mandag 29. juli 2013

26: Dag 12 - kl 09:02 - Motmakt

            (Samandrag 1-25)
            Det var fredag, den 12 dagen i forteljinga, den dagen som enda så grusomt. Klokka var 09:02.
Faadumo si rolle i Prosjekt Eit levande sentrum hadde endra seg radikalt med det same Kent Karlsen kom inn som leiar. Både han og Karina  var svært aktive, og sjølv om ikkje dei alltid fekk gjort så mykje – som denne føremiddagen der dei sat og snakka medan timane flaug - så var dei så travle at dei  vel helst gløymde Faadumo. Av og til kom dei på henne, opna glasdøra og spurde om ho kunne lage kaffi eller hente utklippsboka eller  posten. Dei tok henne ikkje med i diskusjonar og spurde henne ikkje til råds.
Denne morgonen tok ho til med å oppdatere utklippsboka. Det var mykje å samle. Alle lokalavisene hadde oppslag om torgmøtet. Sidan det var dei to morda som var bakgrunnen, tok ho med det avisene skreiv om dei og. Og sidan det såg ut til at ho hadde god tid las ho grundig artikkelen om våpna som var brukt: Same slag pistol – med serienummer like etter kvarandre.
Då alt det trykte var samla, gjekk ho på nett. Avisene hadde stort sett kortversjonar av sine eigne papirartiklar. På Facebooksidene til Sentrumsforeininga hadde ingen kommentert noko. Ho fann ikkje spor etter det store, folkelege engasjementet på byrådet sine sider heller. Så nytta ho høvet til å søke  opp Linda si side som snarast, for å sjå korleis tråden om opptaket utvikla seg.
Den var ikkje der. Ho søkte – men fekk berre opp ei lettkledd kvinne i Indonesia med eit liknande namn. Det gjekk kaldt ned etter ryggen på henne – ho søkte opp ei av dei som ho visste hadde delt lydopptaket. Det var vekk der og.
Faadumo var ikkje svært erfaren med Facebook, og gjekk ikkje i noko miljø som snakka mykje om personvern og opphavsrett og kontrollmetodar i sosiale media. Så korleis dette hadde hendt visste ho ikkje, ho viste berre at det var farleg. Trugsmålet som hadde vore meint å isolere Linda i ei boble av redsle som ingen andre skulle forstå eller tru på, det var ikkje lenger ufarleggjort gjennom å verte spreidd. Fjerninga av opptaket og slettinga av Linda sin profil var ein demonstrasjon av ei slags usynleg makt som gjorde trugsmålet endå verre.
Ho gjekk til Ingrid si side. Den var på plass – og der låg opptaket! Ingrid hadde kalla lydsporet «Mammablirtruga» - ho hadde tydelegvis gitt det eit namn ho kunne hugse då ho kopierte det over til sin maskin. Linda hadde berre brukt det meiningslause namnet som maskinen sjølv hadde gitt filen. Faadumo forstod intuitivt at det var alle kopiane som hadde hatt same namn som filen på Linda sin profil  som var sletta.  Ho lasta ned opptaket på Ingrid sin profil  og gav det namnet «Lindablirtruga» - og så  publiserte ho det på sin eigen profil saman med denne teksten:
Åtvaring: Linda Dahlin Loe har blitt truga på livet av ein mann som sa han visste kor ho budde. Ho fekk gjort opptak av trugsmålet og la det ut på Facebook. Ho bad om hjelp  om denne mannen skulle nærme seg huset hennar. MEN I DAG ER BÅDE LYDOPPTAKET OG HEILE LINDA SIN PROFIL BORTE.  Eg legg opptaket ut att her, og oppmodar ALLE om å gjere det same – MEN: Last det ned og gje det nytt namn fyrst, slik at ikkje alle kopiar kan fjernast så enkelt!
Ho hadde ikkje så mange vener, og mange av dei budde ikkje i byen,  hennar næraste var spreidde over heile verda. Men der var nokre lokale, og i beste høve ville dei fylgje oppmodinga.
Langt om lenge kom Karina  ut.
Den er tøffare enn eg hadde trudd, denne samansverjinga! Sa ho.
Linda sin profil har blitt sletta! Sa Faadumo lågt. Opptaket er borte på alle andre sider!
Det var fint.
Fint???
Ja. Det går jo ikkje an å gjere slikt.
No forstår eg ingenting – det er jo den einaste forsikringa ho har?
Det spørs om ikkje vår kjære Linda har latt seg bruke av folk som vil sverte dei som står opp for byen vår!
Meiner du – Faadumo peikte med hovudet mot Kent Karlsen. Han hadde fått ein telefon bak glasveggen sin, og sat og snakka høgt og leande.
Det er jo han som vert råka, sa Karina . Han seier opptaket er falskt – veldig profesjonelt gjort, men falskt. Han er overtydd om at Linda har lete seg bruke av folk som set inn store ressursar på eit intrigespel mot byen. Buskagitasjon kallar me slikt her. Fins det buskagitasjon i Somalia?
Faadumo såg lenge på Karina . Ho opna munnen for å seie henne imot og fortelje at ho hadde lagt opptaket ut att – men tok seg i det. Det ville jo endå vere mogleg i fjerne hennar versjon og. Om ho  heldt  munn ville det ta tid før det vart oppdaga slik at andre kunne rekke å kopiere og legge ut på nytt. Så ho sa berre:  Så det er han sjølv som har fått stoppa det då?

Ja. Han – og eg.