seg sjølv, kom både meldinga og lista over 42 kommentarar opp.
Dei fleste kommentarane  var korte sympatierklæringar og oppmodingar om å melde frå til politiet. Ein tråd var ein diskusjon om kven denne mannen var. Ingen hadde skrive namnet hans rett fram - ikkje stod det «skraphandlarson» heller - men det stod referansar til den gamle saka og det tidlegare sambuarforholdet,. Ei dame lova å sende namnet på e-post til ei anna – og ein hadde referert til radiointervjuet om morgonen. Dei var elles atterhaldne med å identifisere tydeleg kven det var, men menge lova at dei skulle fylgje ekstra godt med på trafikken rundt Linda sitt hus og komme bort til henne om dei tykte det var noko uvanleg der. Ein skreiv at om noko skulle hende, ville jo alle vite kven det var. 
Kent Karlsen vart kvit av raseri medan han leste. Han såg at åtte Facebookvener så langt hadde delt lydsporet.
Når dei ikkje kan ta ballen, tek dei mannen! Sa han.
Vil du høyre lydsporet? Sa Karina .
Nei – det gidd eg ikkje, sa han. Jau, forresten – spel det!
Karina  spelte. Ho såg nøye på Kent Karlsen medan han høyrde på opptaket.
Eg veit kor du bur!
Tru ikkje at du skal få øydelegge meir for meg!
Eg dreper deg om ikkje du held deg vekk!  Og du får skulda!
(Steg  – lyd lenger borte) Hei Beauty! Er det greitt at eg legg nokre flygeblad her så folk kan ta? Ja – til deg og, sjølvsagt – det er meg ei ære, ver så god! (lått)
Inn i svartaste helvete – kor utspekulert går det an å bli! Sa Kent Karlsen. Han tok tastaturet og musa frå Karina , sette i gang ei nedlasting av lydsporet.
Det høyrdest ikkje fint ut? Sa ho.
Det er jo teke totalt ut av samanhengen!
Truga du henne?
Ikkje på ein plass! Dette er heilt meiningslaust!
Men du sa jo at du skulle drepe henne!
Nei – det gjorde eg ikkje!
Det høyrdest då slik ut?
Medan dei snakka sat han og arbeidde med mus og tastatur. Han hadde sett seg betre til rette framfor skjermen – og slik hadde han skuva henne bort så ho ikkje så godt kunne sjå kva han heldt på med.
Ho må ha hatt profesjonell hjelp til å klippe saman dette lydsporet. Til å ta det opp og, forresten – der var jo ikkje nokon opptakar der!
Så du snakka med henne?
Eg trefte henne då eg var rundt med løpesetlar under torgmøtet. Eg snakka kort med henne, ho bad meg kome på besøk – det var difor eg sa at eg visste kor ho bur.
Kva er det ho har øydelagt for deg?
Ho har jo øydelagt heile ryktet mitt! Ho fekk meg i fengsel eit heilt år! Og no ser du – ho  held fram i same sporet, sjølv om eg ikkje har gjort henne nokon ting!
Kva held du på med?
Eg rapporterar dette og sender krav om at Facebook skal fjerne lydsporet.
Men – du er jo logga inn som meg? Då ser det ut som at det er eg som....
Eg skal logge ut frå din konto. Eg loggar på som meg sjølv-
Sa du at du skulle drepe henne?
Nei – er du forstyrra? Kvifor skulle eg seie det? Ho har fått hjelp til å klippe det saman. Det er mektige krefter me strir mot, Karina ! Dei er totalt utan skruplar!
Dette kan bli eit stort problem for oss.
Eg trur ikkje det. No skal me få stoppe dette. Eg noterte meg kven som hadde delt lydsporet. Dei vil nok og bli fjerna.
Du kan vel ikkje gå inn og fjerne slikt som andre har lagt ut?
Eg kan ikkje – men eg kjenner dei som kan.  Lydsporet og kommentarane er nok vekk før det har gått ein time. Det same er Facebookprofilen til Linda Dahlin Loe. Heldigvis er der rester av rettstryggleik her i landet.
Om  lydopptaket er falsk – bør du ikkje gå til politiet med det då?
Det kan sanneleg godt hende. Men om me kan få stoppa det i starten, så er det kan hende ikkje naudsynt. Du veit – går me til politiet kjem det i media. Det kan vere betre at me tek oss av dette sjølve.
Me? Dette er då ikkje ei sak for meg?
Dette er ein del av samansverjinga mot byen her! Dei som står bak, ser jo at dei no har fått ein handlekraftig motstandar. Me  må rekne slikte utspel som dette – og me må handsame dei så elegant me kan. Med må knekke dei hardt og nådelaust – og samstundes må med vere flinkare enn dei til å ha ein mjuk offentleg profil og eit godt omdøme.
Eg likar ikkje dette.
Me må kort sagt ha to tankar i hovudet på ein gong. Og det kan ikkje eg, veit du! Eg er jo mann - her er det du som må trø til!
Mjaa...
Eg er så glad for at det er du og eg som er på team her, Karina ! Der er så mange som ville lete seg manipulere. Du er fast som ein mur.
Dei heldt på slik ei stund til. Karina  vart i betre humør – det kunne nok vere ho hadde vore litt ukritisk til dei påstandane som Linda hadde sett fram. Det var jo viktig å sjå dei i samanheng med det store bilete av hendingane dei siste dagane. Ganske fort fekk dei respons frå Facebook og. Fyrst fekk Kent Karlsen  tilbakemelding om at lydopptaket han hevda  opphavsretten til var blokkert medan dei undersøkte saka. Så kom det melding om at fleire hadde klaga på Linda Dahlin Loe sitt bruk av Facebook og at dei difor hadde  stengt heile profilen hennar inntil vidare.
Denne sigeren snudde føremiddagen attende til den vellukka dagen den hadde starta som. Dei to fremste leiarane av Sentrumsforeininga og Prosjekt Eit levande sentrum arbeidde seg fram til ei sams oppfatning av kva som hende rundt dei. Slik fekk dei att handlekrafta.
Karina  Burane si livsforteljing likna ikkje Kent Karlsen si på eit einaste punkt. Likevel var der resonansbotnar i henne for mykje av det han sa.  Ho hadde vakse opp i ein velståande politikarheim. Ho hadde vore medlem i Partiet sine  barne- og ungdomsorganisasjonar sidan ho var 10 år gammal. Men ho høyrde til ein generasjon som ikkje hadde peiling på kor partia kom frå og kva som skilde dei frå kvarandre. Ho hadde mykje erfaring med spelet – med å analysere motstandarane sine  planar og vekslande alliansar for å  utvikle argument og utspel som slo beina under dei helst før dei vart sette ut i livet. Vekslinga mellom offentleg tale og forhandlingar bak stengde dører kunne ho alt om,  og ho visste kva som gjaldt og ikkje gjaldt: Resultat var det same som fleirtal. Alle dei orda ein brukte undervegs – rettferd, fridom, solidaritet, framsteg – var ord som til sjuande og sist berre kunne vekslast om i ein valuta, og det var fleirtal eller mindretal.

Det høvde såleis godt med hennar vanetenking at det store bilete synte ei samansverjing og at detaljbiletet av Linda Dahlin Loe og lydopptaket synte eit utspekulert døme på såkalla buskagitasjon frå motstanderane si side.